|
|
Plan for symjeopplæring i Flora kommune |
|||
|
Innhald
§12 i forskrift til opplæringslova
|
Innleiing Etter
opninga av Havhesten i
november 2000, har elevane i Floraskulen eit mykje betre utgangspunkt enn
tidlegare for å få ei god symjeopplæring. I
L97 er symjeopplæringa ein del av planen for kroppsøving. Under
innleiinga for faget kroppsøving, om arbeidsmåtar, står det på side
264: «Ut frå eit livbergingssynspunkt har aktivitetar i naturen og spesielt
i vatn ei særstilling i skulen.» Fagplanen
for kroppsøving seier vidare kva som er mål på dei ulike trinna når
det gjeld symjeopplæringa. Dei
fyrste åra er leik, vasstilvenning, sangleikar sentralt. Elevane bør lære
seg å symje så tidleg som mogleg som ei «livsforsikring». Det er og
viktig å merke seg at L97 legg opp til at «elevane skal berge seg sjølve
i vatn» allereie i 3. eller 4. klasse.
Vidare oppover i klassetrinna er det mål om livberging og ulike
symjeartar. Måla
for dei ulike trinna har Flora kommune tatt utgangspunkt i under arbeidet
med å lage ein kommunal plan for symjeopplæringa. Planen
inneheld og ein idébank og øvingsutval, gjeldande lov, forskrift og
rundskriv om tryggleik under symjeopplæring og Havhesten sin
branninstruks, ordensreglar og redningsplanar. For
å kvalifisere lærarar og assistentar til å ha ansvar for tryggleiken
under symjeopplæringa har alle gjennomgått eit kurs med teori og
praktisk prøve. For å ha ansvar for tryggleiken må kvar einskild ta prøve
ein gong pr. år og få eit kompetansebevis signert av ein godkjend
instruktør. Kommunal
plan for symjeopplæring er laga av ei gruppe lærarar. I arbeidet med
plan og organisering, har gruppa hatt kontakt med, og fått fagleg støtte
frå Havhesten og Svømmegruppa i FSK. Deltakarar i gruppa har vore: Rune
Horgen, Truls Petter Kittang, Tor Solheim Olsen, Øyvind Østrem, Ragnar
Åmodt og Guri Langaas. Florø
27.11.2000
|
|||
|
|
||||
|
Last ned heile planen her: Plan for symjeopplæring |