|
Innhald
§12
i forskrift til opplæringslova
Rundskriv
F 30/92
med vedlegg
Ordensreglar
Havhesten
Branninstruks
Havhesten
Redningsplan
ved personskade
Mål
for småskuletrinnet
Mål
for mellomtrinnet
Mål
for ungdomstrinnet
Idébank
og øvelsesutval
Livberging
|
|
(Opplæringslova
§ 9-3)
§
12-1 Tryggleik for elevane
I tillegg til dei krav om førebygging av skade og ulykke som følgjer av
andre lover og forskrifter, deriblandt m.a. opplæringslova, dei delar av
arbeidsmiløjølova som er gjorde gjeldande for ulike opplæringssituasjonarog
forskrift om miljørettet helsevern i barnehagar og skoler m.v., gjeld
dette:
- Når
skolen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i
praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade og ulykke
kan skje.
- I
situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i
grunnskolen, skal det alltid vere ein tilsynsansvaleg, vaksen person
til stades. Dersom den gruppa skolen har ansvaret for, overstig 15,
skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt
gruppe på 15. Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og
dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må aukast ytterlegar når
omsynet til tryggleik gjer det nødvendig. For vidaregåande skole
gjeld her berre det generelle kravet om tryggleik, slik det er
formulert i bokstav a.
Merknader
frå departementet
Kapitlet fører vidare delar av tidlegare forskrift 17. november1989
nr. 1184 for grunnskolen § 2-3, men reglane er nye for vidaregåande opplæring.I
kapitlet er det gitt ei generell innleiing som viser til anna regelverk
som er aktuelt. Reglane synleggjer det gjeldande ansvaret for kommunane og
fylkeskommunane.
|