Forord 

Samandrag 


Bakgrunn
- bystyret er oppdragsgivar
-
forstudie
-
forprosjekt

Flora- samfunnet
- kommunen si rolle i lokalsamfunnet
- Flora har eit godt utgangspunkt
- spesielle utfordringar

Flora kommune sitt tenestetilbod
- utgangspunkt
- langsiktige mål og strategiar
- felles utfordringar i teneste- produksjon
-oppvekstområdet
-omsorgsområdet

Den kommunale organisasjonen
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- fellesutfordringar
-
Utfordringar og tiltak
- organisasjonen
- tenestetorg
- styring
- administrasjon

Kommunal økonomi
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- sentrale utfordringar
- hovudgrep
- økonomisk oversikt

Gjennomføring

 

4.0 Kommunal økonomi

Utgangspunkt

I forstudien vart det økonomiske omstillingsbehovet for Flora kommune sett til 20 mill. kroner dvs. at tilhøvet mellom inntekter og utgifter må betrast (resultatforbedring) med 20 mill. kroner innan økonomiplanperioden dvs. innan utgangen av 2004.

Etter ein nærare gjennomgang av delprosjekt 1 Økonomisk omstillingsplan, har ein funne grunn til å auke omstillingsbehovet noko:

For nærare grunngjeving av dei elementa som er kome i tillegg viser ein til delrapporten.  Ein legg derfor til grunn eit økonomisk omstillingsbehov på 22,25 mill. kroner innan utgangen av økonomiplanperioden 2001-2004.

 

Langsiktige mål og strategiar

-           Flora kommune vil leggje til grunn eit langsiktig perspektiv i si økonomi- og ressursforvaltning dvs. at kommunen sine verdiar må ivaretakast gjennom løpande vedlikehald

-           Flora kommune vil ta sikte på å skaffe avsetningar gjennom drifta og     realiseringar slik at framtidige investeringar kan gjerast med ein kombinasjon av låneopptak og eigne midlar. Minst 1/3 av investeringane skal dekkast gjennom eigne midlar

-           For å unngå årvise variasjonar i tenestetilbudet som følgje av endringar i            kommunen sine inntekter, vil kommunen budsjettere i økonomplanperioden med minimum 3 % netto driftsresultat

Sentrale utfordringar for den kommunale økonomien framover

Det er tre hovudutfordringar i den kommunale økonomien framover:

  1.  Kapitalkostnadene må ned dvs.  nye investeringar som krev låneopptak må avgrensast samtidig som ein må forsøke å realisere verdiar for å auke nedbetalinga av gjelda

  2.  Kommunen sine driftsutgifter må ned i høve til dagens nivå (hovudfokus i dette prosjektet)

  3. Kommunen må  sette auka fokus på produktivitetsutvikling dvs. meir tenester pr. innsatt krone

Hovudgrep for å gjenvinne langsiktig økonomisk handlefridom

1.                  Effektivisering gjennom ny organisering av stabs- og støttefunksjonar, reduksjon i talet på leiarnivå og større bruk av delegasjon og innkjøp

2.                  Bruk av moderne verktøy for kommunikasjon og systematisk gjennomgang av rutinar

3.                  Endring i tenesteproduksjon, slik som utnytting av stordriftsfordelar for skuletilbodet og endra samansetning av tenestetilbodet får omsrogssida

4.                  Endring av kapitaltilhøve, det være seg gjennom synleggjering av realverdiar, reduksjon av planlagde  låneopptak o.l.

5.                  Endring av ansvar - høgare terskel for utbetaling av tilskott og ytingar

Økonomisk oversikt

Tabellen tar høgde for 10 % innsparing på omsorgssida, 5% innsparing på skulesektoren, 3 mill  avsetting til realkapital og 2 mill til personalutvikling - slik det var føresett i forprosjektet

5.0       Gjennomføring

Rådmannen vil legge fram sak til bystyret i desember 2000 som omhandlar gjennomføringsfasen av prosjektet.  Dette vil ein først kunne ta stilling til når bystyret har gjort vedtak om kva endringar og tiltak som skal iverksetjast.

Eigen plan for gjennomføringsfasen vil bli utarbeidd.