|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Flora-
samfunnet
Flora kommune sitt tenestetilbod
Den kommunale organisasjonen
Kommunal økonomi |
Særlege
utfordringar innanfor omsorgsområdet
I
delprosjekt 4 vart generelle mål for dei kommunale omsorgstenestene
skissert - mål som kan
vere vanskeleg å oppfylle samtidig. Etter prosjektgruppa si oppfatning
er dette dei viktigaste dilemmaene.
Med
ein svak auke i talet eldre og ein klar auke i behovet for heimetenester
til funksjonshemma, vert det ei spesielt stor utfordring i ein periode
med vanskeleg kommuneøkonomi, å tilpasse tenestene kvalitetsmessig og
i omfang. Prosjektgruppa har lagt til grunn at kommunen må prioritere
at alle med nødvendige omsorgsbehov, får hjelp innanfor dei rammene økonomien
i kommunen tillet. Det kan bety at tenestetilbodet kan måtte endrast
monaleg både i form og innhald i høve til i dag
Dei
tradisjonelle institusjonsmodellane der brukaren mottek eit totaltilbod
til ei kvar tid, har vore oppfatta slik at dei tek vare på verdien tryggleik og mindre av
verdien valfridom, medan for heimetenestene er det omvendt. Utviklinga
dei seinare åra har gjort at desse tiltakstypane har nærma seg
kvarandre i måten omsorgstenestene blir gitt på. Prosjektgruppa
har lagt til grunn at framtidas brukarar i sterkare grad enn i dag vil
legge vekt på valfridom, og at dette må få konsekvensar for
utbyggingsmønsteret Prosjektgruppa har med dette som bakgrunn formulert nokre hovudretningar eller strategiar for den vidare utvikling, slik mandatet for gruppa krev. Eit viktig vegval er kva for funksjonar som institusjonane bør dekke i framtida. Gruppa vil peike på den utvikling som er på gang i retning av å skilje butilbodet og behandlingstilbodet mest mogleg, noko som vil bety at alle langvarige butilbod blir sett på som bustad - og ikkje som institusjon. Med stadig fleire brukarar med store behov vil det, innanfor den økonomiske ramma prosjektgruppa har fått i mandatet, ikkje vere mogeleg å dekke omsorgsbehovet til ein like stor del av brukargruppene innanfor institusjonstenesta. Det betyr at institusjonsomsorga i første rekke må vere reservert for personar som ikkje kan få nødvendig omsorgsteneste utan at dette blir kombinert med eit butilbod Det betyr at institusjonane bør dekke følgjande funksjonar: 1.
Plassar for personar med demenssjukdomar med behov for heildøgns
pleie- og omsorg 2.
Korttidsplassar og dagplassar for medisinsk rehabilitering og
avlasting for pårørande. Dette inkluderer også terminal pleie. 3.
Langtidsplassar for eldre med omfattande fysisk funksjonshemming Dei praktiske konsekvensane av desse vurderingane har prosjektgruppa oppsummert i tiltaka nedanfor. Rekkjefølgja er ikkje uttrykk for prioritering eller viktigheit Tiltak: 1. Monaleg omlegging i bruken av Flora aldersheim dersom det mest radikale alternativet for reduksjon i rammene skal realiserast 2. Utbygging av omsorgsbustader for alle grupper, med høve til differensiering etter behov 3. Prioritering av differensierte tiltak for demente 4. Omlegging i bruken av Flora sjukeheim 5. Styrking av dagtilbodet til demente 6. Nye bugrupper for psykisk utviklingshemma 7. Betre ressursbruk i butiltaka for dei psykisk utviklingshemma 8. Ei vesentleg styrking av heimetenestene 9. Vidare utvikling av tilboda til personar med psykiske lidingar slik handlingsplanen for psykiatrien legg opp til. Andre
tiltak: 1.
Utvikling av kvaliteten på tenestene 2.
Rekruttering av nøkkelpersonale det er mangel på i landet 3. Meir effektiv organisering av tenestene 10 % reduksjon i nettoutgiftene til omsorgsområdet
ALTERNATIV
1
I dette alternativet er institusjonskapasiteten flg. Flora sjukeheim 50 plassar Flora omsorgssenter 16 plassar Allhuset Eikefjord 8 plassar Dagplassar
35
plassar Sum institusjonsplassar 109 plassar
Dette alternativet har dessutan flg. endringar i høve til dagens drift: 1. Flora omsorgssenter vert nytta til dagsenter, eit senter for demens med m.a. 16 institusjonsplassar (8+8) og til senter for heimetenestene i Florø 2. All dagsenterdrift med unntak for Allhuset i Eikefjord er flytta til Flora omsorgssenter 3. Heimetenestene er styrkja med 14-16 årsverk etter omstillingsperioden (4,2 mill. kr.) 4. Det er føresett at kommunen sin andel av ombygginga av Flora aldersheim i dette alternativet vil bli 8 mill. kr. Av tidsmessige årsaker har det ikkje vore mogeleg for gruppa å få fram ei konkret bygningsmessig vurdering. Det kan bety at ein ikkje kan utelukke at gode alternative løysingar kan etablerast i eksisterande bygning. 5. Drifta av dagsenteret vert styrkja med ei stilling i tillegg til ressursar som vert overført frå Flora sjukeheim ( kr. 300000,-). 6. Ny bugruppe for brukarar med behov for hjelp på institusjonsnivå på 8 plassar i Eikefjord. Meirutgiftene for drift av desse plassane for arbeidslaget i Allhuset er kalkulert til 1,45 mill. kr. ved full drift.
I dette alternativet er institusjonskapasiteten flg
ALTERNATIV 3 (10%
reduksjon i 2004)
I dette alternativet er institusjonskapasiteten flg.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
ALTERNATIV 4 (2,5 % reduksjon i 2004)
I tillegg er eit femte alternativ utgreidd. Dette byggjer på ei ordning med 126 institusjonsplassar
I dette alternativet er institusjonskapasiteten i 2004 flg.
Dette
alternativet har dessutan flg. endringar i høve til dagens drift: -
Flora omsorgssenter vert frå 2003 nytta til dagsenter, 41
sjukeheimsplassar. Av desse er det føresett 20-21 plassar for demente. I
tillegg kommer base for heimetenestene. -
Heimetenestene er styrkja med 8-9 årsverk etter
omstillingsperioden (2,4 mill. kr. i 2004) -
Det er føresett at kommunen sin andel av ombygginga av Flora
aldersheim i dette alternativet vil bli 23
mill. kr. Det ikkje føresett endringar i
eksisterande bygning. -
Dagsenterdrifta vil i heile perioden bli som i i dag både
ressursmessig og i
talet på plassar. -
Tilbod til tiltak for funksjonshemma vert organisert i eiga
tenesteeining som gjev ei innsparing på 0,5 mill. kr. -
Tilbodet til funksjonshemma vert auka med 2,5 mill. kr. for å gje
eit tilbod til nye brukarar. -
Det er føresett at det bør bereknast omstillingskostnader på kr.
500 000,- i åra 2001-2003. - Styrking av Jacob Sandevei med 1,5 millionar kroner er vidareført for heile perioden 2001-2004 Konsekvensar for det totale tilbodet i samanlikning med dei andre alternativa frå prosjektgruppa:
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|