Forord 

Samandrag 


Bakgrunn
- bystyret er oppdragsgivar
-
forstudie
-
forprosjekt

Flora- samfunnet
- kommunen si rolle i lokalsamfunnet
- Flora har eit godt utgangspunkt
- spesielle utfordringar

Flora kommune sitt tenestetilbod
- utgangspunkt
- langsiktige mål og strategiar
- felles utfordringar i teneste- produksjon
-oppvekstområdet
-omsorgsområdet

Den kommunale organisasjonen
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- fellesutfordringar
-
Utfordringar og tiltak
- organisasjonen
- tenestetorg
- styring
- administrasjon

Kommunal økonomi
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- sentrale utfordringar
- hovudgrep
- økonomisk oversikt

Gjennomføring

 

2.0   Flora kommune sitt tenestetilbod

Utgangspunkt 

Flora kommune har eit svært allsidig tenestetilbud. I tillegg til dei tradisjonelle kommunale basisoppgåvene, er kommunen betydeleg engasjert i lokalsamfunn- og næringsutvikling samt forretningsdrift.

Tal frå forstudien syner at Flora på mest alle tenesteområde brukar meir pr. innbyggar enn tilsvarande kommunar.  Dette tyder på at det ressursmessige grunnlaget for ei god tenesteyting er tilstades. Ser vi derimot på ressursbruken pr. brukar av tenestene, finn vi at t.d. ressursbruken pr. skuleelev er mindre enn for samanliknbare kommunar.

Dei økonomiske rammevilkåra for Flora er likevel slik – som dei framkjem av dei kommunale inntektssystemet – at Flora berre rår over 94 kroner der gjennomsnittskommunen har 100 kroner. Det er derfor i Flora sin lodd å levere eit tenestetilbod som er vel 6 % meir kostnadseffektivt enn kommunar flest for å kunne ha det same tilbodet.

Langsiktige mål og strategiar

- Flora kommune skal framover fokusere på dei tenestene som berre kommunen kan stå som garantist for at innbyggarane får
- Dei kommunale tenestene skal definerast ved hjelp av tenesteerklæringar som skal kommuniserast til innbyggarane og brukarane
- Kommunen vil jamnleg be om brukarane sine synspunkt på om tenestene held det som kommunen har lova via tenesteerklæringane - og om det er behov for å gjere endringar i tenesteytinga
- Kommunen har ambisjon om å vere den mest kostnadseffektive leverandør at dei definerte tenestene. Klarar ikkje kommunen å vere det, skal andre leverandørar kunne sleppe til
- Kommunen tek sikte på eit pramatisk og forretningsmessig samspel med andre aktørar som ønskjer å tilby sine tenester innafor eller i grenselandet til dei kommunale basistenestene
Felles utfordringar i tenesteproduksjonen

Gjennom måla ovanfor er det trekt opp mål og strategiar framover som set store utfordringar til både folkevalde og tilsette. Dei folkevalde vil måtte ta den viktigast jobben ved å:
- Prioritere kva tenester som skal prioriterast når det ikkje er pengar til alt ein kan tenkje seg å gjere
- Sette nivå på tenesteytinga - både i kvalitet og volum
- Dei tilsette vil måtte anstrenge seg for:
- Å levere dei tenestene som dei folkevalde ønskjer så kostnadseffektivt at ingen kan gjere det betre
- Styrke dialogen med brukarane for å få meir tilbakemelding på korleis tenesteytinga blir opplevd


Særlege utfordringar innanfor oppvekstområdet

I forprosjektet har ei eiga gruppa sett på ein strategisk skuleplan med bakgrunn i ein venta elevtalsauke på meir enn 200 dei komande 7-8 åra samtidig som kommunen går inn i ein vanskeleg økonomisk periode.

Skulen

Dei store utfordringane som skulesektoren står overfor dei neste åra kan oppsummerast slik:
- Aukande elevtal fører til kapasitetsproblem for barneskulane i sentrum
- Elevtalet i distrikta går ned slik at driftsutgiftene pr. elev i desse områda aukar
- Ungdomssteget, der elevane kostar kommunen mest, får ein stor auke i elevtalet
- Talet på barn som treng spesialundervisning viser ein aukande tendens
- Dei økonomiske rammene går ikkje i hop dersom ein ikkje gjennomfører endringar i skulestrukturen eller omfordeler ressursane på andre måtar.

Barnehagane

Innafor barnehageområdet har det skjedd store endringar i rammevilkåra ved at 6-åringane har flytt over til skulen og kontantstønad til foreldre er innført. Samtidig har ein nasjonalt set opp som mål at alle som vil ha barnehageplass skal få det innan år 2004. Samla sett er Flora ikkje langt unna den nasjonale målsettinga med unntak av sentrumsområdet. Samtidig har kommunen høg foreldrebetaling og ein kostnadseffektiv drift av barnehagane som gjer at den kommunale andelen berre utgjør 8 % av dei samla driftsutgiftene.
Dei store utfordringane som barnehagane står overfor dei neste åra kan oppsummerast slik:
- Å prioritere innanfor disponible driftsrammer slik at kommunen kan ha eit best mogleg barnehagetilbod til flest mogleg barn.
- Oppretthalde eit fleksibelt barnehagetilbod i tråd med etterspørselen. 
- Oppretthalde kvaliteten i barnehagane innafor tronge driftsrammer.
- Etablere fleire barnehageplassar i sentrumsområda for å oppfylle den statlege målsettinga om full barnehagedekning (tilbod til alle som ønskjer det) innan år 2004.
- Oppretthalde barnehagetilbod i distrikta når det økonomiske driftsgrunnlaget er godt nok.


5 % reduksjon i nettoutgiftene til oppvekstområdet
I forprosjektet har ein sett på ulike økonomiske alternativ for skulane og barnehagane framover. På grunn at det totale økonomiske omstillingsbehovet (22,5 mill. kroner), er det alternativet med 5 % reduksjon i nettodriftsutgifter som framstår som det mest aktuelle. 
For å klare dette resultatet, må ein legge til grunn:

Barnehagane

1. Barnehagar som må tilførast ekstra personalressurs som følgje av lågt barnetal bør ikkje oppretthaldast.
2. I opptak av nye barn til barnehagane bør ein ta inn så mange barn som mogleg over 3 år.
3. Delte plassar er meir krevjande både praktisk og pedagogisk, og bør i den grad det er mogleg jamnast meir ut mellom barnehagane for å minske presset på dei barnehagane som i dag har flest delte plassar.
4. Eit barnehagetilbod for barn under 3 år er nødvendig for å imøtekome søkjarane sine behov og for at ein ikkje skal ha ledig kapasitet i barnehagane.
5. Med auka driftsbudsjett bør fleire barnehagar setjast i stand til å ta imot barn 0-5 år, slik at ein ikkje vert så låst i inntak av nye barn i barnehageåret. 
6. Med auka driftsbudsjett bør ein få til ein opprusting av utstyr, inventar og leikeområda i barnehagane.
7. Dersom driftsbudsjettet ikkje vert auka bør ein vurdere om auka foreldrebetaling for barn under 3 år kan finansiere tilrettelegging av barnehager til 0-5-barnehagar.

Fådelte skular i distrikta

1. Nedlegging av Årebrot skule, overføring av elevane til Krokane skule
2. Nedlegging av Stavang skule, overføring av elevane til Standal skule
3. Samanslåing av skulane Batalden og Rognaldsvåg (ein av skulane vert lagt ned)
4. Samanslåing av skulane Svanøy og Askrova (ein av skulane vert lagt ned)
5. Overføring av barnetrinnet (eventuelt mellomtrinnet) i Norddalsfjorden (Solheim) til sentrum (Brandsøy)
6. Nedlegging av Steinhovden skule og overføring av elevane til Eikefjord skule

Pkt 5 og 6 ovanfor er komne inn som alternativ avdi ei eventuell nedlegging av Årebrot skule vil utløyse samferdslekostnader som gjer innsparingseffekten minimal.



Barnetrinnet i sentrum 

1. Ressursane til barnetrinnet i sentrumsområda er knappe og kan ikkje reduserast.
2. Ved samordna opptak unngår Flora kommune store investeringar.
3. Samordna opptak vil på sikt gje meir jamnstore klassar, elevtalet pr klasse vert høgre.
4. Elevkull som kjem inn under samordna opptak bør få ressursar til to- lærarmodellen.
5. Store klassar som er i gang med skuleløpet sitt bør få to lærarar i fleire timar.
6. Gjennom samordna opptak bør klassetalet ved Florø barneskole reduserast for å frigjere rom til deling og gruppeundervisning.

Ungdomstrinnet

1. Ressursane til ungdomstrinnet er knappe og kan ikkje reduserast.
2. Nedlegging av ungdomstrinnet i Nordalsfjord er den einaste innsparinga som ikkje gjev redusert kvalitet på undervisninga. Flora ungdomsskule vil ha kapasitet til å ta imot desse elevane. Årleg innsparing kr 420.000,-
3. Normalundervisninga bør styrkjast slik kommunedelplanen legg opp til.
4. Dersom netto driftsramme vert auka seinare, bør innføring av auka klasseressursar skje raskare