Forord 

Samandrag 


Bakgrunn
- bystyret er oppdragsgivar
-
forstudie
-
forprosjekt

Flora- samfunnet
- kommunen si rolle i lokalsamfunnet
- Flora har eit godt utgangspunkt
- spesielle utfordringar

Flora kommune sitt tenestetilbod
- utgangspunkt
- langsiktige mål og strategiar
- felles utfordringar i teneste- produksjon
-oppvekstområdet
-omsorgsområdet

Den kommunale organisasjonen
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- fellesutfordringar
-
Utfordringar og tiltak
- organisasjonen
- tenestetorg
- styring
- administrasjon

Kommunal økonomi
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- sentrale utfordringar
- hovudgrep
- økonomisk oversikt

Gjennomføring

 

1.2   Florasamfunnet

Kommunen si rolle i lokalsamfunnet

 


Når ein skal drøfte omstilling i den kommunale organisasjon, må ein sjå på kva rolle kommunen har i lokalsamfunnet. 

 

I dagens kommune-Norge er fokus retta mot kommunen som tenesteleverandør (skule, omsorg osv.).  I tillegg har kommunen lokal forvaltning av ei rekkje lover og utøver i samband med dette mynde over innbyggarar, næringsliv og lokalsamfunn.  Vidare spelar ein god del kommunar ei aktiv rolle som tilretteleggar og utviklar av næringsliv og busetting.  Nokre kommunar driv i tillegg forretningsmessig verksemd.

I ei drøfting av den samla prioritering av den kommunale ressursbruken, er det grunn til å trekkje fram dette grunnleggande perspektivet:

1.       Kva er dei kommunale oppgåvene som kommunen løyse ?

2.       Kva er dei oppgåvene kommunen bør eller kan løyse ?

Ein del av den kommunale omstillinga blir ofte at kommunen må trekkje noko av ambisjonane sine på bør- og kan-områda attende for å konsentrere seg om å bli ein effektiv organisasjon innanfor må-oppgåvene.

Flora har eit godt utgangspunkt

 

Samla sett må ein seie at Florasamfunnet har eit godt utgangspunkt for dei neste 10-åra:

-           Kommunen har hatt jamn vekst i folketalet på heile 90-talet (1,3 % pr. år) noko som er teikn på eit attraktivt samfunn med gode tilbod og eit aktiv næringsliv

-           Kommunen er godt posisjonert i høve til to av samfunnet sine viktigaste vekstnæringar – offshore/olje og aquakultur/fisk

-           Samtidig har kommunen godt med verksemder både innan offentleg og privat tenesteyting

Spesielle utfordringar

 

Når det gjeld spesielle utfordringar for Florasamfunnet, vil ein også her trekkje fram tre forhold:

-           Å stabilisere kommunen sin økonomi slik at ein kan gi innbyggarane eit forutsigbart og kvalitativt godt tenestetilbud innafor kommunen sine     basistenester

-           Å gjere tilpassingar i kommunen sine tenestestruktur i takt med endringar i behov og folketal i kommunen sine grender og øyar

-           Å auke tilbodet at næringar og arbeidsplassar som gjer at godt utdanna ungdom finn utfordrande arbeidsplassar og ønskjer seg tilbake til Flora (kompetansenæringane)