Forord 

Samandrag 


Bakgrunn
- bystyret er oppdragsgivar
-
forstudie
-
forprosjekt

Flora- samfunnet
- kommunen si rolle i lokalsamfunnet
- Flora har eit godt utgangspunkt
- spesielle utfordringar

Flora kommune sitt tenestetilbod
- utgangspunkt
- langsiktige mål og strategiar
- felles utfordringar i teneste- produksjon
-oppvekstområdet
-omsorgsområdet

Den kommunale organisasjonen
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- fellesutfordringar
-
Utfordringar og tiltak
- organisasjonen
- tenestetorg
- styring
- administrasjon

Kommunal økonomi
- utgangspunktet
- langsiktige mål og strategiar
- sentrale utfordringar
- hovudgrep
- økonomisk oversikt

Gjennomføring

 

1.1 Bakgrunn

Bystyret er oppdragsgivar

I samband med budsjetthandsaminga for 2000 – i desember 1999 – ba Flora bystyre om at det vart sett i gang ein total gjennomgang av Flora kommune si verksemd og organisasjon.  Grunngjevinga var kommunen sin anstrengte økonomi og perspektiva for kommuneøkonomien vidare dei neste åra. 

Forstudie 

Ein forstudie vart gjennomført saman med konsulentfirmaet KPMG våren 2000. Denne konkluderte med:

-            Flora må få til ei resultatforbedring på 20 mill. kroner fram til og med 2003 for at kommunen kan seiast å vere i ein situasjon med langsiktig økonomisk

-            Forstudien foreslo 7 hovudgrep for å oppnå økonomisk handlefridom og modernisering av kommuneorganisasjonen:

1.    Utarbeiding av ein overordna økonomisk omstillingsplan

2.    Lage ein  ny og forenkla organisasjonsmodell med færre leiarnivå bygd på sjølvstendige tenesteeiningar

3.    Lage ein revidert strategi for omsorgstenestene tilpassa kommunen sine langsiktige økonomiske rammer

4.    Lage ein strategisk skuleplan for korleis kommunen skal møte framtidige behov innafor dei same økonomiske rammene

5.    Etablere eit fysisk servicetorg som skal fronte alle kommunen sine tenester mot innbyggarane

6.    Vidareutvikle kommunen sitt styringssystem og -prosessar til m.a. å integrere bruk av tenestebeskrivingar og regelmessige brukartilbakemeldingar

7.    Effektivisere dei internadministrative støttefunksjonane m.a. ved å ta i bruk ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi på ein offensiv måte

 

Forprosjekt 

I møte 11. april 2000 slutta bystyret seg  til desse tilrådingane og ein gjekk inn i ein forprosjektperiode for å konkretisere dei tilrådingane som blei valt. Kvar av dei 7 tilrådingane har vore utgreidd i kvart sitt delprosjekt. For kvart delprosjekt ligg det føre ein rapport som denne samlerapporten frå forprosjekteringa bygger på.

Utgreiingsprosjektet har hatt støtte av ei styringsgruppe av folkevalde, administrasjonen  og tillitsvalde som har sett til at dei ulike gruppene har svart på sitt mandat – likevel utan at den same styringsgruppa har hatt som mandat å slutte seg til eller godkjenne dei ulike tilrådingane som blir presentert i det etterfølgjande.