|
||
|
Flora-
samfunnet
Flora kommune sitt tenestetilbod
Den kommunale organisasjonen
Kommunal økonomi |
1.0
Samandrag
I dette høyringsdokumentet legg rådmannen ut til høyring mål, tiltak og konsekvensar av den omstillingsprosessen som Flora kommune er inne i. Arbeidet har sin bakgrunn i kommunen sitt økonomiske omstillingsbehov på vel 22 mill. kroner som må dekkast inn gjennom endringar i tenestetilbodet og ein meir effektiv organisasjon. 22 mill. utgjer om lag 5 % av kommunen sitt årlege totalbudsjett. For å førebu denne omstillinga har det vore utført utgreiingar innafor sju delprosjekt i samsvar med bystyret sitt vedtak frå april 2000. Denne samlerapporten bygger på desse delprosjekta. For dei som ønskjer å gå djupare ned i problemstillingane og alternativa enn kva dette dokumentet gjer, vil ein få delutgreiingane ved å vende seg til kommunen. Resultatforbedringa på 22 mill. kroner fordeler seg slik: - 7 mill. kroner – kapitaleffektivisering - 5 mill. kroner – auka effektivitet - 10 mill. kroner – endringar i tenestetilbodet Innbyggarane i Flora vil først og fremst merke omstillinga i form av omlegging av skulestrukturen og endringar i omsorgstenestene. Stavang, Solheim og Årebrot skular er føreset nedlagt saman med Batalden barnehage. Vidare må desse skulane slåast saman: Batalden/Rognaldsvåg, Svanøy/Askrova, Stavang/Standal. Ungdomstrinnet i Nordalsfjord blir flytta til sentrum. Instituisjonskapasiteten i omsorgstenesta blir avgrensa til 109 plassar i høve til 112 plassar i følgje vedtatt eldreomsorgsplan. Flora aldersheim blir omgjort til Flora omsorgssenter med vekt på heimtenester og dagdrift.. Heimtenestene blir styrka. Dei tilsette vil merke omstillinga på fleire måtar. Kommunen vil gå over til ein organisasjonsmodell med berre to leiarnivå – kommunenivået og tenestenivået. Etatsadministrasjonane forsvinn. Samtidig vil ein bygge ut moderne informasjonsteknologiske løysingar som skal sikre effektiv informasjonsflyt og rutinar i heile organisasjonen. Samtidig vil kommunen etablere eit sentralt servicetorg som skal kunne betene publikum med ei lang rekke tenester – også etterkvart på Internett med opningstid 24 timar – 7 dagar i veka. Tal tilsette vil gå ned med 30-50 personar som følgje av omstillinga. Dette vil skje gjennom naturleg avgang og omflyttingar internt i organisasjonen. |
|