|
||
|
Forord
Flora-
samfunnet Flora kommune sitt tenestetilbod
Den kommunale organisasjonen Kommunal økonomi |
Høyringsdokument Styringsgruppa 04.10.00
|
|
FORORD
Styringsgruppa
for OMSTILLING 2000 legg med dette fram høyringsdokumentet.
Dette betyr at prosjektorganisasjonen for omstillinga i Flora
kommune sine forslag til endringar i struktur og tenester vert sendt på høyring.
Nye Flora kommune vil bli ein betre kommune for innbyggjarane ved at det skal ytast betre og raskare service. Beslutningane skal takast nærare dei det gjeld og kommunen skal bli ein betre stad å arbeide. Ny informasjonsteknologi skal sikre publikum og tilsette god informasjon og kommunen vil i ny modell framstå som langt meir tilgjengeleg. Den økonomiske omstillinga vil gjere det mogleg å byggje opp reservar. Da kan vi oppnå større handlefridom og meir stabil drift - til beste for alle Styringsgruppa si oppgåve har vore å sjå etter at prosjektet leverer
ein rapport som er i samsvar med bystyret si bestilling og mandat.
Eit mandat som bl a seier at ein skal spare 20 millionar kroner i
drifta frå og med 2003. Rapporten
viser at dette er mogleg, men ikkje utan å legge ned skular i distrikta
eller la vere å byggje ut Aldersheimen etter gjeldande planar.
Som styringsgruppe har ein ikkje gått inn på ei prioritering av
dei ulike tiltaka. Avdi det
nettopp har vore styringsgruppa si oppgåve å sjå til at tiltaka vart
utgreidd. Når styringsgruppa
no har gjort sin jobb, vil det vere det politiske miljøet som vurderer
dei ulike framlegga i tida fram mot bystyret si handsaming 7 november
2000. Høyringsdokumentet
vert sendt dei politiske partia, arbeidstakarorganisasjonane, grendautvala,
Flora eldreråd , kommunale tenestestader og gjort tilgjengeleg på
internett;
-
www.floraskulen.com/omstilling.htm På
samme måte kan ein få utlevert dokumentet ved å rette seg til
ekspedisjonen på rådhuset.
Høyringsfristen er mandag 16
oktober 2000. Eventuelle
merknader må vere rådmannen i hende innan denne tid.
Merknader vert å sende: - Flora kommune, v/rådmannen, Strandgt 30, 6900 FLORØ Delprosjektrapportane som danner grunnlag for dette høyringsdokumentet kan ein få ved å rette seg til stadene som nemnd ovanfor. Delprosjektrapportane vert også lagt på ovannemnde webadresse. Med bakgrunn i denne rapporten og innkomne merknader vil rådmannen fremme sak til bystyret 7 november 2000. Florø 6
oktober 2000 Styringsgruppa |
||
|
|
||