|
Side 1 2 |
![]() |
|||
|
Interessant oppdaging på eit berg ned mot sjøen. Kva tydde teikningane i berget? |
Korleis
bevare teikningane frå forvitring?
O.S: Kva med framtidsplanane når det gjeld Ausevik? Eg høyrer det at det er forvitring i berget der, og figurane vert øydelagde. Kva gjer dykk, og kva kan gjerast for å bevare dette her for framtida? Ja, dei har vore mykje opptekne med korleis dei skulle bevare disse her teikningane frå forvitring. Det gjeld både her og i Vingen. Der borte og held det på å forvitrast. Det er no eit anna sort fjell der. Men det viser det at skjønt om det er samsteinar, nokså hardt fjell, så forvitrast den og. Her i Ausevik var dei no i fjor haust, og då tok dei prøvar med seg av berget. Dei hadde då mange forskjellige slags stoff som dei prøvde å impregnere berget med. Seinar skal dei komme tilbake og sjå resultatet. |
Men det har vore snakk om at vis dei
ikkje greier det på noko slags vis, dette der at dei stopper
forvitringa, sundfrysinga, så har dei tenkt å legge torv opp att på
alt saman. Men då er det ikkje lenger nokon som får sjå det igjen.
O.S: Når det gjelder kommande sommar, er det nokon spesielle planar som du veit om, noko spesielt som skal gjerast her i frå Museet i Bergen sin side? Nei, eg veit ikkje så nøye om dette der. Men eg veit berre det at dei har tekje prøvar og at det er arbeide i gong for å finne ein utveg, til å verne dei noko meir frå framtida enn no er. Om dette lukkast på nokon måte, kor langt dei har komme med det, det veit eg ikkje. Dei har ikkje vore her endå, så eg har ikkje fått snakka med dei. |
||
|
|
||||
| Kunnskap
og innsikt.
O.S: Når vi gjekk ned i stad og såg på feltet, då sa du at du trur at det på eit år kan være en 1000 menneske, kanskje, her. Nå lurar eg litt på, kven er det eigentleg som kjem til dette feltet for å sjå? Du nemnte jo skuleelevar, bl.a., men kven andre er det som gjerne er interessert i å komme og sjå her? Ja, største parten, når vi reknar med tall, så er det skuleelevar. Men i år har det vore folk i frå bygdene her omkring, på grunn av at no har det komme veg. Det kan vi rekne med at det blir noko mindre seinare, men her er stadig folk langt vekk i frå. Det har vore folk i frå nesten alle Europeiske land. Særleg då i frå Tyskland og Frankrike. Det er slike som er spesielt slike som er interessert i helleristningar, meir eller mindre fagfolk. Elles så er det nokså mange vanlege folk som har lyst til å lese om helleristningane og sett teikningar av dei. Men så vil dei gjerne sjå dei med sine egne auge og så kjem dei. I det siste, slik som i fjor, var det svært mange turistare som kom i frå Victoria Hotell, og i frå Sunnfjord Hotell i Førde. Men dei hadde vanskeleg for å komme fram, men det kjem seg no etter kvart. Noko som har vist seg no er at det har auka som ein straum frå disse turisthotella. |
Då er det gjerne utlendingar, folk
langt her i frå. Og her er dei i landet på tur og blir dei orienterte
om sjåverdighetar som er her, kanskje. På den måten får dei greie
på helleristningane her, til dømes, og så kjem dei. Svært mange
kjem, men eg har no ikkje oversikt over alle.
O.S: Har du inntrykk av at folk som kjem her har god greie på disse tinga frå før? Altså at dei har sett seg litt inn i kva helleristningar er, og kvifor det blei laga helleristningar? Ja, det er både og det. Her er nokon som er spesialistar, lærde folk på helleristningar og dei har godt greie på det. Men så er det mange som kallar dette runer, og dei har ikkje det minste greie på helleristningar. O.S: Og då er det du som må til for å kunne fortelje om det? Ja, du har mang ein tur ned på feltet i løpet av sommaren, tenkjer eg? Å ja, det blir mange det. Nå er det nå verst her om våren då vi har disse skuleklassane som kjem ned. Men eg går nå gjerne ned, når nokon ber meg, seinare og.
|
|||
|
|
||||
|
|
Hærverk
på verdifull kultur.
O.S: Eg les i avisene for ei tid sida om at det var gjort skade på helleristning felta rundt om i Noreg, og også her i Ausevika. Altså på den måten at det er uvedkommande som har skreve, eller rissa inn ting i lag med helleristningane. Har du noko å seie til det? Ja, dette her er noko som vi har sett like sidan folk begynte å komme her. Det er helst ungar som finn på å ta fatt i ein stein og bankar i berget for å bl.a. skrive namnet sitt eller teikne ein hjort kanskje. Det er svært mykje som vi kan kalle hærverk, som er gjort på den måten. Nå har Bergens Museum fått dette feltet her på vilkår av at dei setter opp eit skilt om åtvaring mot hærverk: At dei må passe på ungar at dei ikkje gjer nokon skade. Vi får håpe det at dette kjem seg. O.S: Det er vel slik at helleristningsfelt blir ganske redusert når slike ting foregår? Ja, når vi rundt og innimellom disse her 4000 år gamle teikningane ser det står skreve namn og adresse, gjerne telefon nummer til folk her omkring, så tek det ikkje seg bra ut. Det verker veldig skjemmande, lyt vi seie. O.S: Nå har du igjennom lange tider vore guide på dette feltet. Har du nokon spesielle hendingar eller ting, du hugsar godt, som du kan fortelje om i samband med disse åra du har vore omvisar her? |
Ja, det kan være vanskeleg å finne fram ei særs hending. Det har jo gått nokså vanleg for seg dei fleste åra her. Det er like sida 1932 nå, som eg har vist dei dette feltet. Eg trur eg kan seie det at det ser ut som at ungane i folkeskulen vert meir ustyrlege og har meir lyst til å gjere skade, no eller for 50 år sidan. Det var nokon frå ei bygd som gjorde mykje skade her i fjor. Eg tykte det var typisk lærarane som stod å såg på det. Dei orsaka disse her elevane med at det var slike ungar som var fødd i rekkehus. Eg veit ikkje kva eg skal leggje i det? Det var sagt det. O.S: Har du noko du vil seie eller fortelje til slutt om helleristningane? Nei, eg veit ikkje kva det skal være i grunn. Eg kan jo kanskje seie det at eg trur sikkert det at det er helleristningar som vi ikkje har funne her i Ytre Sunnfjord. Dei har nyleg funne no ein par helleristningar borti Brandsøya. Vis folk er interessert i det, og dei vil leite, så må dei fyrst og fremst være klar over at det må være finslipte berg dei må leite på. Vis at dei lyfter på torvar og får sjå at berget er glatt og fint, så kan det være sjanse for at det er helleristningar. Eg trur nok gjerne det at her i Sunnfjord, og omkring, så er det ei grense på ein 10-12 meter frå sjøen, som er dei beste sjansane for å finne nye helleristningar.
|
||