|
Korleis
oppstod namnet Svanøy?
To
gode vener.
Erikstad
Om
heidenskap og kristendom.
Steinkrossen,
eit minne frå Olav den heilage.
Gudshus
i omlag 500 år.
Svanøygården.
Kjempefurua.
Gruvedrift.
Fakta
om Svanøy.
|
|
Fakta om
Svanøy::
Svanøy ligg i Sunnfjord - vest for Førdefjorden, sør for Florø.
- Øya høyrer til bykommunen Flora.
- Flatevidda er omlag 11000 mål.
- Lengda omlag 5 km, breidda omlag 3 km.
- Øya har rik flora og fauna. Her er vokstrar som er sjeldne på vestlandet.
Av dyr kan nemnast hjort, orrfugl, tiur og røy, rugde, ørn og villmink.
- Jordfunn viser at her budde folk alt i steinalderen, over 2000 år
f.kr.
- Soga fortel at vikingkongen Eirik Blodøks vart
oppfostra på garden Erikstad.
- Svanøya sitt opphavelege namn var Bru. etterlemningar er
Brufjorden og Bruholmen.
- Bru kyrkje var i si tid annekskyrkje under den gamle hovudkyrkja på
Kinn.
- I dag finn vi eit stort steinkors kjent som
St.Olavs-korset - der Brukyrkja stod.
- Hans Nilsen Hauge kjøpte Svanøygarden i 1804 for venen sin,
Ole Torjussen, som no tok slektsnamnet Svanøe.
- Truleg er bygningane på hovudgarden blitt til i kammerråd
Hans Nagel si tid - han kom til Svanøy i 1750.
- Namnet Svanøy har sitt opphav frå 1660-talet då erke-biskopen av
København, Hans Svane, fekk Svanøya av Fredrik III.
- Tidlegare var det gruvedrift på Svanøya (svovelkis, koparkis), og på det meste var det 70 mann i arbeid her.
- Svanøy stiftelse vart oppretta 20.november 1972 - etter
ein avtale mellom direktør Christian Sommerfelt og
Kristoffer Svanøe.
- Restaurering av bygningane på hovudgarden, tilrette-legging av naturpark, forskning og forsøk innan jord-bruk og skogbruk, er viktigaste oppgåvene.
- På Slippholmen finn vi Svanøy båtbyggeri.
utanom dei fire store gardane - Svanø gård, Erikstad,
Solhaug og Kvalstad, er her 4 - 5 mindre bruk.
- Heimesida
til Svanøy.
|
|
|
|
Kjelder:
1.Carl 0. Gram Gjesdal: "Det synger på SvanØyna". Bergen, 1977.
2."SvanØy Stiftelset' - eit informasjonshefte.
3. Alhed Schou: "Svanøen i Søndfjord"
- Billeder fra gamle dage - Kristiania 1912.
4. "Hans Nilsen Hauge i Sunnfjord" - PTK - Førde 1978.
5. Th. Tviberg:Svanøy - Sunnfjords sagaøy. "Firda", Førde.
Tekst: Olav Solheim
Foto:
Olav Solheim
Heftet om Svanøya er tilrettelagt og trykt på Flora Pedagogiske Servicesentral.
Florø, oktober 1980.
Tilrettelagt
for Internett av Leiv-Arne
Øien, januar 2000
|