|
|
||||
|
|
||||
|
Korleis oppstod namnet Svanøy? Steinkrossen, eit minne frå Olav den heilage.
|
|
Kva med Svanøgården idag? Garden er framleis i familien Svanøe si eige, og blir driven av Ole Svanøe. Svanøgården er på 2500 dekar med inn- og utmark. Svanø Stiftelse har teke over dei gamle bygningane på garden og 50 mål av garden. Del gamle husa er restau-rerte, og blir tekne vare på. Riksantikvaren har hatt oppsyn med arbeidet på husa, og bak det heile står Svanøy Stiftelse, som vart oppretta 20.november 1972. Svanøy Stiftelse kom i stand ved hjelp av kapital frå ymse bankar, ymse industrikonsern og rederi, firmaer og einskildpersonar. Styret blir leia av ein formann - som er adm, direktør for Stiftelsen Utanom dette å halde vedlike og modernisere bygningane, har Svanøy Stiftelse til oppgåve mellom anna å drive forskning og forsøk innan jordbruk og skogbruk, - og dessutan legge tilhøva til rette for ein naturpark. I lengre tid har det vare drive med lakse - og aureoppdrett som ein del av forsøksverksemda Ideen og tanken om Svanøy Stiftelse modnast gjennom eit møte mellom direktør Christian Sommerfelt (Christiania Spigerverk) og Kristof-fer Svanøe. Begge såg det som svært viktig at dei gamle bygningane vart haldne ved like. Her var det tale om ein kulturskatt av stor verdi. Svanøgården er på mange måtar eineståande på Vestlandet. Professor Robert Kloster ved Universitetet i Bergen har sagt at bygningane både når det gjeld storleik og kvalitet, høyrer med til dei sjeldne, og er ved sida av Rosendal Baroni eit staseleg minne om dei gamle vestnorske godsa. |
||
|
|
||||
|
|
Mange eigarar har det vore gjennom åra, men slektstradisjonen er grunnfesta. Såleis kan slektsbanda på garden førast til-bake til Ole Torjussen. Noko av det viktigaste som er blitt gjort etter at Svanøy Stiftelse vart til, er restaureringa av husa. |
Elles driv stiftelsen forsøksverksemd på ymse felt. At det har vare gruvedrift på Svanøy er kanskje ikkje så kjent, men slik er det. Det var omkring 70 personar i arbeid på det meste. Omkring 1920 vart gruvedrifta lagt ned. Idyll, fred og ro - det er eit kjenne-teikn for Svanøya.
|
||
|
|
||||
|
Kjempefurua
på Svanøy.
I landskapet innafor Stryvollen finn vi Kjempefurua som på folkemunne har fått det poetiske namnet
SKOGAMORA. Dette treet har fått litt av ein eventyrglans omkring seg. For trass i den høge alderen står det framleis friskt og grønt - tjue meter i høgda og så tjukt at to vaksne menn ikkje greier å femne stammen ein og ein halv meter over ro Svanøya sitt
"livstre" høyrer til den stadeigne furuskogen, og lyfter ei veldig krone over landskapet ved
Stryvollen. |
Det er omlag 15 minuttar å gå f rå Solhaug og ut til kjempefurua. Men å femne "Skogamora", det er vanskeleg det. |
|||
|
|
||||
|
Gruvedrift.
Her fann dei svovelkis og koparkis. I tidsbolken ca.l880 - 1920 var det livleg gruvedrift på Svanøya. Gruvene fekk namnet Svanø Kisgruber.
|
Den dag i dag finn vi bygningar som vart brukt under gruvedrifta. Du kan fylgje stien frå den gamle murbygningen og ned til badestranda. Den er bygd opp av m.a. slagg frå gruvene. |
|||
|
|
||||
|
Besøket på Svanøy ble en rik opplevelse som overtraff mine beste håp. Først og fremst det frodige og idylliske landskapet her ute mellom nakne, værslitte holmer og skjær med snøfjellene i bakgrunnen og havsleden med Kinn og Batalden i vest. En av disse over-raskende kontraster mellom idyll og monumentalitet. Så gårdens plassering på en lav, dyrket rygg mellom to bukter, så merkelig lik Ulstein og Halsnøyklosteret's at en her straks har følelsen av å være på historisk grunn……… ROBERT KLOSTER |
||||
|
|
|
|||