|
Side 3 |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen. Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn. Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap. Og gamle minner dukkar fram...
|
Storsilda kunne komme tidleg på vinteren. Ho kunne komme seint Det skifte noko. I ein tidbolk på 16 år kunne dette variere slik som er synt nedanfor: Første fangst teken: |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Omsetnad. Ei sak var å fiske, ei anna var å få omsett til ein skikkeleg pris. Så snart kjøpmennene merka at fangstane vart større, slo dei prisen ned. Om prisen på føremiddagen var rimeleg bra kunne den mot kvelden vere nede i inkjevetta. Skulle fiskarane nå fram til betre og stødigare tilhøve såleis, laut dei gå saman i lag. Slik vart då fiskarane sine lag (organisasjonar) til. Året 1927 vart Storsildlaget skipa. 1928 vart Stor- og Vårsildlaget skipa. 1936 vart desse laga slegne saman til eitt. Namnet vart Noregs Sildesalslag. Laget har etter lova einerett til førstehandsomsetnad av stor- og vårsild og organiserer omsetnaden, produserer og eksportere. Føremålet er å få gode og stabile prisar og sikre betalingsvilkår for silda. Sildelaget skipa 30-40 kontor langs kysten. Fiskarane melde fangst inn til kontoret i distriktet til Florø. |
Sildekontoret gir ordre om kvar fangsten skal leverast. Laget kasserar inn salssummen frå kjøparane og ordnar oppgjeret til fiskarane når sesongen er over. Hovudkontoret er i Bergen. Laget har eit representant skap på 112. Representantane kjem frå einskilde distrikt og reiskapsklassar. Laget har eit styre på 20 medlemer. Det har eit salsstyre som styrer med omsetnaden. Den første tillitsmannen ved kontoret her var Anders Hovland frå 1928. Etter han fylgde Anders Hammerseth, begge frå Askrova i Kinn. Så fylgde Reinhard Horn, frå Måløy. Under krigen kom Kåre Øvrebotten frå Bremanger til kontoret. Frå 1952 til kontoret vart nedlagt i 1973-74 styrte Olav Stavø det. Det var han som var tillitsmann der i Dei hektiske og rike sildeåra som er skrive om. Utanom salsstyret har laget to dotterselskap: A/S Sildefiskernes fabrikklag (som har ei rad sildemjøl-og sildoljefabrikkar langs heile kysten) og A/S Sildefiskernes eksportlag. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Fellesføring av vintersild kom i gang sesongen 1953. Alle sildemjøl- og sildoljefabrikkar sluttar seg til A/L Fellesføring. A/L Fellesføring sine føre farty valde sjølv sine lastehamnar Florevika var ein slik lastehamn Her tok førefartya mot sild frå fiskefartya, mest frå snurparar, og førde silda for det meste til distrikta Bergen, Haugesund og Stavanger. På slike hamnar vart monterte overlastingsanlegg, somme på farty, andre på land på t.d kaiar, Etter kvart kom grabbar i bruk til overlastinga og. Folk i byen fann ut at her var det pengar å tene og kosta seg slike anlegg. Det kom elles mange karar innan frå bygdene og skipa seg i lossegjengar Med dei store sildemengdene som kom inn på hamna her, vart det etter kvart bruk for mange arbeidsfolk. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Året 1950 vart det meldt inn til kontoret her 2.264.561 hl. Silda kom frå: (Tal i hektoliter)
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Silda vart brukt slik: (Tal i hektoliter)
Det året vart det sendt vidare til andre distrikt: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samanliknar ein så sildemengda som vart innmeldt til Florø sildekontor med total fangst kvart år for heile landet i ein 9-årsperiode - 1949-1957 så ser den slik ut:
(Tal i hektoliter)
Mengda av fangst som vart meldt inn til Noregs Sildesalslag sitt kontor her utgjorde gjennomsnittleg nær 22% av total fangst. Men snipp, snapp, snute, så er sildeeventyret ute: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Ny
sildeoljefabrikk.
Sildefiskernes fabrikklag vedtok å byggje ein ny sildoljefabrikk ved Gunhildvågen i Havreneset (då Kinn). Denne stod ferdig i 1953, og var vel då den mest moderne laget hadde, Dette kom vel med den gongen. Eksportlaget tok mot sild på Rota. |
Der vart det etterkvart store lager av sildekassar Å eksportere isa sild ut her frå var vanleg frå gamalt. Isabåtane kom igjen og fekk nok å ta mot Andre dreiv med å salte sild for eksport. Tønnefabrikkane fekk og dermed mykje arbeid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
Sildemjølindustrien skipa då eit lutlag som ordna med fraktfarty som kunne ta mot silda og føre henne vidare til fabrikkane. Frå Likkjeåsen har ein herleg utsyn over hamna, ut over sjøen, nordover, vestover og sørover så langt augo kan nå. Heile Hellefjorden vest om Aralden og store deler av Frøysjøen mot Bremangerlandet ligg ope for blikket. Det var mest der snurpebåtane låg, der snurpinga gjekk for seg, men og i Skorpefjorden trengde silda inn. Om kveldane
etter arbeidstid, tok folk seg gjerne ein tur opp til utkiksstadene for å nyte synet av det hektiske livet ute på sjøen. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||