|
Side 1 |
|
|||
|
Livet på hamna og på sjøen sett frå Storåsen. Ein tur med rutebåten gjennom sunda i Kinn. Det kom vel med at konene òg hadde lært sjømannskap. Og gamle minner dukkar fram...
|
|
|||
|
Utgjeve
av Flora Pedagogiske Servicesentral, 1983 |
||||
|
FORORD I første heftet "Ute med havet" prøvde eg å fortelje at det har vore lang tradisjon å fare til sildefiske i Kinn - no Flora kommune. Tradisjonen har hatt mange - og av og til nokså lange avbrot. Men fiskarane har leva i vona om at "ho kjem igjen". I mellomtida snakka folk om "dei gamle gode dagar". Dei budde seg med nøter, garn og anna utstyr. Så snart hausten kom, og karane måtte halde seg rolege i land, fann del fram att gamle garn, nål og tråd og tok til å bøte og vøle reidskapane. Dei hadde på "byturen" kjøpt inn tråd og tau og sette igang med bøting av nye garn og nøter. Dei la tau langs kanten av garnet, det dei kallar felling. Dei barka dei mot røyta, samstundes som dei innimellom såg til båtane og sette dei i god stand. Alt dette var førejulsarbeid. Draumen om "nye gode sildeår" tapte dei ikkje. Silda var borte i vårt område. Ein stad var det likevel sild. Havet er stort og djupt, tenkte dei. Der er mange og romslege stader å gøyme seg vekk i. Dei hadde funne ut at det var det ein kunne kalle "klima" i sjøen. Og klimaet fylgde straumane i sjøen. |
Dei visste at i sjøen yrte det av små plankton og levande vesen når berre temperaturen var lageleg og triveleg for
desse. Dei snakka om "åt" og at silda gjekk i "åte".
Då stimla silda saman og kom i store stimar. Over stimane yrte det av fykande måse, og veltande kval fylgde etter i kjølvatnet. Slike syner var draumen om sildeinnseg. Slike syner var det som brått dukka opp i, eller litt før 1950-åra, og silda stima mot land og søkte inn gjennom fjordgapa. Dette har eg vil ja fortelje litt om i dette vesle heftet. Det var ei hektisk tid. Ei eventyrleg tid for oss som fekk oppleve henne. Og like uventa som eventyret tok til, tok det slutt. Det kom nye år med svarte garn og nøter. Det har vore mange slike no, så mange at sildeåra er gått i "gløymeboka" vel. - Men enno finns det gamlekarar som har draumen i seg. Litt om dette siste sildeeventyret har eg her vil ja repetere i ord, foto og teikningar. Eg vil få lov til å takke del som har vore hjelpsame med kjærkomne opplysningar. Her ligg det nær å nemne Olav Stavø, styrar for sildekontoret her, og Kjeld Haus, eigar av Florø Sildoljefabrikk. |
|||
|
|
||||
| Flora, april1983 |
Didrik Kitting |
|||
|
Sildeinnsiga er ujamne Mens det var landligge, var det for karane å drive ut på Ørnetua og andre tuer med kikkert og sjå etter sildesyner: kval og fugl, måse. År i mellom kunne det verkeleg slumpe til med fiske. Såleis slumpa det til i 1886. Det året vart det eit reint uventa sildefiske. Silda seig inn så urimeleg tidleg, nemleg sist i september. Det er fortalt at ein mann i Bremanger rodde ut om Novelandet. Der trefte han på ei "åte", ein sildedott. Han hadde liggjande eit gamalt vårsildgarn i båten. Mannen rodde fram i sildestimen og sette uti garnet. Silda gjekk på garnet så teit at han vart mest skremd. Han skunda seg å dra inn. Han fekk berre nokre få omfar, så slitna garnet. Det var gammalt og møyrt, og silda sette ned og pressa på. Der small det, både garnet og fellingane.
|
Han var mest glad til der han stod att med garnstubben, men med teit i teit med stor fin sild. Det var noko til sild. "Stor og god, og
hittil ukjend sort sild", er det fortalt. Silda seig inn gjennom Nordfjord og ho seig inn i Sunnfjordane.
Etter oppgåve frå Amtmannen (Fylkesmannen) fiska dei opp 92 000 mål i Kinn, 200 000 mål i l3remanger og 43 000 mål i Davik. Medelprisen her var 5 kr. for målet (1 50 I). Det var berre heimelaga som fiska. Gamlekarane hadde vore på Sunnmøre og lært å fiske med drivgarn. Elles hadde grannen vår, Henrik vore saman med hollendarar og drive etter sild i Nordsjøen. Det skulle vere Dei som først tok bruk den fiskemåten. Henrik hadde mange historier frå samværet med hollendarane. I Nordsjøen fekk dei mykje underleg i garna, tom. daude krøter, fortalde han. Det hende det gjekk gale med kjøttransport til England. Denne silda som er nemnd her, for ikkje berre som ei "ferd" (stim) gjennom sjøen. Ho vart ståande i fjordane heile vinteren. Største tyngda
sette inn Frøysjøen. Der vart eit eventyrleg fiske. Silda seig like inn i Rugsund. Då det leid ut i fisket ei tid, fiska dei og med landnot. Silda hadde teke land. Året
etter budde folk seg til å ta mot silda med betre utrustning. Då drog det ut før ho kom. Og då ho endeleg kom, gjekk ho så tynt at det vart ikkje noko større fiske. Derimot gjekk ho mot land over eit stort felt: frå Kinn til Kristiansund. Det var stor sild, same slaget som i 1886. Og det synte seg å vere same slaget som Dei fiska i Nord-Noreg i 1870-åra. Der kalla Dei silda STORSILD. Det namnet tok fiskarane her sør og i bruk. 1887 var såleis det året storsildnamnet vart teke i bruk her. I 1890-åra var sildeinnsiga svært ujamne. Fiskarane hadde fått seg større og fleire reiskapar. Dei måtte fare lenger for å få tak i fangst. Dette førde med seg at dei hadde trong til større og romslegare fiskebåtar. For storhavet er ikkje å spøke med når uveret ryk opp. I Møre og Romsdal hende ei ulukke som skaka sinna opp på heile kysten, både nordafor og sunnafor
Stadt.
|
|||
|
|
||||
|
Titran-ulukka i 1899. Fredrik Meltz Wallum var inspektør for sjøfiske 1891 - 1906. Han fylgde nøye med tilhøva her i landet, og han fylgde med det som hende ute. Han arbeidde for meir driftssikre fiskefarkostar og betre fiskeutstyr. Kan arbeidde og for at fiskarane skulle få lære seg å bruke det nye farkostane og dei nye reiskapane. Kan fekk m.a. i gang navigasjonskurs for fiskarane. Det kom vel med når det skulle så langt til havs for å ta fangst. I desse åra var dampskipa komne til. |
Det dreiv ute i Nordsjøen etter sild og på bankane med line etter brosme, lange og kveite. Samanlikna med slagkeipingar og seksæringar var det stø og gode farkostar. Så trong ikkje karane henge i årane for å få båten fram, eller vente på vinden for å helse segl. Mykje slit var borte, men mykje att. Dampskipa var dyre i innkjøp. Vanlege fiskarar hadde ikkje råd til slike kostnad. Det var kjøpmenn som kunne reie ut til slik kostnad. Somme gjekk saman i lag, fiskelag (havfiskeselskap). Eit slikt lag hadde det i Batalden. Der kosta karane seg eit retteleg godt fiskefarty, "Batalder, ein fiskedamp. | |||