Side 1
2 3 4
5 6

Inventaret i Kinnakyrkja. Studieemne og arbeidsoppgåver.
Lektoriet
- Kva er eit lektorium, og korleis er Kinn-lektoriet
bygd?
- Kven finn vi i biletfelta?
- Kva er ein mandorla?
- Korleis kan vi vite namn på to av apostlane?
- Kva for bibelord minner desse bileta oss om?
- Skriv om skilnaden på dei to englane. (Om erkeengelen
Mikal. Sjå Ursins bok s. 179)
- Kvar kan teikningane til desse biletfelta ha kome frå?
- Les i eit leksikon (t.d. Aschehougs) om arkitektane
Chr. Christie og Carl Berner.
Altar
- Korleis er altaret i koret bygd?
- Kva er relikvier? (Sjå kyrkjesoga)
- Kvar gøymde dei relikviene?
- Kva er eit antependium?
- Kor gamalt er Kinn-antependiet?
- Kven kunne bruke sidealtera?
(Om altar sjå t. d. Aschehougs leksikon, bind 1)
Altarskåp med helgenfigurar
- Les om helgenar og helgendyrking i kyrkjesoga. Skriv
eit kort samandrag.
- Les om Maria Magdalena i Bibel eller bibelsoge. Skriv
om henne kort og punktvis. (Luk.8, 2. Johs. 20.Kap.)
- Les om Sta. Barbara. Skriv eit kort samandrag. (Ursin
s. 173)
- Les om Sta. Sunniva. (Ursin s. 171. A. Dale: Handbok i
kristendom s. 329.)
Altartavla
- Korleis såg tavla ut i 1644?
- Kva forandringar vart gjort i 1703?
- Kva kan vere grunn til forandringane?
- Kva for apostlar finn vi på denne tavla? (Om
kjennemerke-atributt – les t. d. Ursin s. 126 flg.)
- Korleis er den framstellinga av Jesus som vi kallar
Salvator Mundi?
Epitafilet
- Kan du tenkje deg nokon grunn for at dei gravla dei
døde under kyrkjegolvet? (Om betalinga sjå t. d. boka Selja i tusen år.
s.96)
- Les i Absalon Pederson Beyer og Anne Pedersdotter i
litteratur-historie eller leksikon. Skriv samandrag.
- Kvar var Absalon Absalonsen prest?
- Kvifor vart han gravlagd på Kinn?
- Kvifor vart det slutt med epitafium i norske kyrkjer?
- Kva slag utskorne symbol finn vi på denne tavla?
Preikestol med preikestolhimling
- Kva er dei 4 evangelistsymbola? (Ursin s. 118 flg.)
- Kva meining har det å plassere evangelistsymbola på
ein preikestol?
- Kva er det vi kallar Kristi våpen?
- Kva slag Kristi våpen finn du på preikestolhimlingen
på Kinn?
Skipet
(Meir stoff: Ursin s. 149 flg.)
- Kva er skipet eit symbol for?
- Skriv ei lita utgreiing om denne symbolikken.
Steinkrossar
(Til denne oppgåva må ein ha boka av F. Birkeli: Norske
steinkors i tidleg middelalder)
- Studer krossen på Kinn og prøv å teikne han slik du
trur han har vore.
- Korleis ser ein norsk-keltisk kross ut? (Birkeli s. 239
flg.)
- Korleis ser ein norsk-anglisk kross ut? (Birkeli s.
242.flg.)
- Kva for 6 norske krossar har hol mellom armane, og kvar
finn vi desse krossane?
- Kva samband kan det vere mellom heilagdomane på Selja
og Kinn og steinkrossane i Sogn og Fjordane?
Barokk og renessanse
- Les om barokkstil i historiebok og leksikon.
- Les om renessansestil i dei same bøkene. Noter
kjennemerka å dei to stilartene og legg merke til skilnaden.
- Studer stil og utsmykking i altartavla,
preikestolhimlingen og epitafiet og samanlikn med stilen i den gamle stolen
i koret. Finn du både barokk- og renessansestil?
______________________________
Tekstane på epitafiet, altartavlavla, almissebørsa og på
plankane på sidene i kyrkje er skrivne med gotisk skrift og på gammalt dansk.
Kan du greie å lese dei, skrive dei ned og kanskje omsetje dei til moderne
norsk?
 |
|
|