|
|
||||
|
Og så fekk vi elektrisk kraft! Til middag var det enten fisk elle sild! Flakedans på toppen av Askrova. Kvinnene sløgde og karane flekte.
|
Fordeling av
arbeidet.
Hadde alle som arbeidde på garden like lang middagspauser. Ja, det hadde dei. Arbeidde kvinner, born, karar og eldre saman? Ja, det kan eg i grunnen seie at dei gjorde. Dei. arbeidde mykje meir i lag då enn no. Var det forskjell nå det som kvinnene gjorde og det som karane gjorde for eksempel i slåtten? Ja, det var det. Å slå det var kararbeid og så køyrde dei til hesjane og kvinnfolka hesja.
Kven var det som sette opp hesjane då? Det var karane det. Var der ein mann åleine og der var mange kvinnfolk, så kunne det vere travelt å vere kar. Fyrst skulle han slå, setje opp hesa og køyre til. Det var sjeldan at kvinnfolka tok i ein hest og køyrde til hesjane. Borna, var dei med? Kva slag arbeid hadde dei? Det kunne vere så forskjellig det. Å rake høyet i såter om kveldane, det var vanleg at ungane gjorde når dei kom seg til litt. Bere til hesjane. Rake litt og trakke i høylasset? Ja, det var alltid det. Mennene hadde sine spesielle arbeidsoppgåver, men var dei med å mjølka og deltok i anna fjøsarbeid? Nei, det var ikkje brukt hos oss at karane var i fjøsen. Var det fast arbeidsdeling mellom kvinner og menn? Manns- og kvinnearbeid kan ein seie var adskilt. Kva var det som helst vart sett på som kvinnfolkarbeid? Ja, det var fjøsstell, husstell og slikt for noko. Korleis var det når gardbrukaren tok opp poteter, skar korn og slikt for noko?
|
Å skjere korn var alltid kvinnfolkarbeid. Potetene tok dei opp i felleskap. Far din var vel ein del borte på fiske? Hadde det noko å seie for gardsdrifta vart det vanskelegare med gardsdrifta då? Nei, det kan eg ikkje seie, I min fyrste barndom, så var det berre om vintrane han var borte. Bestefar din hadde vel forskjellige gjeremål når det gjaldt gardsdrifta? Ja, han var fullt med like til han var 80 år, Han var med på alt slags arbeid. Har du nokon formeining om at der var konfliktar mellom den eldre og den yngre generasjon når det gjaldt korleis driftsmåtane skulle vere? Nei, det var det ikkje. I grunnen var drifta så enkel at det var ikkje så mange måtar å gjere det på. Vi har snakka litt om barna sine arbeidsoppgåver. Kjenner du til at der var barn som måtte reise bort til andre å arbeide? Nei. Var det noko av dette arbeidet som de mislikte å vere med på i barndommen. Det var vel ikkje alt om var like kjekt? Nei, det var det ikkje. For eksempel det å snu slipesteinen. Ljåane i den tid var ikkje framslipte. Vi hadde ein stein som det tok ei urimeleg tid med å slipe fram ein ny ljå. Korleis var arbeidstida for barn? Den kunne vere så forskjellig. Somme tider måtte vi vere med å henge i, andre tider hadde vi meir fritt. Kven var det som lærde dykk opp i dette som de skulle lære? Eg var åleine, men det var han far og han bestefar som lærde meg. Jentene måtte ta sin lærdom av mor. |
||
|
|
||||
| Fiske.
Vi må sjå litt på fisket også. Det var like viktig det. Det var det som gav kontantane. Det var vel forskjell på fiske av sei og det daglege fiske, var der nokon som levde av berre småfiske der i bygda? Ja, der var ein god del som ikkje hadde jord, og dreiv og fiska, det var krabbe, hummar og forskjellige slags fisk. Kva slag reiskapar var det dei brukte?
|
Dei hadde av desse 30 fots båtane.
Gavlbåtar til notbruk, var det å reise til Kalvåg i januar eller
fyrst februar månad, når silda kom til Kinn så reiste dei der. Dei
hadde alt med seg. Dei budde på buene opp i Kalvåg.
Eg tenkjer på dette småfisket heime, kva slags reiskapar brukte dei til det? Det var trollgarn, line og hummarteiner.
|
|||
|
|
||||
| Byttehandel
med sogningane.
Korleis vart denne fisken som dei skulle bruke sjølv tilverka?
|
Dei som ikkje hadde jord sjølv slik at dei kunne dyrke poteter dei salta ned torsk og selde den til Sogn, og fekk att poteter. Dei fekk 4 kilo poteter for 1 kilo fisk. Det var eit vanleg byte. | |||
|
|
||||
| Lakse – og
sildefiske.
Den fisken som de selde, korleis vart den seld? Dersom det var torske-år, så kom det kjøpårar andre plassar ifrå. Det begynte ikkje med noko fiskemottak før etter første verdenskrig. Då begynte dei å take i mot all slags fisk jamleg. Før den tid var det berre laks, hummar, kveite og flyndre, og det leverte vi alltid til Svalbard. Den andre fisken måtte de då selje for seg? Ja. Kva slag båtar vart brukte - vi snakka om desse kuttarane, men dei brukte av og til mindre båtar til fisket? Ja, dei brukte landsetningar og færingar.
|
Var der visse gardar som dreiv meir fiske
enn andre?
Ja, det kunne vere etter som folket var og kva interesse dei hadde. Laksefisket er litt spesielt, det er fiske som har vore, det andre har ikkje vore. Det var sjeldan at dei leigde verpet, dei fiska kvar for seg. Kva slag reiskap brukte dei å fiske laksen med? Ja, det var laksenot. Altså det som vi kalla for sildenot. Ja, fiskenot var det ikkje brukt der borte.
|
|||
|
|
||||
| Fangst og
inntekt.
Hadde laksefisket mykje å seie for visse gardar? Ja, vi hadde den sesongen og det vart litt kontantar av det. Sildefiske, sommarsilda. Var det vanleg at dei hadde sommarsild-nøter? Ja, det var det. Kven var det som eigde desse nøtene, var det ein som eigde dei eller var det fleire som hadde dei i lag? Som regel var dei fleire, og så hadde dei kvar sine balkar som dei heldt i stand. Dei måtte trekkje dette ut or då og setje det i stand, og så setje det inn i att? Ja. |
Kor store kunne desse nøtene vere? Sjølve kastenøtene kunne vere på 100 famnar. Stengjenøtene var mindre. Kor mange mann måtte vere med når ein trekte nota? Det kunne vere 10-12 mann. Hende det at det var kvinnfolk med? Ja, eg kan hugsa at det kunne vere 2-3 jenter med. Det var vel ikkje alltid så enkelt å skaffe 10-12 mann. Kva slag båtar var det de brukte? Vi hadde ein liten gavlbåt på vel 26 fot.
|
|||
|
|
||||
| Salting på
saltebuene.
Korleis vart fangsten omsett? Var sommarsilda fiska etter sankthans, så var det god vare, og då kom det farty frå Bergen og salta. Dei salta den på buene våre, og så tok dei den ombord i kuttarane. De salta ikkje sjølv for eiga rekning? Nei, vi var opptekne av å kaste. Korleis vart inntekta delt på dei som var med? Eine halvdelen gjekk til bruket og andre halvdelen vart delt på lutarane.
|
Den som var bas, hadde han meir enn andre
eller var det det same?
Nei, men dersom ein leigde bas, så fekk han ein halv lut i tillegg. Dersom der var gutar med som ikkje var konfirmerte, kva part fekk dei? Dersom dei ikkje var konfirmert fekk dei halv lut. Det var ikkje så aller verst det heller? Nei, det var ikkje nokon som streika av den grunn.
|
|||
|
|
||||
| Attraktivt å
reise på fiske.
Det fisket som du kjenner til er det garnfiske eller notfiske? Det er helst notfiske eg kjenner til.
Nei, det var berre med not, men det dreiv med garnset. Desse nøtene som de brukte var vel større enn sommar-sildnøtene? Det var som regel same notene, men på slutten vart det større nøter. Korleis var det du fekk deg nøter, kjøpte du dei ferdige eller batt du dei til? Det var forskjellig det. Sant å seie så veit eg ikkje opphavet til den gamle nota som var der. Dei hadde kvar sine bolkar, og vart noko dårleg, så måtte det setjast inn nye bolkar. På den måten vart noko godt og noko dårleg i nota. Korleis var maten og losjitilhøva på vintersildfisket. Måtte de i land eller hadde de farty med dykk? Sidan eg begynte så budde vi ombord. Vi hadde lossement, og der var plass til 12-15 mann ombord. Korleis var de. med maten, sytte de kvar for dykk eller var det felles? Det som var felles var berre kaffi, havregryn, erter og slikt for noko. Kjøt hadde kvar mann med seg heimanfrå, kan eg hugse. Vi måtte ha eit godt merke på det slik at me fann det att. Slikt som sild og fisk hadde de vel, felles? Ja, det hadde vi felles både fisk og sild. Kven var det som eigde reiskapane, garn og båtar, var det ein mann eller var det f leire? Nei, der var f leire. Men der var vel ein heil del som ikkje eigde noko i garn og båtar? Vi var seks båtar, og så vart det ein 4-5 mann utanom bruke t. Hadde dei not eller hadde dei betaling? Dei hadde berre- nota. Dersom dei fiska godt, så tente dei bra, og dersom dei. ikkje fekk noko så tente dei ikkje noko? Ja, det var slik. Var det same oppgjeret for sommarsilda? Hende det at der var fleire lag som gjekk saman for sesongen?
|
Ja, det hende at dei slo
"kastlag", som dei sa, når dei kom på ein plass der dei
venta innsig av silda. Basane slo kastlag for heile vinteren. Det kunne
vere både og.
Det var vel ei slags forsikring det då? Ja, det var det. Ein kunne greie seg betre då, når ein hadde fleire sjansar. Du har vel ei formeining om kor stor luten var i forhold til det den elles brukte å vere? Nei, det er vanskeleg i seie noko bestemt om. Vi som var heime fekk maten, og så fekk vi klærne av det vi tente på fisket. Hadde du inntrykk av at det å reise på fisket var ettertrakta, slik at det var lett å få folk med på det? Ja, det var det, her var ikkje noko anna å take seg til. Var der folk som førde sild? Under siste krigen hadde vi selt notbruket, og då førde vi sild på denne skøyta. Vi var til............ og henta, og elles så var vi til Rognaldsvågen og henta, men vi gjekk ikkje heilt inn der. Kva slag reiskapar var det de brukte under torskefisket? Då dei reiste til Kalvåg, det var før mi tid, då var det rykk og torskegarn. Var der ein spesiell sort fiskarar som dreiv med rykk og nokre med garn? Nei, eg trur dei hadde begge sortar reiskap. Var det kvinner med på dette torskefisket? Ja, det såg eg opp i Bremanger. Dei dreiv inne på pollen. Det var lokalt det? Ja, det var det. Der var ikkje tilreisande. Kven var det som dreiv torskefisket? Var det like vanleg det som det seinare sildefisket? Ja, det var det. Slik som vi dreiv så fiska vi både sild og torsk same året. Silda kom fyrst, og så kom torsken etter på. Korleis vart torsken omsett? Vi hadde eit godt torskeår i 1913, og så hadde vi eit storår i 1920, og då var det ein masse med kjøparar. Det var mykje tilreisande folk som fiska. Desse kjøparane, kvar var dei ifrå? Dei salta torsk i 4 fat, Så var det salta på Kong…….. og så var det salta på Sunde,
|
|||
|
|
||||
| Kvinnene
sløgde og karane flekte.
Var det lokale folk som var i arbeid på desse salteria? Ja, det var det.
|
Var det karar eller var det kvinnfolk?
Kvinnfolka sløgde dei, og så var det karfolka som flekte, og så var det ein særskilt mann til å salte. Der var ein mann til å leggje på brettet og leggje i stabel.
|
|||
|
|
||||
| Forlis.
Har du noko hending som du ha vore med på, forlis eller ei eller anna hending på sjøen, eller som du har høyrt gjete? Eg var med på eit artig forlis. Det var ein notgavl som var lasta med salt. Vi skulle ut i Rognaldsvågen med den. Vi måtte bykse på sjøen, men heldigvis så hadde vi nokre utrollings-plankar som vi brukte når vi rolla sildemjølet på, slik at vi berga oss til det kom folk til å fekk teke oss opp.
|
Det gjekk bra?
Ja, det gjekk bra, Vi var 3 mann. Gavlen og saltet gjekk tapt det? Ja, det gjekk tapt, Det var ikkje alltid ein tente pengar, ein måtte rekne med litt tap av og til.
|
|||
|
|
||||