|
Side 8 |
![]() |
|||
|
Barneår. "Det var nok at far min såg på meg". Alt hadde betydning for oppdragelsen. Gravferder og gravferdsskikkar. Bibelhistorie i første time på dagen. Stor etterspørsel etter smøret. Gardsdrift og fiske på Skorpa.
|
Det å yste og kinne på støylen, det gjorde dei ikkje der oppe? Nei det gjorde ingen på støylen der oppe. Dei sette opp rømmekolle. Somme tider gjekk kyrne våre noko som vi kalla rundt. Somme tider gjekk kyrne våre frå Guddalen over Hillefjellet og på støylen, det var når dei ville på støylen tidleg på året. Og då hender det at vi hadde gått halvvegs og fann kyrne våre, men då låg desse her Solheimstøylane i Nordfjord rett innanfor Fargedalen, og då sa vi det no skal vi lest som vi ikkje har funne kyrne. Vi går inn på støylen og spør om dei har sett kyrne våre. Som tenkt som gjort, nei dei hadde ikkje sett dei. Dei fekk ikkje vite at det var rømmekolle vi gjekk etter.Men ein gong vart vi lurt, då hadde dei nett teke ned alle rømmemaskane for å få med seg rømmen neste morgon heim, og då hadde dei berre blå randemelk, men det var tjukk rømme opp på, men det vart no ikkje rømmekolle. Men det trur eg var siste gongen vi gjekk.
|
Så det vart ikkje sel på støylen den tida du gjekk på støylen? Nei, men året etter at eg var reiste heimarifrå, så bar dei opp tømmer. Dei reiv ned eit gamalt stabbur vi hadde på garden. det vart eit rommeleg sel. Då var det gutane som skulle til å gå og det vart andre bollar det. Når dei kom heim frå støylen om dagen, så måtte de delta i gardsarbeidet med ein gong? Ja, vi stod opp og gjekk på støylen, og gjekk heimatt, og sette holken frå meg, og fekk ståande litt mat, og så fekk eg då ei stor nistekorg. Og då skulle eg gå i utmarka med den, for vi hadde slike store utslette, der vi skulle slå og hesje. Ein plass hadde vi 12 hesjar og ein annan plass 10 hesjar. Alle grannane hadde uteslåtta, så vi samla så mykje gras i uteslåttane at det skulle rekke til geit og saue heile vinteren. Dei kunne aldri få frå det såkalla stålet som kyrne skulle ha.
|
||
|
|
||||
|
Var det lang veg til desse utslåttane? Når vi skulle til Støldalen, så måtte vi først ro med båt ein halv time, og så måtte vi ta bratte bakkane opp nesten til fjells. Det var ei lita høgd som skilde at vi ikkje var heilt på fjellet igjen. Der var verkeleg gode sletter, og fint gras. Sørbakkane som vi kalla det var ikkje så langt unna, der var det meir islett med blom og sånt, så det var ikkje så verdfullt.
De brukte løe på desse
plassane? Var det mest stuttorv dei brukte på desse slettene? Det var mest stuttorv dei brukte, men jammen brukte dei mykje langorv og. Der var store myrar enkelte plassar, der slo dei med langorv og vi rakte. Eg har ofte tenkt på kor mykje som går fandeveges i dag, ikkje har dei kreatur som går der og ikkje slår dei der. Kvifor måtte dei drive med dette eigentleg? Ja, med all den smale og geiter dei hadde, så var dei nødd å drive med det. I dag har dei ikkje så mykje av desse småkrøttera. Dei hadde ikkje så mykje jord heime der, men dei byrja dyrke heimejord på slutten eg var heime. Då byrja dei gjødsle godt, og det var så stor forskjell på høymengdene at du kunne ikkje tru det.
|
Kva slags reiskap brukte dei i slåtten? Ja, dei brukte langorv den tida eg var heime. Litt stuttorv. Enten hesja dei det, men var det fint ver så brøydde vi det, for då fekk vi det så mykje fortare inn. Bar de høyet inn? Nei, vi hadde hest så vi køyrde det inn. Det hende no enkelte gonger dersom vi ikkje fekk tak i hestane, for dei gjekk på fjellet. Det var våre ungane sin jobb å gå på fjellet og hente hestane når dei andre åt middag. Det var ikkje alltid like lett å få tak i dei. Dei gjekk på Norefjellet som vi sa. Kan du huske då de fekk slåmaskin? Dei hadde ikkje fått det då eg reiste heimanifrå, heller ingen av naboane. Ja, no for tida så er det no slik at det er overproduksjon på landbruksprodukt her i landet, og regjeringa skal jo forsøke å gjere det dei kan for å begrense produksjonen slik at det ikkje skal bli altfor mykje som skal ligge på lager. Korleis var det i di tid, Laura, var det mykje de måtte selje frå garden, og kva var det de avla sjølve som de brukte til mat? For å byrja med det første som du nemnde så må eg seie det at den måten dei drive det på no med å legge ned bruk, då tenkjer eg med skrekk og gru kva dei kan komme til å lære endå ein gong dersom dei endå ikkje har teke lærdom, og no tenkjer eg på siste krigen. Og eg kan no ta tilbake til den første verdskrigen vi hadde, om ikkje landet vårt var innblanda med menig stridande så tenkjer eg med skrekk og gru på den siste. Og eg lurer på om dei ikkje ein gong får lære å ta skeia i ei anna hand. Men i mi tid hadde me det godt. Vi budde oppi ein avdal. Vi hadde eit godt mathold og vi klarte oss med mat på den måten at alle måtte arbeide for føda og kleda. Men eg tenkjer på det som noko stort og godt vi fikk oppleve, å arbeide saman. Vi hadde store åkrar der vi sådde havre, og tenk om ein kunne hatt ein liten sekk av det havremjølet som vi hadde.
|
|||
|
|
||||
|
Vi fekk treskjemaskin i den tida då eg var ungdom, så vi treskja havren vår. Men eg kan også hugse at dei la havrebanda ned i låven og sto to mann på kvar si side med kvar sin tust - det var no eit under at dei ikkje slo kvarandre i hel, men det gjekk no godt. Tusta var festa til ein staur med berre eit hol gjennom stauren. Og slik sto dei og slo havren ut av halmen. Då dei hadde fått i låven det dei kunne få ut på den måten, så tok dei eit og eit kornband og for over med "skeikniven".
|
Dette var ein staur på ein meter som det var innskore kvasse hakk i på kvar side, og det brukte dei å ta resten av kornet utav halmen med. Det var ikkje det minste rart at dei måtte nytte alt kornet. Men åkeren bar som regel mykje, og då vi hadde fått det turt på staur og vi la det i stål og tok det att på den måten eg no har forklart, så var det veldig fine saker. Då vi hadde fått all havren ut av halmen, hadde vi den oppi noko vi kalla såld, og det måtte såldast vel. Ja no har vi høyrt om korleis de treskja og stelte havren, Laura. | |||
|
|
||||
|
Kan du fortelje vidare om korleis prosessen var med havren? Då dei hadde fått agna ut av havren - det var eit storarbeid, som vart lettare seinare då vi fekk ei maskin som vi kalla ei dryftemaskin som vi sveiva på slik at agna for seg og havren for seg - men då begynte den prosessen som gjorde det gode mjølet. Då hadde dei ei stor tynnegryte, og den fyrte dei passeleg under - det skulle vere ein passeleg varme - og hadde oppi så mykje havre på grytebotnen og sto med ein stor spade og passa på så ikkje havren skulle brenne,
|
dei måtte ha den godt tørr før dei drog til kverna. Det var eit veldig nøyaktig arbeid og det var berre dei som kunne dette arbeidet som var betrudde til å gjere det. På kverna sat ein av dei mest betrudde i huset, dvs. mannfolk, og venta og hadde det med ein gong i kverneauga. Då var det viktig å få det passeleg fint, det måtte ikkje vere "sed" i dette. Då dei hadde mole det ei stund, tok dei det ned i mjølbingen og smakte på det, og då smakte dei veldig nøyaktig. Det var so høytideleg med den fyrste smaken på havren om han var passeleg turka og passeleg melen. Og då vi fikk det på kjøkkenet for å lage flatbrød og graut, då vil eg spørje: Kvar kan det finnast noko so godt mjøl i dag. | |||
|
|
||||
|
Stor etterspørsel etter smøret. Kva slags andre produkt frå garden brukte de i huset? Ja eg har no fortalt at vi hadde god drott av kyrne våre. Vi hadde 8 kyr, og då brukte vi å separere mjølka. Før vi fekk separator, så var det å sette ho opp på treasker, og då fekk vi oss mang ei god rømmekolle. Det vart det slutt med då vi fekk separator. Men vi fekk betre fløyte og all fløyta, og så kinna vi rømme. Vi hadde stort salg på smør.
|
Det kan eg hugse at mor la opp i "smørstrokkar" dei kalte det, omlag fjerdeparten av ei tynne. Det salta ho oppi, og far fekk det med seg til Florø og selde det. Det var stor etterspørsel etter dette smøret. Men kiloprisen kan eg ikkje hugse, men eg tykkjest minnes at det var ikkje so lite godt betalt. Var det til private de leverte? Både til private og til handelsmennene. Far brukte å levere både smør og det dei elles hadde av produkter, til Vassbotn. Ho Brita Vassbotn var gammal, ho hadde vore jordmor før. Kanskje det var derfor eg hugsa so lengje til henne. Ho var utdanna jordmor og ikkje berre hjelpekone. | |||
|
|
||||
|
Selde de kjøt? Ja det selde vi helst mykje av. Då vi begynte med geiter vart det helst mykje kjøt. Det selde vi til gamle Myklebust, og han salta i tynner og fat, både bukkekjøt og geitekjøt. Og då det leid innunder jula, då let han vel til far at det hadde han seld so smalekjøl, so han tente ei god grand på det kjøtet han hadde kjøpt. Men det var ingen som kjøpte det som visste at det var geiter. Men kvifor, eg ville no helst hatt ein haustbokk som spekekjøt som eg ville hatt eit smalelår. Han lurte dei no ikkje så mykje. Det var no berre namna han lurte litt. Når det galdt å kjøpe varer til huset, kva var det de kjøpte? Ja, det var no sukker og så brukte vi å kjøpe byggmjøl, og kveitemjøl. Det hadde vi no til finare bruk. Det var noko som heitte byggmjøl og noko som heitte grynmjøl, kva forskjellen var det veit eg no ikkje. Eg trur grynmjølet var ein litt finare sort, men om det var av bygg det veit eg ikkje. Salt måtte vi ha og så hadde vi sirup. Det brukte vi til dagen. Dersom vi ikkje hadde så måtte vi til naboen og låne. Kaffi hadde de det? Ja, kaffi det hadde vi no til dagen. Mor likte god kaffi, ho lærde meg på kaffi, for ho ville ha selskap. Brukte de kaffi kvar dag? Ja, ho mor brukte det kvar dag, og jammen var han far og glad i kaffi, men det hende no og på desse kjelane, at den, gruten på den kjelen den kokte dei gjerne oppatt ein gong til, men så kasta dei den. Var det andre produkt som de leverte av garden? Det kom seg slik at dei byrja spekulere på om dei skulle byrja kjøpe inn litt geiter. Naboen var byrja litt med det og det var no ikkje han far så glad for, for det var no ikkje så bra for skogen, men då han såg den fortenesta dei hadde på det så vart det til at han gjekk i hans fotspor og dreiv det mykje lenger. Han reiste opp til Berle og kom igjen med ei heil geitedrift. Første året så gjekk dei no ute , og slakta og hadde kjøtet som han hadde vending på til hausten. Det viste seg at han hadde god forteneste på den geitedrifta. Men så fødde han då første vinteren dei han kunne fore av mjølkegeiter, og så hadde han fått ein heil del kje som han sette på, slik at då byrja han med at han fekk dei heim på kvelden, og vi måtte melke alle dessa geitene, og så byrja vi med ysteri og det kom så langt at vi hadde stort ysteri.
|
Han far måtte leige ysterske som berre hadde med detta arbeidet å gjere. Og då fekk dei store vending på geitost og i Grøndalen arbeidde dei på same måten, og han var så sagnomsust denna geitosten at når dei ikkje kunne skaffe nok til handelsmennene så kom dei på huset og det blei til det at osten vart mykje selt frå vårt hus og huset i Grønndalen og huset sunnafør. Den som ikkje dreiv med geiter det var vår nærmaste nabo, han syntest det vart eit veldig arbeid. Det var ikkje billeg kvar dag å stå framhugse kvar dag om kvelden etter det vanlege arbeidet og mjølka dei, og det var eit arbeide etterpå vi var inderleg trøytte og ferdige. Men det blei ei rutine det og, men når vi såg fortenesta av det syntest vi det var arbeid vi hadde som vi hadde mindre utbytte av. Eg må seie det at eg trur ikkje han far var lens for pengar den tida han dreiv med ysteri, og ikkje dei andre heller som dreiv med ysteri. Men trøytte var vi og arbeidde gjorde vi som nokre torkar somme tider. Hadde de gardflor? Ja, gardflorar hadde vi, men geitene hadde vi i heimefjøsen. Og når hausten kom då måtte vi ha band til dei, for dei var så sinte og utrivelege desse geitene, og det var eit storarbeid. Men om sommaren då gjekk dei lause på ein binge. Vi hadde ei tid oppi 70 melkegeiter. Og så var det om hausten når vi skulle slakte alle bukkane. Det var noko forferdeleg syntest eg, for eg kunne ikkje vere med å slakte dyr, eller sjå eller høyre til det, for då fekk eg slik avsky at eg gøymde meg helst vekk så langt eg kunne komme så eg hverken såg eller høyrde til det. Men så måtte eg no kome til rettes att, og då såg eg mor mi som kunne komme frå detta arbeidet, stå og vere med på det, då huska eg ein gong eg sa til ho: "Eg er mest ikkje god til å sjå deg mor, etter detta arbeidet". Dei fekk aldri meg til å vere med på det. Ja, no for tida er det spesielt ungdom då som seier at det arbeidet likar eg og det likar eg ikkje, og det er kjedeleg og det er moro og sånn, og på den måten så prøver dei å kome seg unna ein del oppgåver.
|
|||
|
|
||||
|
Men korleis var det då du voks opp, Laura, var det arbeid som var kjedeleg og var det arbeid som var morosamt? Eg veit ikkje kva eg skal seie om detta. Storarbeid som var morosamt det kunne det vel vere, men det var ein ting som gjorde seg gjeldande når det galdt det arbeidsforhold som ikkje berre eg, men som vi alle arbeidde under. Arbeidet låg der og det måtte gjerast, og det er eit gamalt ord som seier at "Ugjort arbeid sliter mest", så vi såg den beste måten å komme i frå det likandes det var å få arbeidet unnagjort så snart som råd var,og vi kom inn i det arbeids- tempo nokon kvar av oss at best å få det unnagjort så vi er ferdige med det og så var det å gå på med dei krefter og den energi som vi hadde,
|
og det var felles for både i ein huslyd og det var felles for kvarandre som naboar, for vi likte aldri å liggje etter med arbeidet for våre naboar, då vart det mykje tyngre. Dersom vi kunne verte eit hakk foran naboen så gjekk det lettare med arbeidet. Og det var det som letta arbeidet, skal tru om vi klarar dette før naboen. Eg trur ikkje vi låg etter, for det var no andre som prøvde seg og.
Korleis var det når foreldrene gav dokk oppgåver, kunne de mukke? Eg trur noko det vi mukka, men forresten så kunne vi vel ikkje mukk heller. Vi visste at når det var sagt så var det berre å vere lydhøre og verte ferdige med det oppdraget vi hadde fått. Det trur eg var ganske godt innarbeidd som rutine i oss alle saman. Ikkje berre vi i vårt hus, men slik var det overalt. Vi hadde å rette oss etter det som våre formyndarar eller føresette hadde å befale. |
|||
|
|
||||
|
Du har visst tidlegare fortalt at de dreiv og fiska litt i Sunndalsvatnet. Meiner du at det var så mykje at det hjelpte mykje til med hushaldet og med maten i garden? Det hjelpte no i alle fall til om sommarane når vi fekk mykje byfolk på besøk som skulle feriere litt og vi hadde no ikkje så mykje ferskt, det var no helst salta og sånn, då var det ei god hjelp at vi hadde ei lita not.
|
Vi reiste ned før landet øvst i Sunndalsvatnet og kasta denne nota. Det var no like mykje med tau vi kasta, det kunne vere god middagsmat som alle turistane sette god pris på. Mor ho steikte den i heile si lengde på panna og surra den i rømme. Å, det var nydeleg. Når det var småregn kunne vi få rett mykje av den kjøa. men vi hadde eit vatn som heitte Bødalsvatnet, og sønene til grannen dei kom heim frå Oslo om sommrane og dei fiska mykje kjø i Bødalsvatnet. Dei hadde dette som ein sport. Det same var i det vatn opp i fjellet, men den kjøa og var veldig mørk, p.g.a. den mørke botnen. | |||
|
|
||||
|
Gardsdrift og fiske på Skorpa. Fekk de fisk utanfrå fiskarane på øyane og kysten elles? Mi mor var i frå Bremanger, og der var eit stort fiskedistrikt og der brukte dei å få fisk salta i tunner som dei selde og dei kjøpte dei. Der var far min kvar vinter på fiske hjå dei, og ved sida av å tene ein god slump pengar, tok han med seg fisk som vi kunne bruke langt utover våren. Det var helst torsk som var salta, sei og brosme. Brosma den vaska vi i elva etter at ho var salta og så la vi den ut til turk i sola. Det var veldig god middagsmat. Då du gifte deg og flytta til Skorpa, så var det no gardsdrift og fiske de dreiv der. Kan du fortelje litt om det fisket de dreiv der ute? Gardsdrifta der ute var no i mykje mindre målestokk enn eg var vande med. Men fisket var nesten eit eventyr. Eg var så heldig at eg kom opp i detta store sildefisket som vart så sagnomsust. Det var så mykje båtar i Skorpefjorden at eg kunne ha kome turrskodd over på Reksta om dei låg på langs etter kvarandre. Det var pakkande fullt på Skorpefjorden og utover der. Dei kasta med nøter og av og til så sprakk nøtene fordi dei var for fulle. Eg huskar ein søndag dei holdt på og kasta rett utanfor der vi budde. Svigerfaren min meinte at søndagane då skulle ein ikkje arbeide. Sidan kom eg til det at silda kunne vise seg og komme inn på ein søndag og då var det eit spørsmål om ein ikkje skulle nytte høvet likevel for det var ikkje kvar dag ho kom. Min svigerfar var ein av notbasane
|
Men småfiske det dreiv de vel og litt? Ja, småfiske det hadde dei no stadig vekk. Men det var ikkje alltid dei tente så mykje på det. Men det var ein ting dei ikkje skulle sjå for smått på, og det var at vi var aldri lens for fisk. Vi hadde mykje god fisk, og for mitt vedkomande kunne vi ha fisk dag etter dag. Kva for båtar var det de hadde å fiske med? Dei hadde no motorar etter at eg kom. Svigerfar min var båtbyggjar, ein sagnomsust båtbyggjar, slike pene båtar som han bygde. Og om vinteren så reiste dei til Sunnmøre for å fiske, men når han kom att om våren så hadde han ofte selt båten. Så kom han heim att og så la han opp til neste båt. Han hadde mange båtar som han bygde både til notbruket som var der ute. Der var no naboen og vårt hus. Dei var no nære slektningar, så dei var saman om alt, og han hadde bygd alle båtane der og dei åtte dei i lag, og brukte i lag. Dreiv de med laksefiske? Ja, men det var ikkje så lettvint å liggje der ute som dei hadde dei lakseverpa for det var svært som nordavinden stod på. For det var no ikkje alltid vi var så glad når dei skulle ut å stenge og opne dessa nøtene og når dei skulle ut å hente fangsten sin heller. Men dei siste åra så leigde dei vekk dessa varpa, for då var vi faktisk ikkje folk til å drive dei. Slik er det endå den dag i dag. Kvar var det de leverte fangsten til? Ja, den leverte vi til Florø til ein handelsmann som var leverandør så han for til utlandet. Dei isa den i Florø, og så vart den seld til England og elles andre plasser og til utlandet og.
|
|||
|
|
||||