Side 7

Barneår.

Lang og tidkrevjande reise.

Jordmor.

Barndoms-
heimen.

Rømmekrukka.

Senger og sengklær.

Straum.

Kosthaldet.

Krigstida.

Ulltøy.

Veving.

"Det var nok at far min såg på meg".

Alt hadde betydning for oppdragelsen.

Helg og høgtid.

Barn og lærar.

Døgnrytme.

Skumringstime.

Song og spel.

Radio.

Leik og idrett.

Juleselskap.

Gravferder og gravferdsskikkar.

Kvinnearbeid og
mannsarbeid.

Då vi fekk innlagt
vatn.

Slakting om hausten.

Julereingjering

"Livets skule".

Glad i å gå på skule.

Bibelhistorie i første time på dagen.

Historie var best.

Lyset på isen.

Leik ute.

Lang middagspause.

Straffemetodar.

Elevar frå Grøndalen.

Ville bli jordmor.

Ein stor sangpedagog.

Foreningsliv.

Festar.

Røyking og alkohol.

Musikk.

Godt forhold mellom bygdene.

Klær og motar.

Reise.

Første tur til "byen".

"Den rosemåla kista".

Første bilen i Florø.

Syklar.

Støylen.

Mjølk og smør.

Utslåttane.

Treskjemaskin.

På kverna.

Stor etterspørsel etter smøret.

Kjøp og sal.

"Ugjort arbeid slit mest".

Fiska ørret.

Gardsdrift og fiske på Skorpa.

 

Reise.

Ja, i dag så reiser folk mykje. Ikkje berre her til lands, men til Syden som dei kallar det og andre plassar. Folk har råd til det ser det ut til. Det er fly og det er båt, mest fly dei reiser med. Den gongen du var ung, Laura, hadde de høve til å reise, og korleis reiste de? 

Den aller første turen som står heilt i minnet, det var opp i bygda Det var ein søndag, og eg syntest det var så høgtidleg då han far tok og for leiande på med ned til vatnet, hugsar eg, eg fekk vere med i båten, då skulle vi opp i Grøndalen og vi rodde. Men den første gongen eg reiste til Florø, då var eg no ikkje byrja på skulen. Då var det bestefaren min, han Lars i Sunndalen, som hadde funne ut det at eg var så flink å passe geitene hans. Eg fekk no eit kje hos han som heitte "Reikafrø". Ho vart no vaksen og på slutten så hadde eg no ein bestand på 4-5 etter ho Reikafrø. Men så skulle eg no ha litt belønning fordi eg var no så flink å passe desse geitene til bestefaren og bestemora min, for dei hadde ein flokk for seg sjølve. Og så sa bestefaren det at eg skal no til Florø i morgon og då må no du få vere med. Eg sov ikkje stort den natta, eg var så forventningsfull. 

Så var vi oppe tidleg om morgonen, og vi rodde og vi gjekk og vi rodde og vi gjekk på nytt igjen og så kom vi inn på noko som heitte ekspedisjonsbåten, for då skulle vi ro ut i fjorden sa dei. Og så kom vi ut til fylkesbåten, og den heitte Balder, og om bord i den kom eg, og han bestefar sa at eg var no ikkje så store. Det skulle no ikkje så store billett til. Han betalte no nokre øre for meg. Men tenk eg fekk 50 øre hos han på turen utover, og dei skulle eg ha til å kjøpe noko for, og dei pengane brukte eg til å kjøpe nokre koppar med blomster til heimkomegåve når eg kom heimatt. Og då var eg stolte som kunne gje dei slike gåve når eg kom heimatt frå Florø. Eg huskar best turen ut og inn. 

Eg huskar at dei frega bestefaren etter kva den jenta du har med deg i dag, kva heiter ho? Og då var han stolte for han svara: "Ho heiter Laura og ho heiter etter meg." 

Har du høyrt om korleis det var den gongen dei sigla i fjorden? 

Sigling det kjenner eg ikkje til. Vi sigla med lauvsegl det hugsar eg. Vi hogg ned ei bjørk om sommaren og det måtte vere mykje lauv på ho. Den sette dei i bakstevnen og så styrte dei med ei åre. Dersom det var nordavind så var det ikkje lite fart på båten. Eg kan ikkje huske at vi hadde andre segl på båtane.

Kor lang tid brukte dei omtrent frå Sunndalen og ned til Balder? 

Ja, der brukte vi no minst 3 timar. Då måtte vi no både ro bra og gå nokså taktfast mellom vatna og så måtte vi no bruke tid til å ro ut til Balder, der han la seg til å vente. Det var no på høgde med Lervika. Men dersom det var is, så måtte vi no gå heilt til Borodden, kan eg huske, nesten 1/3 del av fjorden, men då var eg no eldre.

Og då var det sjøisen, og eg kan huske at eg hadde skøyter på. Eg hadde vore heime med jul, og då huskar eg at isen var så dårleg at eg sprang opp leideren med skøytene på meg, for eg torde ikkje vente å ta dei av meg. Men så var det ei som heitte Sille og ho var nokså tung og ho gikk. Vi stod og holdt pusten og såg at isen den båra seg føre og etter ho, men ho kom seg no på båten utan å få seg sjøbad. Det var nokså mykje detta, at isen la seg på fjorden, slik at de hadde vanskar med kome dykk på båten og sånn? 

Ja, det var slikt som vi måtte rekne med kvar vinter i dei dager, men så langt som til Borodden, det var no ikkje kvar vinter at han la seg så langt. Men til Strømsnesodden, det var så visst kvar vinter at vi måtte gå til Strømsneset . Og somme tider gikk vi noko som heitte Pollestranda, og då kom vi til Norddalen, og då måtte vi gå i veldig dårleg is frå Norddalen og bort på den andre sida som var inn før Strømsnesodden. 

Eg gjekk fleire gonger som eg kan huske at eg tok sikte på Strømsnesodden. Verst var det for ekspeditøren for han hadde som regel mykje han skulle ha ombord, og han fekk endå meir tilbake med seg, i hvertfall om vinteren, då var det så mange tynner med sild frå dei som låg på fiske, dei sende heim. Ei tynne sild det var det frå kvar mann som låg og fiska, og somme tider så fekk dei no litt sei og. Detta var vanleg kvart år. Når silda kom heim så måtte vi prekkevere den. Først måtte vi få den til gards, så måtte vi då flekke den og henge opp til røykesild og spøresild, som vi sa, og noko brukte vi å salte og ha til kokesild , og då hadde vi det veldig fint, den gode silda som vi fekk om vintrane frå dei som reiste på fiske. Farane våre, naboane, eller mannen på garden, får eg seie slik. Når eg tenkjer på alle oss ungane så får eg no kalle det farane vare. 

Kan du hugse at dei køyrde varene med slede og hestar, kan du fortelje litt om det kanskje? 

Ja då var det no fint føre, då dei kunne køyre med hest og slede. Då nauda det ikkje, for då kunne vi ta store lass og då kunne vi hjelpe naboane, vi som hadde hest. Vi Sunndalingane, når der var sterk is så reiste vi alltid med hest derifrå, og då kjøyrde vi på vårt lass når noko skulle opp på Midtbø eller Solheim, hvis ikkje dei hadde hestane sine med seg. Dei var veldig hjelpsame med kvarandre slik. 

Kan du hugse noko spesielt som hende, at det kunne vere farleg når isen var dårleg og sånn, den gangen? 

Ja, det var mange gonger isen var dårleg. Eg kan ikkje hugse at eg var med på at hestane vart køyrde ned, men hende vi høyrde om det. 

 

Første tur til "byen".

Ja, no har vi hørt litt om korleis det var å kome seg frå Sunndalen og ut til båten og ut til Florø, men seinare vart det jo aktuelt for deg å reise vidare ut i verda, til dømes til Bergen. Det var jo nokså vanleg tidlegare at Bergen var byen å reise til når ein skulle av stad vidare. Kan du fortelje om din fyrste tur til Bergen, Laura? 

Ja, då dei snakka om Bergen, så sa dei alltid: vi skal til by'n, og : vi har vore i by'n. Det sa dei med litt sterk betoning, det var slik at då dei kom att hadde dei vore på litt av ei reis. Og fyrste gongen min då eg reiste til Bergen - det var no ikkje så tidleg - det var då eg skulle begynne på jordmorskulen, og då var faren min med. 

 

 

Heime hadde dei ei stor rosemalt kiste, og i den kista hadde eg pakka alt mitt liggjande fint nedi. Då vi kom til Bergen, var far aleine, og eg lurte på korleis far skulle få denne tunge kista til bestemmelsesstedet - og ikkje visste eg kor det låg, heller. Men då var han Mass i Sunndalen i Bergen. Han var begynt på bygningsarbeid der inne då, og han kom på kaia. Eg veit ikkje om det var avtalt - og min far og han Mass bar denne rosemåla kista imellom seg ifrå Nykirkekaia nesten ute med Nordnes, gjennom heile by'n og heilt inn i Rådhusgata.

Den rosemåla kista.

Vi kom inn og der var det eit sted vi kom inni gjennom skostredet, og så fann vi no inn der eit sted, det var ei dør så vi kom oss inn og det måtte no vere han Mass som var kjentmann der, for han far hadde no aldri vore der. Og inn kom kista og det var hverken bil eller anna som dei tilkalte. Bilar fanst det nok, men det var ikkje så vanleg at dei tilkalla bil. Eg trur ikkje at det vekte oppmerksomheit heller at dei for igjennom heile by'n med den rosemala kista heller, og det tok seg staseleg ut. Eg lura no etterpå og tenkte med meg kva ende detta her. Blir det endå langt å bere. Kista har eg endå den. dag i dag. I dag er det no eit klenodium, for der står årstal og alt, og har vore eit arvestykke i ætta.

Kor gamal var du då? 

Ja, då var eg ikkje fylt 20 år. Eg var føre mi tid. Det heitte no det at ein ikkje fekk plass der før ein var fylt 20 år, og heller ikkje over 30.

 Detta med min blå ungdom det fekk eg no høyre ved fleire anlednigar når eg gjekk på jordmor-skulen, men det tok eg ikkje så tungt, når eg hadde no nokre verre oppdrag enn dei syntest eg skulle ha fordi eg var så ung, så sa eg det at når eg var sette til det så skulle eg no klare det og. 

Kor lang tid brukte de frå Florø til Bergen? 

Det tok omkring 12 timar, trur eg. Vi gjekk tidleg ombord, og vi reiste om natta. Vi hadde ikkje lugar, men vi sat og låg på nokre benker, noko som dei kalla tredje plass. Der var mykje folk. Det var nokså nær der krøttera stod.

Kva slags båt var det du reiste med? Eg huskar at den heitte "Fjaler". Var dette ein fylkesbåt? Ja det var ein fylkesbåt, det var det. 

 

Første bilen i Florø.

Kan du huske noko om då dei første bilane kom her i distriktet? 

Ja, det kan eg huske . Her i Florø var det ein som heitte Andersen som hadde den første bilen. Han var heilt åleine her i Florø, det var landets ensomste bil, hermde dei. Men det kom no fleire etter kvart. Men det var sagnomsust at Andersen hadde fått ein bil som kunne køyre folk som skulle til lege, eller dei skulle på ein lengere tur. 

 

Og eg kan huske at eg følgde Andersen heilt til Oslo. Han hadde mange lærlingar, og dei som Andersen lærde opp til å køyre, dei har ikkje fare med noko fjosefærd, han var ein veldig roleg og avbalansert sjåfør. Dei han lærde opp dei lærde han opp til å ta det med den jevne ro, men han kom like fort fram. Han brukte stort sett same tempo, og han klarte seg best på den måten. 

Kan du huske dei første bussane kom?

Ja, eg kan no huske dei. Eg trur eg såg dei første bussane i Bergen. Det tok no nokre år før bussane kom til Florø. 

Syklar.

Kva med syklar og motorsyklar?

Eg kan ikkje huske syklar i bruk oppe i Norddalen før etter eg var byrja som jordmor. Motorsyklar det kan eg ikkje huske at eg såg opp i bygda. Men eg kan huske at eg sat bak på ein sykkel første sommaren eg var heime etter at eg hadde blitt jordmor. Eg var køyrde frå Sunndalsvatnet og ned på Tåene, der eg tok imot tvillingar. No gjekk de veldig mykje, og de rodde mykje. 

Var det stor fart når det gjekk, eller var det berre sånn passeleg? 

Eg syntest at vi ikkje brukte nokon snigle fart når vi gjekk. Vi gjekk taktfast, i god fotefart.  

Kvinne og menn rodde?  

Ja, vi hadde byte. Vi hadde ein visse plass vi skulle byte. Kvinnene dei rodde helst i bakårene.

 

Dei rodde ikkje med par men med kvar si åre. Dei som sat fremst i båten dei måtte helst ro med par, elles så vart det slik krokete roing. Men vi måtte ta vårt tak når det galdt roing, enten det var på sjøareis eller opp i vatna, vi vart ikkje sparte såleis, det var på baktoftene vi sat.  

Elles så fekk de veldig mykje trening når det gjekk på støylen?  

Det kan du tru at det falt i min lodd å gå til støls. Vi gjekk til støls om morgonen og mjølka kyrne og gjekk heimatt, og det same om kvelden. Dei andre ned i bygda dei hadde fått seg sel og gode greier, og dei kunne vi sjå langt etter og det var lenge før vi fekk oss stolsol. Det var ikkje aktuelt så lenge eg gjekk på stølen. Og dersom vi skulle til kyrkje eller noko på ein søndag så måtte vi gjere det på følgjande måte når vi var på støylen, vi tok holkane - og gjekk for andre gong til støy den kvelden, og så la vi oss i støylshøyet og var grytidleg oppe neste morgon for å få mjølka heimatt før vi fekk byte til kyrkjeklær og gå til kyrkje. 

 

Støylen.

Kom kyrne til støylen?  

Ja, når vi ropte på dei så kom dei som perler på ei snor. Men så stelte vi dei no godt, klappa på dei og gav dei eit eller anna godt som vi hadde med oss, og detta var dei så vande til at detta ville dei ikkje unnvere.  

Bar de all mjølka heimatt?  

Ja, det gjorde vi, all den mjølka, og det var ikkje noko lette bør. Og det var så bratt og ufyseleg når det regna. Så var det noko som heitte Skitnekleiva, og der var det ein gong ho Sille som vi kalla ho, når ho var komen midt i Skitnekleiva så bar det utføre med holken og ho hadde no ei bytte med mjølk i handa. Og vi som stod igjen syntest detta var slikt eit komisk syn. Vi stod og krøkte oss og lo. 

 

Det var ofte at når det var noko slikt avsindig så tok vi til latter, var ikkje det rart. Eg har ofte studert på kva for mentalitet det var vi kunne ha. Det var no det same kven som hadde ramla utføre, så hadde vi blitt takserte på same måten. Men vi såg det alvor leg i det, sjølvsagt kunne ho ha s lege seg heilt forderva.  

Kva for holka var det de brukte?  

Ja, vi hadde treholkar til å byrja med. Og det var no helst fram med Truls og dei at dei brukte desse treholkane, for dei var så tunge i seg sjølv. Men dei første som byrja bruke blekkholkar det var han far som hadde fått tak i noko som dei laga bort i Bremanger. Der var det to rom i. I det eine rommet der hadde dei kårmelka og i det andre hadde dei melka til oss sjølve. Det var det største rommet. Det har eg ikkje sett at dei har hatt andre stader, men så slapp vi no å ha melka i saman og sitje å måle. Då tok vi gjerne ein blåbærkvist som vi brukte til å måle i bytta var. Og den låg no der til vi kom heimatt. Men eg trur ikkje dei lei noko tap dei som skulle få målt melka.