Side 6

Barneår.

Lang og tidkrevjande reise.

Jordmor.

Barndoms-
heimen.

Rømmekrukka.

Senger og sengklær.

Straum.

Kosthaldet.

Krigstida.

Ulltøy.

Veving.

"Det var nok at far min såg på meg".

Alt hadde betydning for oppdragelsen.

Helg og høgtid.

Barn og lærar.

Døgnrytme.

Skumringstime.

Song og spel.

Radio.

Leik og idrett.

Juleselskap.

Gravferder og gravferdsskikkar.

Kvinnearbeid og
mannsarbeid.

Då vi fekk innlagt
vatn.

Slakting om hausten.

Julereingjering

"Livets skule".

Glad i å gå på skule.

Bibelhistorie i første time på dagen.

Historie var best.

Lyset på isen.

Leik ute.

Lang middagspause.

Straffemetodar.

Elevar frå Grøndalen.

Ville bli jordmor.

Ein stor sangpedagog.

Foreningsliv.

Festar.

Røyking og alkohol.

Musikk.

Godt forhold mellom bygdene.

Klær og motar.

Reise.

Første tur til "byen".

"Den rosemåla kista".

Første bilen i Florø.

Syklar.

Støylen.

Mjølk og smør.

Utslåttane.

Treskjemaskin.

På kverna.

Stor etterspørsel etter smøret.

Kjøp og sal.

"Ugjort arbeid slit mest".

Fiska ørret.

Gardsdrift og fiske på Skorpa.

 



Ville bli jordmor.

No har du tidlegare fortalt at du hadde jormorskule, men eg går ut i frå at det var ikkje så veldig lett den gongen å skaffe seg ekstrautdanning etter folkeskulen?

Nei, det var ikkje lett. Og så var det ein annan ting som ikkje var lettare, og det var at eg var berre ei unge jente, eg var ikkje konfirmerte, at eg hadde lyst å bli jordmor, og detta det måtte eg no gå og holde for meg sjølv, før eg openbara for mor mi, og ho var det som snakka til far om detta her om kva eg gjekk og hadde lyst til. Men detta måtte vi ha i den djupaste hemmelegheit, for eg visste det at dersom dei fekk greie på det i bygda, så skulle eg bli holdt til narr. Men då eg openbarte dette for mor og ho for far, så snakka vi om det for læraren min.

 

Og han var veldig beredvillig, og det måtte eg berre prøve på, og han skulle skrive søknad. Han skreiv no først etter plan for jordmor-skulen. Og den kom kyrkjesangar A.L. Høydal, og ikkje i posten. Du veit at posten i dei dagar den var veldig openbar, ein kunne no få greie på litt av kvart. Dei lei no ikkje av taushetsplikt akkurat. Og då stusste dei på kvifor det var kyrkjesongar A.L. Høydal som hadde fått plan for jordmorskulen. Og detta fekk dei no ikkje greie før at eg fekk greie på at eg hadde fått plass, og då kom det no på direkte til meg. Det var ikkje nokre andre enn distriktslegen Skridshol og Høydal og så vi heime som hadde greie på at eg hadde søkt. Men då dei høyrde at det var komt plan så var det no nokre andre dei gjeta på. Men eg var no glad så lenge som det var hemmeleg. Men det blei no ikkje så lenge før eg kom inn, eg var no litt for ung og. Både Høydal og var distriktslege Skridshol ansåg eg som ein personleg ven for ettertida for at han tok seg veldig av det at eg skulle kome inn. 

Ein stor sangpedagog.

Ja, til slutt Laura Sundal Skorpen, når det gjeld skulen, er det noko spesielt du minnest, er det noko spesielt du vil ta fram frå di skuletid? 

Ja, det er det i høg grad. Og det er noko som eg og anser som viktig, og som har vorte til stor velsignelse i heile mitt liv, kan eg seie, og det er at eg hugsa Høydal som ein sangpedagog. Eg vil ikkje kalle det noko mindre. Vi hadde ikkje musikkinstrument i Norddalskyrkja i den tid, og han var gjerne vande med at han som kyrkjesongar, så stod han der oppe i koret og hadde kanskje lite fylgje av kyrkjelyden elles. Og så var det når han byrja arbeide i skulen med oss skuleborna, og eg var veldig glad i song og eg var veldig med (men det var no nokre som ikkje kunne holde ein tone, men det såg vi no forbi) . Lærar Høydal han byrja med å lære oss versa i salmeboka, og så lærde vi første verset på alle songar som dei brukte i kyrkja, og dei versa lærde vi utanav, og det har fylgd det med det, at dei kan eg for seinare bruk.

 

Eg skal fortelje eit eksempel utanifrå Kinn. Han Karl Seim han var veldig glad i å spele orgel, og den vinteren eg var der ute hos foreldra hans, byrja han å spele ein kveld, og bladde om i koralboka, og etter kvart som han bladde om så sang eg.

Då snudde han seg og spurde: Kan du heile salmeboka , du Laura? Då eg gjekk til konfirmasjonsførebuing så måtte vi lære alle versa på salmane. Der gjekk vi i to år, så vi lærte ein heil del. 

Kva andre ting var det de dreiv med i konfirmasjonsførebuinga dokka enn det du no har nemnt? 

Ja vi måtte no lære bibelsted. Det var no fleire av salmane vi måtte lære utanav, så måtte vi no gå igjennom det og vi måtte stå fram og lese det kvar vår gong v i konfirmantane. Og så var det ein gong Hafstad det, kappelanen, og då huska eg han spurte meg frå det 7. bud, og så vart han ståande så lenge etter at eg hadde svara, og så sa han at eg har fått eit svar frå deg som eg aldri har fått før, og så byrja han å skulle spesifisere detta. Du sa det at dei skulle be om tilgjeving om dei hadde vore og stole ein ting, men så var det noko anna svar du gav, som eg ikkje har fått frå nokon konfirmant - Å levere det dei hadde stole tilbake.

 

Foreningsliv.

Vil du fortelje om korleis det var i din barndom og din ungdom og fritida korleis nytta de den?

 Ja, vi hadde ikkje så veldig mykje fritid. Frå vi kunne til så var det no helst i arbeid det meste vart nytta. Men et litt på kvelden, og så var det søndagane, då hadde vi fri. Vi gjekk til naboane, eller dei gjekk til oss, og då kunne vi ha det rett koseleg på søndagane, dersom det var ver så vi kunne vere ute i det fri. Og eg huskar på vinteren, då hadde vi det spesielt kjekt, på ski og kjelke og aller helst på skøyter når vi var komne i første klasse på skulen. 

Men korleis var det med foreiningslivet, og lag der oppe i Norddalsfjorden i dei dagar? 

 

Vi som små ungar vi hadde ikkje noko som vi kunne kalle lag. Det var ikkje hverken søndagsskule eller sånt som dei i dag set i gang for å aktivisere eller underhalde. I dag er det no slik dei har ikkje eit minutt igjen til det eine eller andre. Men slik unytta var ikkje vi, vi hadde lit av aktivitetar utanom dei vi skapte oss sjølve. Vi var i saman, om vinteren på ski og kjelke, og is det var det no kvart år. Ofte kom den føre jul, og den hadde vi veldig mykje glede av og var i lag alle saman. 

Var det noko lag som de var med i der oppe, eg tenkjer på ungdomslag? 

Ja, då vi kom til skjels år og alder, eg trur vi byrja før vi var konfirmert å gå i ungdomslaget, for det hadde vi veldig lyst å vere med i. Og det hadde vi på Midtbøna då, i skulen. Og frå hausten av hadde vi det annakvar søndag. Det var så visst, då var det til å kome seg på Midtbøen å gå i ungdomslaget. Dei hadde eit avholdslag men det var no helst dei eldste som samlast, medan vi var pure ungdomar så hadde vi ikkje teikna oss inn, men vi var no ikkje drikkfeldige heller. 

 

Festar.

Ja, så var det no forskjellige festar som de var med på i bygda? 

Ja, det var ikkje nokre festar som var i bygda utan at vi stilte opp i dei, både medan vi var unge og seinare og. Vi hadde noko som heitte misjonsfestar, og det hadde vi på kvar våre gardar. Ein gong i Sunndalen, neste gong på Midtbøen, neste år på Solheim. Og så gjekk det så på omgang, og det gleda vi oss veldig mykje til, og så var det ein ting til som hende då, og det var at då kom det masse Nordfjordingar, og då kunne vi stå og telje når dei kom ned Stølsbakkane, og då var vi spente på kvar dei tok inn. Kjem dessa til han Nils, eller blir det han Johannes. Blir dessa bort hos han Gjert, skal tru om det blir han Leif, eller kjem dei bort til oss. Så vi slost faktisk om å ha dei som gjester, og sette vår store ære i å ha dei som gjester. 

Det var spennande dette her at det kom utanbygds folk til bygda?

Ja, men vi gjengjelde det i store mon. Vi var veldig flinke å reise til Nordfjord. No hadde vi no Løkkebø i lik avstand, men det var til Nordfjord vi tok retning når vi skulle stad å besøke naboane våre utanbygds. Vi treivst veldig godt i lag. 

 

Elles så har eg høyrt at skyttarlaget det var veldig aktivt der oppe i bygda?

Ja, skyttarlaget det gleda vi oss nor hausten kom. Dei byrja skyte tidleg på hausten, og så hadde dei ein laurdag, dei skaut frå morgonen og til det avdagast, og då skulle den store festen vere, og då var det no fint for oss å kunne skryte av kvar tid vi var bedde på denne festen. Og så var det ein skyttarfest oppe i Sunndalen. 

Då var eg konfirmert om hausten, og eg trudde no ikkje at eg kom med der, og eg sat no heime og var fromme, og dei andre samlast hos naboen. Der visste vi at dei hadde mykje god mat og der skulle dei danse etterpå. Då det leid litt ut i dei mørke timane så banka det på døra vår, og du anar ikkje kor stolt eg var for der stod naboguten vår og bad meg høgtidleg på skyttarfest. Og så såg eg no i smug på far min, for han ville aldri høyre tale om dans og sånn, men så såg eg med litt forventning, og var litt redde for kva han ville seie. Mora mi var no annleis, ho sa jau, berre gå og då visste eg ikkje før han sa, ja han har no umaka seg, så du må no gå. Og det var sø om bruna, og det var han Mads i Sunndalen som kom og bad meg, og det gløymer eg aldri at han gjorde.

 

Røyking og alkohol.

 Ja, sånn med røyking og med bruk av alkohol på festar og elles var det noko vanleg den gongen?

Det var ikkje vanleg at dei byrja røyke så unge som i dag. Og dersom vi såg at dei byrja røyke så var vi veldig sånn belærande, og dersom vi såg at dei tok inn i munnen med det som var så vanleg at naboen bryggja. Far min og bryggja, men då våre born byrja vekse til, så slutta han å bryggje, men han gjekk no bort til naboen og han smakte no på hans øl, det såg vi no. Men han slutta då for han hadde mange gutar, men dei kom no til likevel. Dei lika no å ta seg litt øl, helst heimebryggja øl. Men eg likte ikkje å sjå at dei drakk, då sprang eg helst min veg, og det var det mange av jentene som gjorde. 

Var det avholdslag i bygda?

 

Ja, men det var helst eldre folk som dreiv det, sånn komne i giftande alder, men og eldre som slutta seg til avholdslaget. Og det var regelmessige møter. Det var han Per Solvang som dreiv med det mykje. Det gjekk veldig fint det han arbeidde med, på alle bauar. 

Vil du seie at dei fleste var med i avholdslaget av ungdomen, eller er det feil?

Ja, eg trur at dei fleste var med der, så vidt som eg kan huske så var ihvertfall vi på jentesida med, og det verka godt på gutane, dei viste at vi holdt oss på avstand frå dei. Dersom dei kom påverka på festane så stod vi samla imot dei. Så dei hadde det ikkje så hyggeleg. 

Såg du nokon gong at der var jenter som røykte?

 Nei det forekom ikkje. Vi hadde trutt at dei ikkje var kloke. Men no er det no sa vanleg. Det har kanskje minka litt i den seinare tida. No er det snart like mange kvinner som menn som røyker.

 

Musikk.

Desse festane som skyttarlaget hadde, kva slags musikk var det de brukte?

 Ja, fele var mykje brukt, men det var og brukt trekkspel. Men vi hadde ein oppe i Lervika. Han var veldig flink til å spele fele. Elles så var det ein par som spelte trekkspel, men vi ville helst ha han Ola i Lervika til å spele. Og det var gammal dansemusikk om eg skal seie det sånn. 

Kva har du å seie til det? 

Eg veit ikkje om vi kalla det gammal, men det var no musikk frå den tid. Men det var ikkje noko kome med av dette hoppsan heisann frå i dag. 

Kan du huske om det har vore stor forandring frå du var ungdom og oppover?

 Ja, forandringa har no vore i den seinare tid. 

 

No synest det har gått rivande fort med mykje som kjem til med kvart. No er det slik at vi nesten ikkje kan følgje med lenger. Eg synest musikken i dag den kan eg no mange gonger styre min begeistring for, no tenkjer eg no helst på pop og det som kjem inn under det. Men så har vi no mykje flott musikk med spelemannslag og denslags, det er mykje lenger kome enn i vår tid.

Så når det gjeld krigstida, korleis vil du skildre ungdomen sin situasjon då, jamført med det inntrykket du hadde av ungdommen sin situasjon tidlegare og vi kan vel også ta i etterkrigstida?

Ja, når eg tenkjer på ungdommen vår, ja vi som var unge i krigstida, så vil eg seie at eg kan ikkje rose den nok. Det var, bortsett frå nokre få, så stod dei last og brast med land og folk, og kva dei utsette seg før ungdommen i den tida, det veit berre vi som levde i saman med dei. Både dag og natt. Vi hadde no mange vakenetter for å utføre våre oppdrag. Eg sa oppdrag, og det hadde vi storfelte opp drag, så det var no ei herrens lukke at mange av oss kom i frå det utan å kome i bolt og jarn.

 

Godt forhold mellom bygdene.

Reiste de ut av bygda for å treffe andre ungdommar mykje? 

Ja, vi reiste f.eks. til Nordfjord, kvar haust i alle fall, og om sommaren då tok vi til fjells dersom vi visste at det var nokre festar som vi visste om. Vi var alltid velsedd. Vi var like velsett på deira kant som når dei kom til oss. Det var eit veldig godt forhold bygdene imellom.

 Hadde de nokre bestemte ungdomsideal, eg tenkjer på popstjerner, idrettsfolk, politiske eller religiøse førebilete? 

Vi hadde ikkje så mange sådanne som dei har i dag. Men vi hadde vel kanskje andre ideal når det galdt på mange måtar i politikken. No kjem eg igjen til krigen.

 

Der hadde vi våre store ideal som vi både beundra og samarbeidde med i den utstrekning vi rakk å gjere det. Og det var veldig kva vi syntest vi mange gonger kunne gjere både for det eine og for det andre. Eg var no på kysten i den tida, og der var det NTB båtar som kom og reiste nesten i rute. 

Dei kom no med forskjellig, og dei hadde og med seg ting tilbake. Eg hugsar den andre krigsjula, då var det nokre fine graner som vi såg var hogde inni plantehagen vår på Skorpa. Då viste det seg at det var ein NTB båt med våre som hadde vore opp og hogd juletre og teke over der. Detta var veldig omdiskutert etter krigen. Det var han Anfinn Æsesund som kom opp. Han for med dessa NTB båtane og han var ein uforfærda krabat. Han skydde ikkje noko. Det var ein julafta vi sat ute i heimen hans og åt ribbe, og då stod han Anfinn plutseleg midt i døra, og mora hans holdt på å besvime, så overraska var ho. Men det var no fint gjort likevel. Han var i uniform. 

 

Klær og motar.

Når det gjeld motar og sånn, når det gjeld klær, har du noko å seie til det? 

Ja det synest eg. Vi hadde blitt omsnakka dersom vi skulle gått så grysjeleg som dei gjer i dag, i dongeri klær til best og anna. Men vi var veldig bevisste. Det beste var kun godt nok til fest og anna. 

I dag er festkledninga dongeri, men dei er dyre nok og. La de stor vekt på at de skulle vere pent og godt kledde når de skulle på fest og til kyrkje, og passa de på det å ha andre klær på om søndagen?

 

Ja, det gjorde vi, det var søndagsklærne. Og når vi skulle til kyrkje så hadde vi no kyrkjeklærne, som vi sa. Og dei var no ikkje brukte til kvardags. Vi forsøkte å ha noko til allsalgs bruk. Heime brukte vi å gå i tresko. Eg huska at far min hadde eit par som vi kalla lesko som han hadde hengt høgt opp under taket så eg ikkje skulle få fatt i dei, dei skulle no brukast til aller, aller best. Men så var det no ein søndag han var vekke, og der hekk dei no der oppe. Så fann eg noko eg kunne k lat re opp på, og henta skorne. Etterpå så vaska eg no godt av dei så ikkje han skulle sjå at eg hadde brukt dei. Men det syntest eg var så høgtidleg å gå i dei i staden for tresko, på ein søndag altså. Slikt var så storarta at eg berre hugsar det.