|
Side 5 |
![]() |
|||
|
Barneår. "Det var nok at far min såg på meg". Alt hadde betydning for oppdragelsen. Gravferder og gravferdsskikkar. Bibelhistorie i første time på dagen. Stor etterspørsel etter smøret. Gardsdrift og fiske på Skorpa.
|
Og du kunne no fortelje litt om det, om matlaging, reingjering, husarbeidet i det heile, safting, sylting og slakting korleis det var? Ja, når det galdt vassbering, så trur eg no at eg kan snakke om det, Det var no lenge før eg vart konfirmert då måtte eg bere vatn i vassele og to bytter frå ei islagd elv til eldhuset. Dersom det var hålt og sånn. Så måtte eg først og fremst sande vegen frå eldhuset til elva, og så hadde eg to bytter, så måtte eg hogge hol i isen i elva, og så måtte eg ause opp vatn i bytta, hvorpå eg måtte bere dei til ein stad som heitte eldhuset. Der hadde vi tynnegryte. Og den måtte full berast av vatn og så måtte det leggast varme under den for dette skulle verte kokande varmt vatn.
|
Og så skulle det ausast i nokre store trebytter som var fylte med høy,og der måtte dette kokande vatnet slåast ned på dette høyet, som det vart laga log (låge) med. Dette skulle vere så godt for kyrne, slik at dei mjølka betre. Og dette holdt dei med på i heile min oppvekst til eg var ute og var budeie eit år, der eg såg at det føregikk seg på ein annan måte. Etterpå den tid så heta vi ikkje vatnet til kyrne på den måten. Vi brukte temperaturen i fjøsen og då hadde vi fått innlagt spring. Det var no lenge før vi fekk det, men eg hugsar at vi var dei første som fekk innlagt spring der på garden. Det var eit stort gode. Men der var far min føre sin tid. Vi fekk grave brunn og fekk innlagt vatn i kjøkenet og i fjøsen. Og då hadde det ikkje å bety lenger det harde arbeidet med å bere vatn frå ei elv som var langt vekk. |
||
|
|
||||
|
Det var om hausten de holdt på å slakta? Ja det var om hausten, og det kan eg og hugse. Eg hugsa det spesielt p.g.a. at far min og nokre andre naboar dreiv med geiter, og det var eit veldig slakteri då hausten kom. Og eg tørde ikkje vere med på detta arbeidet, og eg måtte vere så langt borte at eg ikkje høyrde donka helde. Og så veit eg det var ein dag det var så mange geiter dei holdt på å myrde på at då mor min kom inn etter å ha stått og rørt i
|
blodet heile dagen, då sa eg at eg er mest ikkje god til å sjå deg når du kjem frå detta arbeidet. Eg hadde slik frykteleg motvilje mot slakting, at det fekk dei aldri meg til å vere med på. Eg gøymde meg vekk. Når vi skulle slakte grisen, då for eg til ein plass slik at eg ikkje skulle høyre lyden av dei. Det var gjerne ein lyd å høyre når dei skulle ta grisen. Elles høyrde ein gjerne berre dunk, dunk. | |||
|
|
||||
|
Når det gjaldt dette med reingjering, så var det vel gjerne mest til jul at det var storreingjering i husa?
|
Men så var det no og på vårparten, dei var ikkje verdige husmødre om dei ikkje fekk gjort reint heile huset på vårparten. Det var to gonger for året. I våre dager er det sånn at det blir lagt veldig vekt på utdanning, ein kallar gjerne vårt samfunn for eit "utdanningssamfunn", folk går mykje på skular, lenge på skular og det er godt høve til å gjere det. | |||
|
|
||||
|
Korleis var det i din barndom med skule, og kva blei det lagt mest vekt på av faga synest du? Når det gjaldt meg personleg, vart det ikkje den store vidaregåande utdanninga. Men eg vil seie det med eit anna ord: Det har vore livets skule så har måtta vorte den beste utdanninga, og etter som dei tar den så kan det verte ei fullgod utdanning dersom dei har eit lyttande øre og eit høyrande sinnelag. Det kan gje so mykje at det kan bli eit livsinnhold den veien. Men vi kan ikkje på noko punkt samanlikne det med det som er i dag, det må eg fastslå. Når eg tenke tilbake på meg sjølv og det eg har hatt igjennom livet,
|
så trur eg ikkje eg ville ha unnvore det, på den måten som eg har opplevd det. Og det var så mange ting som kommer inn, som erstattar det som heiter utdanning i dag. Berre den rike kursverksemda eg har hatt igjennom mitt liv, den har vore rik. Og eg har jo og vore blant dei heldige som har kunna dreve kursverksemd og hatt andre som mine kursdeltakarar. Og det var like belærande og godt som om eg berre gjekk på kurs sjølv, for det har falle i min lodd å kunne gi mange ulike ting i kursverksemd Og det bar så mykje med seg at ein måtte sette seg inn i ulike forhold dersom ein skulle gje noko ved å ha andre på kurs, at det vart ein skule for seg sjølv. Kanskje vi kan gå litt tilbake. | |||
|
|
||||
|
Kanskje du kan fortelje litt om skulen i barndomen din, altså folkeskulen der oppe i Sunndalen? Ja, den står føre meg som eit lyspunkt. Heile skuletida. Det er mange som seier dei er glad dei er ferdige med skulen, men eg var glad i å gå på skulen heile dei sju åra eg gjekk på skulen og eg var veldig glad i skulelæraren min. Han kom inn på eit tidleg tidspunkt i vår heim, medan eg endå ikkje var skulepliktig.
|
Men eg kan hugse at det var omgangsskule, vi var hos naboane, det var 14 dagar vi hadde skule, og så var læraren vekke i 14 dagar og kom igjen, og så var det med neste nabo. Vi var fire naboar, og så fekk vi storstova med neste nabo og slik gjekk det på omgang, og vi sat ved langbord, og det var veldig positivt den måten. Eg var ikkje meir enn 6 år, og 5 år var bror min då skulen kom til oss. Då gleda vi oss mykje, og då kunne vi stå og kike inn i storstova, og då kunne Høydal komme ut og sa at det er berre å kome inn. Og då sat vi stille som nokre mus og høyrde på dei andre. Og så hende det at han kom heim med ein griffel og ei tavle som vi fekk streke på, og det var reine høgtida. | |||
|
|
||||
|
Bibelhistorie i første time på dagen. Korleis var det med læremidla, ja, griffel og tavle det var greitt, men korleis var det med bøker? Griffel og tavle det trur eg at det var læraren, Høydal som hadde med seg. Om far min betalte det, det kan eg ikkje seie for sikkert. Men eg veit i alle fall det at ABC'a den hadde vi no heime. Og når vi skulle ha første leseboka, så veit eg no at det var i heimane den vart kjøpt, og vi måtte holde oss med læremidla sjølve. Eg kan ikkje huske at noko var tildelt oss i skulen, som gave derifrå. Kva for bøker brukte de utanom det som du no seier, utanom leseboka? Ja, då hadde vi bibelhistorie og forklaring og så hadde vi noko som heitte reknebok. Ja den bytte no namn etter som åra gjekk veit du. Og så hadde vi historie, det var noko heilt storarta. Vi hadde noko som heitte noregshistorie og noko som heitte verdshistorie, og det var nokre kjekke bøker å stifte bekjentskap med.
|
Men kva med geografi? Visst hadde vi geografi, det er klart vi hadde. Der hadde vi no kart både når det galdt norgeskart og andre på veggen. Eg kan no huske at vi lærte at vi hadde 5 verdsdelar, og elles så måtte vi no huske hovudstadane i dei ymse landa dersom vi skulle få god eksamen, det huska eg no. Når det galdt religion, kristendomsfag, vart det lagt stor vekt på det, og kva for lærebøker hadde de? Ja, i kristendomsfag der hadde vi det som heiter bibelhistorie og forklaring. Men det vil eg seie at det var det lagt store vekt på og det begynte den første timen kvar skuledag med bibelhistorie. Då skulle vi kunne den utenav, og då skulle det ikkje vere mykje setningsfeil på dersom det skulle vere godteke. Kva for fag vil du seie det vart lagt mest vekt på den gongen? Eg trur eg vil seie kristendomsfag, rekning og skriving. Det var dei tre faga det vart lagt mest vekt på.
|
|||
|
|
||||
|
Dersom du skulle ta ut nokre fag som du likte betre enn dei andre, kva vil du seie då? Ja, då vil eg seie ved sida av religionsfaga, dei brukte eg å kunne og eg likte dei og, for eg vil seie at Høydal han hadde ein veldig interessant måte å legge ut desse faga på, men så var det historie eg var veldig glad i historie.
|
Noregshistoria den lærte eg akkurat som bibelhistoria. Og verdshistorie og den var eg veldig interessert i. Men det som eg ikkje var fullt så interessert i det var rekning, men eg kom meg no fram der og. Men eg var ikkje så veldig begeistra for reknetimane som for historietimane. Det var to forskjellige, som eg såg fram til med forskjellige forventingar. | |||
|
|
||||
|
Er det noko i skuletida di som har gjort spesielt inntrykk på deg? Ja, då kan eg fortelje om ei morgonøkt på vinteren som gjorde eit veldig inntrykk på meg. Det var læraren vår som hadde skule, som måtte gå lang veg for å kome på skulen, for han budde på Midtbø. Og så kan eg huske ein vintermorgon, det var heilt mørkt, og eg sat på kne framfor glaset. Då var skulen hos oss den turen, og vi, far min og mor mi, ville ha læraren til å ligge over frå kvelden og til neste dag og ikkje gå heim, for isen var veldig dårleg på Sunndalsvatnet. Og så var det denne mørke vintermorgonen eg sat på kne framfor glaset og keik ut og nedover Sunndalsvatn, og eg såg lys, og fortalde til dei andre at no ser eg Høydal ned med Storlia.
|
Plutseleg så var lyset heilt vekke, og dei andre og var redde for at Høydal hadde gått gjennom isen, for den var som sagt så dårleg at det var ikkje forsvarleg å gå den. Og alle naboane i alle fire husa, dei la ut på isen, der var litt snø på den, og dei fekk på skia i ein fart og ned og dei var komne langt forbi Storelva og langt forbi Storlia, og der trefte dei heldigvis Høydal, opp på isen. Han hadde ikkje gått igjennom. Då hadde han fått den ideen at han skulle spare på lyset, og slokt lykta og sette heile Sunndalen i eit opprør kan ein seie. Vi var sikker på at der låg han og drukna i isen. Og den vintermorgonen den kan eg aldri gløyme iallefall i mi skuletid. Men han kom seg vel ifrå det den gongen og. Han hadde mange vonde turar på den isen. Det hende at han måtte gå heile den stranda, og det veit ikkje nokon om kor den var unnateken dei hadde gått den ein gong. | |||
|
|
||||
|
Ja, du fortalde om griffel og tavle, lærebøker har du og fortalt om, men kva brukte de elles på skulen til læremidlar? Ja, eg kan ikkje huske at vi hadde andre læremidlar enn det som eg no har nemnt opp, og det hadde vi ikkje heller, så det var veldig enkelt imot det vi har i dag.
|
Eg trur ikkje vi hadde form for noko slags gymnastikk, men den tok vi derimot i friminutta. Eg trur vi mangla ikkje på gymnastikk.
Var læraren med dykk og leikte? Nei, det kan eg ikkje huske ein einaste gong han var. Vi hadde våre leiketimar ute, og det fekk vi presis liksom det høyrde til. Då hadde han ein godprat med dei øvrige i familien, og det såg både læraren og dei like mykje fram til, så då hadde dei ein godprat medan vi var ute.
|
|||
|
|
||||
|
Kva tid på dagen byrja de på skulen og kva tid slutta de? Vi byrja kl. 9 om morgonen og så slutta vi kl. 4. Hadde de middagspause? Ja, det hadde vi. Det tok ein time det. Og då hadde ikkje vi elevane lenger å gå, enn at vi kunne gå heim og ete middag. Læraren han hadde somme tider niste med seg, og somme tider var han innboden til middag til dei som skulen var holdt hos. Og det syntest eg alltid var høgtideleg, når skulen var holdt hos oss, sa var det så kjekt å vite at då skulle Høidal ha middag hos oss. Og så skulle han ha kaffi når han kom og kaffi når han for igjen. Og detta trur eg var det same hos alle naboane. Men no vil eg føye til at det var straks etter at eg var slutta på skulen, at då hadde far min fått ei stove som var ledig då, og leigde den bort til skulestove. Så der var skulen samla på ein stad seinare.
|
Men den gangen då de hadde denne omgangsskulen, så var det slik at dei forskjellige som skulen var hos, så hadde ein den gratis der, de fekk ikkje noko for det å ha skulen i huset? Eg kan aldri hugse at ein hadde noko vederlag for å ha skule. Men eg veit at då far min hadde den stova som stod for seg sjølv som han leigde vekk, så fekk han for å ha skulen der, men eg trur ikkje at dei hadde noko vederlag for å ha skulen hos seg, det høyrde eg ikkje noko om, men eg kan ikkje seie det med sikkerhet. Sat de ved pultar? Å nei, det var ikkje pultar til skuleborna før dei fekk den stova som far min leigde ut. Men då fekk dei pultar. Før då sat vi ved langbord. Læraren sat på det eine hjørnet, og vi sat på kvar side. Det var samla skule heile tida vi gjekk. Kan du huske at det var nok varme i rommet der skulen var? Ja, det var alltid varmt og godt, det sytte dei føre der skulen var.
|
|||
|
|
||||
|
Når det galdt reglar og sånn på skulen så kan du kanskje fortelje litt om det? Dersom du meiner reglar i den forstand at vi hadde det oppsett som det som høyrde til skulen sitt reglement, dei holdt vi oss etter, og spesielt var det ein ting i dei dager som det er stor forskjell på, som var betre for lærarane i dei dagar enn i dag, det var at borna når dei var i skulen så holdt dei seg stille og oppmerksame og lydhøre. Dersom læraren merka at det var nokre som ikkje høyrde etter så kunne dei få eit lite kakk i bordet så dei vakna til. Men eg tenkjer på læraren vår som ein veldig tålsam, og snill og god lærar. Eg kan ikkje tenke på han som noko anna. Slik at disiplinen i skulen den var gangen den var god i skulen, meiner du? Ja, det meiner eg. Det kunne no vere litt annleis. Eg kan huske ein gutunge som byrja utarte seg litt, men han vart utvist ein gong, og det viste seg at det hadde god virkning. Og dersom han hadde tilløp til noko anna seinare så kunne han berre seie til han at dersom han ikkje oppførte seg bra, så visste han at det vart rette vegen ut.
|
Det vart ikkje noko strengare straff det, og det hjelpte godt. Eg kan huske eit par gonger dei måtte fram og stå med ei vedskie i neven. Men eg kan huske berre to gonger, men det var vel to gonger for mykje og. Vedskie i neven. Korleis foregjekk det? Eg ser det føre meg. Dei skulle stå framme foran skuleklassen. Og så skulle dei stå med ei vedskie i neven opp i veret, slik at dei var meir synlege. Men det var ein straffemetode, han var ikkje oppbrukte, det var han ikkje. Eg kan berre huske to gonger det hende. Det var for leksesvikt, dei hadde ikkje gjort leksene på fleire gonger det som dei var tilsette å lære i lekse, og då vart detta ein straffemetode for det. Eg har høyrt om noko som vart brukt tidlegare i skulen, og det var å ha elevane i skamkråa, som dei seier. Var det brukt der oppe hos dokke? Ja, eg ser det som skamkrå det at dei måtte stå der framme og holde ein vedapinne i lukta. Men eg veit ikkje om vi såg så alvorleg på det vi andre elevane. Vi såg det no meir som ein overgang, og det var ikkje så ofte heller. Kva var det strengaste straffemetode dei brukte? Eg meiner det måtte vere det. Det var ikkje brukt noko anna straffemetode. Noko handgripelegheit i den forstand var det ikkje. No gjekk du i skule i Sunndalen, der du budde.
|
|||
|
|
||||
|
Kva med folk i Grøndalen, dei hadde den lange og vanske lege skulevegen ned til Sunndalen for å gå på skule, kan du kanskje fortelje litt om korleis det utarta seg? Ja dei hadde det veldig travelt når dei kom i frå Grøndalen og i Sunndalen og skulle gå tilbake.
|
Men det vart ei frivillig sak for dei var no alltid tilbydd nattopphald. Ofte så budde dei 10 med oss, for den eldste av jentene ho var på alder med meg, og det var no naturleg at ho overnatta der. Og så hadde ho ei syster seinare og ho overnatta no og. Og så var der nokre gutungar, men dei var no meir robuste og tok vegen heimatt, men det hende no at dei og låg igjen, men det var no helst der som skulen var. Men det var no ofte det at ikkje v i hadde skulen, men dessa jentene frå Grøndalen overnatta hos oss. | |||
|
|
|
|||