Side 4

Barneår.

Lang og tidkrevjande reise.

Jordmor.

Barndoms-
heimen.

Rømmekrukka.

Senger og sengklær.

Straum.

Kosthaldet.

Krigstida.

Ulltøy.

Veving.

"Det var nok at far min såg på meg".

Alt hadde betydning for oppdragelsen.

Helg og høgtid.

Barn og lærar.

Døgnrytme.

Skumringstime.

Song og spel.

Radio.

Leik og idrett.

Juleselskap.

Gravferder og gravferdsskikkar.

Kvinnearbeid og
mannsarbeid.

Då vi fekk innlagt
vatn.

Slakting om hausten.

Julereingjering

"Livets skule".

Glad i å gå på skule.

Bibelhistorie i første time på dagen.

Historie var best.

Lyset på isen.

Leik ute.

Lang middagspause.

Straffemetodar.

Elevar frå Grøndalen.

Ville bli jordmor.

Ein stor sangpedagog.

Foreningsliv.

Festar.

Røyking og alkohol.

Musikk.

Godt forhold mellom bygdene.

Klær og motar.

Reise.

Første tur til "byen".

"Den rosemåla kista".

Første bilen i Florø.

Syklar.

Støylen.

Mjølk og smør.

Utslåttane.

Treskjemaskin.

På kverna.

Stor etterspørsel etter smøret.

Kjøp og sal.

"Ugjort arbeid slit mest".

Fiska ørret.

Gardsdrift og fiske på Skorpa.



Barn og lærar.

No har du fortalt til forholdet til foreldra, men korleis var det til andre vaksne, f.eks. barn og lærar i den tida?

Ja, barn og lærar der har ikkje eg anna enn eit stort og godt minne å sjå tilbake til. For eg var berre ei lita småjente då eg vart kjent med han som skulle vere læraren min alle skuleåra mine. Og han vart eg veldig glad i heilt sidan eg var eit lite barn. Eg var berre 5 år då sat eg på kneet hans då han kom inn til foreldrene mine, for dei var veldig gode venner.

Og vi hadde ein selskapeleg omgang med lærarfolka i bygda. Han heitte A.L. Høydal han, og dei fortalde meg han, men det hugsar eg ikkje, at eg sat på kneet hans ein gong han kom inn der og han synest eg hadde veldig god sangrøyst og då sang eg heile songen: Herre Jesus Krist, min Frelsar du est, til deg håper jeg alene. Jeg tror på deg, forlat ikke meg, så elendelig, meg trøster ditt ord der ene." og alle versa skulle eg synge til han då eg var 5 år gamle. Og detta trur eg hadde gjort inntrykk på han, slik at det var litt sånn, vi hadde eit godt auge til kvarandre heile skuletida oppover. Og eg var i veldig god forståelse med læraren min.

 

Døgnrytme.

Eg tenkjer på det med døgnrytmen, kveldane for eksempel, kva for gjeremål hadde de på kvelden, lekselesing, arbeid og liknande. Kan du fortelje litt om det?

Eg vil gjerne fortelje litt når det gjeld lekselesing. Det måtte vi no har unnagjort før den seine kvelden kom. Men eg kan hugse kveldane med mor mi og meg. Ho sat og spann og eg måtte karde til henne bestandig. Og då kunne mor mi fortelje frå sin ungdom og vi snakka som to venninner, og det var alltid hyggeleg. Ho fortalde frå då ho var småjente, og då ho var ung, og kva hennar ungdom gjekk ut på før ho kom til Sunndalen som tenestejente på garden er ho vart gift. Og eg syntest detta var akkurat som om eg sat og les ei eventyrbok. Då gjekk det mykje lettare for meg å karde, og eg spann.

 

Når ikkje ho snakka med meg så surla ho og sang, og då lærde eg mange songar som eg kan den dag i dag. Og no i den seinare tid, så er det som om eg forstår dessa songane mykje betre enn eg nokon gong har gjort, innhaldet av dei ihvertfall. Og dei har eg kunna sidan, og dei syng i meg i dag meir enn dei har gjort før 

Leggetid om kvelden, vart det tidleg eller seint? 

Eg vil helst seie seint , i alle fall når mor mi sat med rokken og eg karde. Og far min arbeidde tungt ut med køyring av material, tømmer eller favnved eller kva det kunne vere. Heile tida arbeidde han ute på vinteren, og då hadde han seg ein god sovepause før dei andre tenkte på å gå i seng. Han vart aldri forstyrra av oss barn når han la seg til å skulle ha ein blund, så sov han. Aldri vart vi refsa for leik eller noko, han sov heilt utanfor og hadde seg sin gode blund om kvelden når han kom inn. 

 

Skumringstime.

Var det nokre faste samlingsstunder for dokke i familien, enten det var på kvardagane eller helgane? 

Ja, samlingstund det var dei vanlege . Det kunne vere ei tid når eg kan huske at dei hadde oljelampe, då kunne det hende det at det var ein liten pause då før dei kveikte oljelampen, som var litt som ein skumringstime, etter som det høvde seg med det. Det gjekk mange gonger igjen på vinterhalvåret det. Og då sat dei og fortalde kvarandre historier, og kanskje kom det ein nabo inn, og då var det no ekte høgtideleg når dei sat og snakka slik,

 

og då sat vi ungane musestille og høyrde på kor dei snakka, og historikken dei kom med kunne mange gonger vere interessant å høyre. 

Brukte de å lese bøker og blad, lånte de bøker på biblioteket for eksempel? 

Vi hadde ikkje bibliotek så tidleg. Eg var veldig glad i å lese, men eg fekk lånt  forskjellig lesestoff hos våre naboer, vaksne naboar, og at dersom far min såg lysglimt frå loftet der eg låg. Eg måtte ofte dempe det slik at eg fekk lese så lenge som muleg, elles kunne det bli ein kakk i lemsgolvet at no var det tid å legge seg å sove. Men eg var veldig å lese om kvelden så det lurte eg meg til så mykje om råd var.

Song og spel.

Kan du hugse om det sang i heiman den gongen, om folk hadde sangbøker om dei hadde musikkinstrument? 

Ja, så mykje instrument var der vel ikkje. Eg hugsar at vi frekk ei nabokone, ho var i frå Nordfjord, ho spelte gitar og hadde gitar med, og eg var berre, ikkje konfirmert då eg måtte få min gitar, og då gjekk eg der søndagane og lærte å spele gitar og song og så kunne vi spele i lag, og det hadde vi mykje hygge av. Der brukte vi å sitje i ei kalde stove på vinteren, men det gjorde ikkje så mykje, og vi frekk mykje ut av det. 

 

Radio.

Og radio, var det det den tida? 

Radio var der ikkje den tida. Og eg var vel konfirmert då eg høyrde den første radioen, det gjorde eit mektig inntrykk på meg, det huskar eg, ja det var ein slik som ein sveivar opp, ja det var ein grammofon sjølvsagt. Men før den tid, så hadde eg ein morbror som kom, og han hadde noko med seg som han spelte på, det heitte prosjektiv. Det var slik høgtid når han kom med detta der, kom med prosjektivet og sveivde og spelte den eine slåtten etter den andre, det var verkeleg ein høgtidleg ting. 

Men når det galdt radio, så kan du ikkje huske årstal eller kva tid det var du hørte det for første gang. 

Ja eg vil ha det til at det var no rundt 1920 første gongen eg høyrde radio. Det var ein lærar på Skorpa som hadde ein slik, og då var det fullstendig folkevandring til han for å høyre på dette her, det var det. 

 

Leik og idrett.

I våre dagar så ser vi at barn og ungdom dei brukar mykje av si tid til leik og idrett og sånn. Korleis var det i din barndom og ungdom, hadde de mykje tid til slikt? 

Eg vil ikkje seie vi hadde så mykje tid til det som dei må ha tid til i dag. Men det kan no hende at tida er nytta på ein annan måte i dag enn i vår tid. Men eg vil seie at det vart meir av de som ein kallar produktiv arbeid vi vart sette på, og det vart ikkje så mykje tid til verken det eine eller det andre av det som heiter trim, eller gymnastikk eller kva du vil, det vart nok gymnastikk av det som vi var med i det daglege arbeidet som dei venta av oss så snart som vi var så pass at vi kunne gjere noko nyttig, og vi var ikkje forvande med noko anna. Det som vi kunne ha av ting, det var ski, som vi var nøydde å ha. 

 

Skøyter det fekk vi gjerne, og det var no ein stor ting å få eit par skøyter. Eg hugsar mine første skøyter sin eg fekk og det var før dei andre jentene hadde nokon og då var eg mektig stolt. Og det var han far som hadde kjøpt dei til meg til jul, og den julegåva gløymer eg ikkje.
Vi var nøydde å ha ski for å kome fram.Kjelke det var no gjerne noko som vi fekk, og det og var vi delvis nøydde til å bruke. Kjelke det brukte vi og mykje i fritida. Då kunne vi ha mange hyggeleg og koseleg kveldar når vi samlast i ein stor kjelke eller skibakke. Og det var både frydefullt og ein fin sport og vi hadde måneskin og passeleg klima elles. Så det er ting som står føre meg som veldig hyggeleg. 

Leika gutar og jenter saman? 

Ja, det gjorde vi. Det var ikkje snakk om anna enn å leike i saman. Og så var det no slik at når vi rende på kjelke så var det no gutane som måtte ta over styringa, og vi følte oss no litt usikker dersom vi ikkje hadde nokon av gutane sitjande bak å styre når vi skulle renne ubeskriveleg farleg og fort på ein kjelke.

 

Juleselskap. 

Og så er det spørsmål då om kor det var når det var selskap av forskjellig slag, eller spesielle dagar som når det var barnedåp, det kunne vere konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Var dette viktige og var det mange gjest er i så måte? 

Ja, eg skal spesifisere dessa tinga. Når du spør om selskap så var det i allfall ei selskaplegheit som vi borna såg fram til, det var juleselskap. Det såg vi fram til med stor forventning, når vi skulle til naboen i juleselskap, og når naboen skulle til oss, det var store opplevelser. Og då hadde vi det kjempekoseleg, vi barna for oss, og dei eldre for seg. Vi kunne vere i samme stua, men vi hadde det kjekt på kvar våre bauar. Når det gjelde barnedåp då var det som regel bedd fadrane. Det er det eg kan huske av dei første barnedåpane. Eg hugsar godt min eigen konfirmasjon, den kan eg vel aldri gløyme. Dei hadde lagt opp til noko spesielt stort når eg vart konfirmerte, far min hadde kjøpt inn og dei hadde slakta i anledning dagen. 
Men eg visste likevel ikkje at det bar fram til det første konfirmasjonsselskapet som var holdt i bygda, og som vi ikkje hadde høyrt tale om før.

 

Men då eg kom heim frå kyrkje då var det laga fin middag av ein ver som far min sikkert hadde sett ut til den dagen. Så hos naboen vår der var det komne mange nordfjordingar i anledning konfirmasjonen i Norddalskyrkja. Dei var framme hos naboen, og det som hende då var at dei vart bedde inn til eit verkeleg stort selskap og det var akkurat det første konfirmasjonsselskap som var i bygda og som eg høyrde i gjete.Men det blei meir og meir etter kvart at det vart skikk og bruk at dei skulle ha slike lag til konfirmasjon, for ikkje å snakke om i dag . Det er no slik overveldande at det kan no ikkje samanliknast med det, for det utarta seg meir og meir etter kvart., men det er no hyggeleg og. 

Og så er det bryllaupa då? 

Ja, første bryllaupet som eg kan minnast det var hos naboen vår, då var eg ein liten jentunge. Då hadde vi det kjempekjekt og eg syntest det var så fint å sjå på ei brur som hadde krone, og det 
var mykje god mat, og vi leika oss mykje i lag vi borna. Det var så storarta allting. Det var eit bryllaup som varte i tre dagar. Men så var no brura frå Nordfjord og dei brukte det slik. 

 

Gravferder og gravferdsskikkar.

Ja, fekk borna lov å vere med i samkome, i bryllaup på same linja som dei vaksne, nei? 

Det fekk dei lov til når det var naboar i næraste grannelag, då fekk vi lov til det, og det var vanleg brukt, dei kom med borna, og det gjorde dei i eit bryllaup og dersom foreldra var bedde slik som i eit grannelag, slik som vi var. Vi var 4 naboar, då var det sjølvsagt at borna var med foreldra sine både i det eine og det andre laget som dei var bedde. Eg kan spesielt huske at vi var med i begravelse.

 

Og begravelsane slik som dei var haldne då, dei var på ein heilt annan måte enn no. Slik som der oppe i Sunndalen, der var vi fire naboar, der var vi kvelden før samla, heile familien og borna samla i huset der som den døde skulle berast ut dagen etterpå. Og der var det duk og dekka bord og der sat vil til langt utover. 

Og neste morgon då måtte vi kome til frukost, og så vart det då dei vanlege seremoniane. Den døde vart boren inn i den retteleg store storstua og så var det då snakka over båra og det var ein føresongar, og den vart ikkje dekka til før etter denne seremonien, og der sat vi og såg ned i ei opa kiste. Og det måtte vere utenkt i dag, men vi borna syntest detta var så naturleg å gjere. Eg følte ikkje nokon uhygge så eg kan huske det, eg var så vandt til det. 

Kvinnearbeid og mannsarbeid.

Når det galdt husarbeid den gongen, det var vel kvinnene som måtte gjere?

 Ja, det var det i høg grad. Det var no lenge det var rekna som ei stor skam om mannen måtte gjere fjøsen, så måtte no nesten det holdast hemmeleg, slik var det. Men der er no likestillinga komen inn i dag, det er no eit stort gode. 

Kva tid måtte barna byrja å hjelpe til heime? 

 

Ja det var så snart som dei kunne snakke reint. Dersom dei kunne gå eit ærend og hente tøflane, eller kva det kunne vere så måtte dei komme inn som noko som kunne vere eit hjelpande moment i huset. Og utnytta vart dei på gardane i alle fall. Der vart dei utnytta frå dei var ganske små til ting dei kunne gjere. Sjølvsagt fekk dei sine friøkter men måtte og rekne med at dei måtte være til nytte. Og den gongen var det ikkje lagt inn vatn i heimane så dei måtte bære vatnet.