|
Side 3 |
![]() |
|||
|
Barneår. "Det var nok at far min såg på meg". Alt hadde betydning for oppdragelsen. Gravferder og gravferdsskikkar. Bibelhistorie i første time på dagen. Stor etterspørsel etter smøret. Gardsdrift og fiske på Skorpa.
|
Ja, i våre dagar så er det slik at klærne dei skal være slik og slik, dei skal følgje moten, og dei skal skifte stadig vekk, iallfall hos ungdomen. Korleis var det på den tid då du var ung, Laura, kan du fortelje litt om korleis de hadde det i klesvegen? Ja, det kan eg. Det vil eg seie at eg tykte vi var veldig klesbevisste. Heilt frå vi var ungar av så såg vi no gjerne på kor dei andre gjekk kledde, og så ville vi no ikkje vere ringare. Men dersom vi fekk noko utanom, som ikkje dei andre hadde, så kunne vi verte utsette for det at dei sette utnamn på oss.
|
Eg kan hugse for eksempel at etter at og var byrja på skulen så vidt så hadde eg ei tante som var så veldig flink til å sy, og ho skulle no alltid bruke meg som forsøksobjekt til å lage sine kunstar og legge dei for dagen. Så hadde ho sydd meg ein kjole og den hadde ho sydd halve skjørtet eller nedom livet i noko som heitte vaffelsøm. Han var veldig fin den kjolen og overdelen hadde ho brodert med garn, nokre blad og greier som tok seg veldig godt ut. Men då vart dei andre skulejentene veldig misunnelege på meg med ein gong, og så sa dei alltid når eg kom i denna kjolen at "No kjem ho i huldrekjolen sin igjen, huldra, huldrekjolen". Og eg tykte at denna var så fine, men eg tenkte at og skal no ikkje slutte å bruke kjolen for det, og så gav dei seg litt etter litt med heile huldrekjolen og dei måtte godtake at og hadde noko som dei ikkje hadde akkurat same sorten. |
||
|
|
||||
|
Kva for klær laga de på garden? Ja, det som angikk klær til born eller til damene eller kvinnene på garden, så kan eg best huske at det var heimevove. Men det var fint for det, for dei kjøpte noko varp, som var bommulsbetont, og så hadde dei det som renning, og så rende dei mønster inni. Mor mi rende fine mønster inni då ho endå rende det på bommen og dette kom fram att når ho trødde seinare i veven så kunne ho trø mønsteret inni i forskjellig skifting på trødene. Så vi kunne verkeleg lage pene kjolar. Dei var så flinke å veve i den tida, at det kom mange pene mønster fram og så sydde dei som regel desse klærne i heimen, nokon som kunne sy, eller dei kunne få andre som sydde til å sy det. Garnet i det som kallast vevt, det måtte vi karde og spinne. Til tynnare tråd vi kunne karde og spinne til finare vart det denne vevten som vi hadde til dessa kjolane, og eg kan huske at vi fekk verkeleg fine kjolar utav det heimevirka. Men ein kunne no og kjøpe ty, men det var meir sjeldan. Men mennene dei måtte kjøpe tøy til å bruke i dressar, men det var og noko som heitte vadmål, men det brukte dei mest til bruksting. Men til finare ting der kunne ein kjøpe noko blå virken, som dei i der i tida alt var byrja å sy til bestbruk, Ull det brukte de mykje til gensar og sokkar og undertøy kan eg tenkje meg. Ja, ulla den spann dei no bokstavleg talt all som dei fekk av sauene. Og det var til å byrja med ein gong om hausten til å karde og spinne, og så var det å sette vevstolen opp, og så var det vanleg god skikk og bruk å verte ferdige med veving til jul, og då kunne det vere hektiske dagar før jul, for då måtte vevstolen komme ned og verte sette til sides før den store julehøgtida kom. Og etter jula var det til å virke opp på den eine og på den andre
måten til klær, og det som var då veve, til kvitlar i dei
dagar som eg snakka om, som vi kallar ullteppe i dag, det vart gjerne sendt til noko som dei kalla å stampe. Og der var vi sjølvhjelpte
på garden og det vil eg seie at farfaren min han hjelpte heile bygda, for han hadde eit verkstad som heitte stampe. Dei kom
til han med det dei hadde veve om hausten og føre julsvinteren og han skulle stampet til dei. Og han hadde stampe og kvennhus
ståande på same staden, så han kunne bokstaveleg talt både stampe og male på samme tid, og så fekk han gjort dette samstundes.
Og på stampinga der hadde han visse øre for kvar alen, så han tente litt på denne stampinga. og kvennhuset det gjekk no til
husbruk. Og stampinga den var ein heile seremoni, han kalla det brye, eg veit ikkje kva eg skal kalle det i staden for
brye. Kanskje det er betre å forstå trau.
|
Og så gjekk der då nokre stampekovlar kalte vi dei i dei dagar. Dei gjekk vekselsvis opp og ned om ein annan beile troget bortover. Og når han sette på den turbinen, når han sette vatn på den, så gjekk dei og det var ein øredøyvande larm, og så skulle detta her akkurat verte passeleg stampa. Vart det for mykje så var det ikkje greitt å vere han, for då hadde han øydelagt noko og då hadde veven gått for mykje saman og det eine med det andre. Så han stod og passa på som ein annen smed for å få detta akkurat som det skulle vere. Då detta var ferdig så skylte han det opp i lunka vatn og hengde det opp på nokre gardstaurar som han hadde, så veven vart nesten heilt turr. Den kunne ikkje bli heilt turre for då skulle han rulle den oppatt som den var. Og då var det ommågjere at den ikkje var heilt turre for den skulle vere så glatt og fin at det glinsa av den. Då hadde han fått den rette valøren som den skulle ha når han skulle levere den tilbake. Eg kan ikkje huske kor mykje han hadde for alenen, om det var 5 øre alenen eller noko slikt, det kan eg ikkje no minnast så godt. Til større veven var til meir tente han på den. Vil du sei at det den gongen var noko som heitte mote og slik sånn som vi høyrer om og tenke og ser i dag? Ja det var det i høg grad. Eg synest vi var veldig motebevisste. Ei tid skulle dei no ha skjørt og rynka, så var det ei tid dei måtte gå veldig utover nedantil, og så kom sidda inn. Det var ei tid eg kan minnast at det berre var så vidt dei kunne gå utan å trakke på skjørtet, og det var ei høg mote ei tid. Det var det som dei brukar til selskapsbruk, ikkje i dag kanskje så mykje, men då kom dei til kyrkje i fotsidt og brukte det mykje til best bruk i heimane og. Men til dagleg så vart det no for besværleg å gå med, då gjekk dei til midt på leggen kan eg hugse dei vaksne brukte, til det som vi kalla tynneleggen i dei dagar. Når det galdt drakter, eg tenker på spesielle bunader som vi snakkar om i dag. I dag har vi f.eks. for vårt distrikt, noko som heiter Sunnfjordsbunad? Fanst det noko sånt i din ungdom.? Ja, det gjorde det, men ikkje noko som heitte "Sunnfjordbunad", men vi hadde noko som likna på Hardangerbunad og endå har eg så seint som i går sett på den smykka som eg brukte då. Bunaden hadde rødt liv med sølvsnorer rundt og så var det då ein grøn stakk. - No vil eg gjerne høyre Laura, korleis det var å vere barn i di tid? Eg tenkjer på det med foreldre og barn og forholdet til andre menneske i det heile. Kva for ting ein hadde lov å gjere og kva ein ikkje hadde lov å gjere og kva slags straff ein kunne få dersom ein ikkje følgde det som foreldre og andre bestemte? Kanskje du kan fortelje litt om det.?
|
|||
|
|
||||
|
"Det var nok at far min såg på meg." Ja det toler ikkje samanlikning i den tid og i dag når det gjeld barn og forholdet barn og foreldre i mellom slik som i dag. Eg veit ikkje om eg skal kalle det av det gode eller av det vonde. Men eg trur av vi har litt tilbake å ynskje når vi tenkjer på den tid. Når eg tenkjer på min eigen barndom. Vi var ein syskenflokk, men vi var og vidt forskjellige som sysken. Når det galdt oppdragelsen så kunne det verke forskjellig på oss om vi hadde den same oppdragelsen. Eg kan huske at for min del så var det fullstendig nok at far min såg på meg, og eg fekk aldri ris, sjølv om det bak speilet var det eit ris bak speilet, som vi seier i dag og, men då i biletleg teikning. Men i mine dager så var der verkeleg eit ris som kvilte bak speilet.
|
Sjølv om eg hadde stor respekt for det, så hadde eg aldri bekjentskap med det, for min det så var det, som eg fortalde i sta. heilt nok at far min såg på meg. Når det galdt mor mi, så kunne det nok gå slik at dersom eg hadde frista henne til det ytterste, så kunne eg nok få noko som dei kalte ein lusing, det var nok eit uttrykk som dei brukte, men det var simpelthen at dei tok og rykte dei litt i håret ned med det eine eller det andre øyra, og det kunne nok vere ilt nok, dersom dei visste det punktet dei skulle gripe i. Og det var fullstendig nok frå hennar side. Men som sagt faren min han hadde det ved seg at dersom han såg på meg så hadde han den respekt at det var nok. Men med syskena mine der kunne det hende at riset det vart t eke i bruk. Det var no veldig sjeldant det skjedde. Men eg trur det at det er ein god ting at Mester Eriken den har blitt fjerna. Eg trur ikkje det hadde noko oppsedande virkning, eg trur heller dei vart bitre og forarga i sitt stille sinn. Om det såg ut som om dei tok lærdom, så trur eg det var ei viss bitterheit etter den prosessen som dei kalla ris, etter som eg kan huske det.
|
|||
|
|
||||
|
Alt hadde betydning for oppdragelsen. Når du tenkjer tilbake på dei som har påverka deg og oppseda deg i barndomstida di, kven vil du seie hadde mest betyding for deg i så måte? Når eg tenkjer tilbake på det, så synest eg at alt hadde, på kvar sin måte som oppdragelsen falt, når eg tenkjer så snevert på det som på mor og far,
|
så hadde det den oppdragande virkning på meg kvar på sin måte. Eg vil seie det at både mor og far om dei var så vidt forskjellige i oppdragelsesmetoden, så hadde eg like mykje respekt, ja, respekt så vart det vel så mykje for far min som for mor mi, men eg syntest det at når mor min snakkte med meg så verka det veldig bra på sin måte, for ho kunne alltid overtyde meg slik at eg kom til sannhets erkjennelse når ho var ferdig med å legge det ut på si vis. Men ho brukte som sagt aldri noko refsande metode som ris bak speilet, det kan eg aldri huske at mor brukte på nokon av oss. | |||
|
|
||||
|
Kva meiner du var lagt mest vekt på i oppsedinga den gongen. Og eg vil også spørje om søndagen, kva ein kunne gjere og ikkje kunne gjere om søndagen. Og likeins i store høgtider som i jula, var det spesielle ting med jula som tilsa at ein ikkje kunne gjere det eine eller det andre? Ja søndagane då måtte vil holde oss ved huset iallfall om føremiddagen. Og det måtte gå litt utover dagen før vi kunne oppsøkje våre nabobarn eller dei kom til oss. Og når det galdt jul, så kan eg hugse at det var ikkje god skikk å gå nokon plass, og då var det veldig vanskeleg om ein ville ha eit juleselskap på første juledag, så tenkte ein seg no vel om dette ville passe.
|
For første juledag så skulle ein holde seg hjå seg sjølve, og dette var brukt hjå naboar og grenda elles så eg kan huske det. Kan du tenke deg kva var det som gjorde at det skulle vere slik på søndag og første juledag, hadde det ein religiøs bakgrunn dette her? Eg veit ikkje . Det var vel skikk og bruk slik som det hadde vore, det var det som ikkje vart overtrådt på nokon måte. Det var slik innleva at det var vanleg brukt hos alle, og vi tenkte ikkje over at det skulle vere annleis. Og eg ser det i dag som om det var ein veldig god skikk som kanskje kunne vore holdt på lenger enn den vart. Men det heng vel litt att etter gamal sed og skikk ennå, får vi håpe.
|
|||
|
|
|
|||