Side 2

Barneår.

Lang og tidkrevjande reise.

Jordmor.

Barndoms-
heimen.

Rømmekrukka.

Senger og sengklær.

Straum.

Kosthaldet.

Krigstida.

Ulltøy.

Veving.

"Det var nok at far min såg på meg".

Alt hadde betydning for oppdragelsen.

Helg og høgtid.

Barn og lærar.

Døgnrytme.

Skumringstime.

Song og spel.

Radio.

Leik og idrett.

Juleselskap.

Gravferder og gravferdsskikkar.

Kvinnearbeid og
mannsarbeid.

Då vi fekk innlagt
vatn.

Slakting om hausten.

Julereingjering

"Livets skule".

Glad i å gå på skule.

Bibelhistorie i første time på dagen.

Historie var best.

Lyset på isen.

Leik ute.

Lang middagspause.

Straffemetodar.

Elevar frå Grøndalen.

Ville bli jordmor.

Ein stor sangpedagog.

Foreningsliv.

Festar.

Røyking og alkohol.

Musikk.

Godt forhold mellom bygdene.

Klær og motar.

Reise.

Første tur til "byen".

"Den rosemåla kista".

Første bilen i Florø.

Syklar.

Støylen.

Mjølk og smør.

Utslåttane.

Treskjemaskin.

På kverna.

Stor etterspørsel etter smøret.

Kjøp og sal.

"Ugjort arbeid slit mest".

Fiska ørret.

Gardsdrift og fiske på Skorpa.

 

Rømmekrukka.

Vi måtte ha ein store stabel med flatbrød så vi slapp å gå på stabburet som vi kalla, der hadde vi mjøl og flatbrød og sånt. Det var eit hus for seg sjølv som stod på fire pålar rett bortføre, bort i tunet som vi kalla det. Men inn på detta kjøkenet der hadde vi separator som sagt og der hadde vi rømmen og melka forøvrig og så hadde vi maten. Potetkaker for eksempel, det måtte vi ha til dagen. Dei var lagra der, og smør, og for ikkje å snakke om den store rømmekrukka hennar mor som eg alltid, alltid når ho var i fjøsen, gjorde meg eit ærend med ei skei og ein asjett og tok meg ein smak for meg sjølv.

 

Når det galdt romma, hugsar du at det vart nokre endringar i bruk av romma i løpet av den tida du var i barndomsheimen din?

 Det var ikkje nok anna endring, i rommet i den store stua, der låg faren og mora mi, det var deira soverom, og då vi var ganske små vi borna, då låg vi i ei seng som støtte heilt opp til deira seng, men så flytte vi då til eit sted som , vi hadde eit stort loft som gjekk heilt over denne store stova og pluss det femnde og over det kammerset som vi snakka om, så det var ganske stort loftsrom, der låg tenestejente som vi hadde og der opp flytta dei oss borna opp i 5-6 års alderen, så vi låg der saman med tenestejente som vi hadde. Ei eller to, etter som det passa. 

Senger og sengklær.

Låg de fleire i ei seng de ungane? 

Ja, vi låg i ei seng så lenge som vi var så små før vi var flytta opp på det loftet som vi snakka om. Men der hadde vi kvar våre senger. Det var eit stort loft, men det vart nokre senger, Ein tre - fire var der, det kan eg huske. 

Kva slags sengklede hadde de? 

Vi hadde veldig gode sengklede. Det. vil seie det var heimevove, alt det vi hadde i sengene våre, vi kalte det kvetlar, men no kallar vi det teppe. Det er no litt finare, og litt mjukare og, men då vov dei alle sengklede får eg seie, unnateken småputevær. Men jammen var dei ofte vovne dei og som vi låg på, det var dei når eg tenkjer over. Så hadde vi åkler som var heimevovne som vi hadde på oss. Det vil seie i far og mor si seng synst eg det alltid var finare enn i dei andre for dei hadde verkeleg fjør i si dyne, men vi andre måtte bruke det som dei kalte åkler, og dei var vovne heime. 

Var det halm de hadde i botnen i senga? 

Ja, eg kan ikkje hugse anna enn at vi hadde halm. Til jul kan eg hugse at det var fest å vakne på juledags morgon vi låg i den nye halmen som vi hadde fått innborne på julafta tidleg, og det var så høgtidleg med den nye halmen som vi fekk då. Det hugsar eg var eit velvære å vakne, både å legge seg og vakne då. 

Hadde de noko spesielle stasteikn på veggene dokka i stova f.eks. ?

 

Det var ikkje noko særs med stasting på veggene. Men eg har fortalt om det Jesusbiletet vi hadde i beststova vår. Eg ser biletet endå føre meg. Eit lite barn slik i 10-12 års alderen med ei palmegrein han sat og heldt over seg, og det biletet det står så levande for meg ennå, eg skulle ønskt at vi hadde teke vare på det, men det er vel kome vekk i tidens gang. Golva, var det berre tregolv utan noko slags maling på? 

Golva dei var kvitskurte. Og dei som låg på kne og skurte på dei golva så dei skulle vere drivkvite det var eit storarbeid. Men så var det no og ikkje berre storarta for oss borna som skulle ta hensyn til det å vere så reine. Vi kunne ikkje tenkje på å gå inn anna enn på strømpelesten når dei var nyskura, og vi var vel "ettesette" og at vi måtte oppføre oss pent og sitje stille til der var heilt turt på desse her kvitskurte golva. Og det huska eg var litt av ein justis. Det skilde seg så mykje desse tenestejentene vi hadde, det var mange av dei som kunne vere veldig strenge med oss. Dei som ikkje var så strenge dei skurte ikkje så mykje heller. 

Brukte de eine eller granbar på trappa når de skulle gå inn eller sånn? 

Ja, eine det var høgtida, når dei saksa opp eine, dei hadde ein stor kniv som dei saksa opp eine etter at dei hadde vaska, men det var no ikkje berre, berre for oss når vi skulle gå på strømpelesta. Vi var ikkje så glad i denna eine, men pent var det når dei hadde fått den på golvet. 

Kva slags toalett var det i heimen din? 

Ja, toalett, det var utedo, og det kan eg hugse det var veldig fint. Der var kvitskurt på fjølene, og så var der eit lite do som stod ved sidan av to andre som var brukte, og dei skulle ver for oss mindreårige, og vi tykte det var veldig fint å ha vårt eige. 

Straum.

Hugsar du då det vart lagt inn elektrisk straum kanskje?. 

Der var ikkje elektrisk straum så lenge som eg var i Norddalsfjorden. Men det var ikkje lenge før dei byrja byggje ut sin eigen straum i Norddalsfjorden og der var ein plass som var den første på området. Der opp i Sunndalen bygde dei ut ein stad som heitte Stølsfossen, og så hadde vi Kvennhusfossen. Norda i brua hadde dei straum derifrå, - og sør i brua hadde dei denne Stølsfossen som vi kalte som kom rennande ned frå Sunndalsstøylen. Men det var det at den kunne gå turre dersom det vart islagt om vinteren og slik om sommaren dersom det var lenge tørrver. Då stod vi oss betre vi som tok straumen frå den fossen som vi tok krafta frå. Vi hadde ikkje noko namn på den kan eg hugse, men det var ein svær foss i Sunndalselva som rann ned frå Kvelvereset. Og der samla alt vatnet seg på ein stad, og det var eit veldig fossefall. 

Kva vart straumen mest nytta til? 

Ja, den vart no mest nytta til lys, til å byrja med der inne. 

Men eg vil seie at då det vart aktuelt var eg flytta frå bygda. Men eg reiste no så mykje tilbake at eg veit no korleis det virka der oppe. Men det var til lys det var først og fremst nytta, men til å koke med vart den ikkje nytta så eg kan huske, for dei hadde så god tilgang på ved, tørre ved hadde dei i alle hus så det var no mest ved dei brukte til koking. 

Ja, korleis var det, budde du i dessa husa heile tida mens du var i Sunndalen? 

Nei, desse husa hadde vi til vi var byrja på skulen. Vi byrja før det vart noko anna husvære for oss. Far min var nesten nøydd til å få noko anna husvære. For når det var storrind, så kunne det hende det at det fløymde over, slik at elva og vatnet til saman det skvulpa heilt opp under den beststova vår. Der var det åpent og då kunne vi høyre at elva og vatnet skvulpa inn under den stova når det var storveir. Og då låg heile neste jorda til far min under vatn. 

Eg huskar ein gong han kom roande, og då la han båten til handtrykket på utgangsdøra vår. Så det var fleire ar det var slik vassoversvømmelse, så det var slett ikkje ufarleg å bu der. Han hadde då planer om å byggje, og det vart til det han gjorde og. Men eg kan endå hugse at det var ikkje berre, berre å flytte heller. Vi flytta lenger oppover i bakken innanfor oss, og der bygde han då dei nye husa, og den sommaren dei bygde dei husa, då budde vi i stabburet der som vi elles bruikte å ha mat lagra, der måtte vi klare oss den sommaren. For dei reiv ned det huset som vi budde i, for der var det så mykje godt tømmer som var like godt og det brukte vi mykje av i det nye husværet vårt. 

 

Kosthaldet.

Ja, maten på den tid då du voks opp, - det var vel stor forskjell på det kosthaldet som de hadde og det kosthaldet vi har i dag. 

Ja, der er forskjellig likskap, men eg vil seie og at det er mykje som ikkje er så stor likskap, eg tenkje på matholdet som vi hadde då vi var små, så tenkjer eg på det som både noko godt og vel smakande. Men likevel ville det ikkje vere slikt som vert brukt i dag - med det kjennskap så eg har stort sett - og det har eg godt høve til å ha kjennskap til, for eg har vore både vidt og breidt både i dette landet og elles og. 

Men i den tida då vi veks opp brukte dei veldig mykje flatbrød, og det gjorde dei på den måten at dei baka opp store sneiser, mangevis av sneise med flatbrød på hausten. Og då gjorde dei på fylgjande måte: Dei gjekk ifrå den eine til den andre og bakte frå tidleg morgon til langt på natt, og det vart ein god del med flatbrød oppbakt hos kvarandre. Naboane gjekk i saman og hjelptes åt. Det vil seie kvinnfolka, men mennene på huset dei steikte opp brød, og det var lagra slik at det skulle vare året ut, som regel så gjorde det det. Det flatbrødet det var av finmalt havre. Og så brukte dei noko som heitte byggmjøl, det brukte dei til noko som dei kalla byggmjøl, det var gjerne kjøpt. Betre flatbrød kan eg ikkje hugse at eg har smakt. Og den havren som dei brukte det er noko av det beste eg kan hugse på. 

Eg var så glad i havre dei dage, men no får vi ikkje slik havre. Dei seier dei får havre, men det blir ikkje på den måten. Havren den stelte dei på følgjande måte. Når dei skulle stelle den om hausten etter at dei hadde skore den og truska den, som vi sa, så tok dei og turka den på ei stor turke gryte, og samstundes så sat der nokon på kverna og mol havren etter kvart han så og seie var varm, han kom frå denne turkegryta. Og den brukte dei til brød, og til graut. Til grauten kunne det hende på laurdagskveldane, at dei skrella poteter og koke først potetene ut i det sodet og så hadde dei havremjøl i den grauten og så fekk vi godt heimkinna sjør. 

Dette var berre på laurdagskveldane, elles så kunne det ikkje kome på tale. Då fekk det klare seg med litt sirup og rømme, som vi brukte til sul som vi kalla det. Men det var ikkje tale om at det kan tenkjast å få så godt mjøl som den havre. Det tenkjer eg tilbake på med glede, og skulle ynskje at eg kunne ha ståande , ja ein halv sekk for eksempel, til bruks i dag. 

Ja, havren den dyrka de sjølve. Men kva slags mat elles dyrka de på garden? 

Ja vi hadde no poteter rikeleg. Der hadde vi no meir enn til bruks. Vi lagde mykje poteter til middagsmat, og så lagde vi potetkaker. Det som vi ikkje brukte sjølve det brukte vi til dyrefor, for det var veldig mykje poteter som vart innhausta av gardane i Sunn dalen. Brukte de grønsaker? 

Ja, det brukte vi. Det vil seie , då var vi byrja på skule, og då fekk vi plutseleg utdelt grønsakfrø, og det skulle vi skuleungane så kvar for oss. Og det var Høydal som sytte for detta der, og så byrja vi meir og meir å bruke grønsaker. Eg hugsar persille, og så var det kålrabi og gulrøter, det hadde vi no kvart år. 

Kva slags mat var det de kjøpte? 

Vi kjøpte mjøl, grynmjøl og byggmjøl. Det var lenge før vi fekk greie på kveitemjøl.

Fisk og kjøtt det brukte de vel mykje av? 

Ja, kjøt det hadde vi veldig mykje av og spekeflesk og spekekjøt det hadde vi heile året. Det oppbevarte vi på stabburet, så det skulle holde seg tørt og fint, og då var det å gå på stabburet og hente seg spekekjøtlår og eit fleskelår etter som vi hadde bruk før det. Og det hadde no alle naboane nokså rikeleg av det. 

Og fisk, han far han kjøpte sild, og det gjorde dei andre og. Det var det første då dei byrja å kaste sild, eller få sild på garn ut med havet. Då reiste dei til sjøen, og då kom dei att med sildetønne. Noko vart salta til spekesild, og noko brukte dei henge opp til noko som heitte sperresild og røykesild, Det brukte vi å ha om sommaren og var veldig god mat i lag med flatbrød. Og likeså, vi brukte å kjøpe fisk. Men eg vil tilføye at vi hadde mykje fisk i Sunndalsvatnet, og der brukte vi å kaste om sommarkveldane når vi hadde lyst på ferskt. 

 

 

Og då brukte vi å kaste med not, større eller mindre fangstar fekk vi, men det var no ikkje alle som var så store. Eg hugsar at eg som liten jentunge kunne ta dei minste krypa  og kaste dei utatt i, så dei kunne vekse seg større.

Salta de og røykte de kjø, eller var det berre fersk de åt dei? 

Kjøen kan eg ikkje hugse vi brukte som anna enn fersk. Somme tider steikte vi den eller vi kokte den. Eg syntest at kjø som mor steikte i sur rømme var aldeles vedunderleg på smak. 

Når det galdt maten til helgane og elles til dei store høgtidene korleis hadde de det då? 

Ja, eg hugsar søndagane, då vart det no noko ekstra. Mest kanskje det var brukt ertesuppe til middagsmat. Og då hadde vi gjerne griseflesk å ha i den suppa. Av og til så kunne vi ha flatbrød som vi brukte som ein forrett, noko som vi kalla mølje. Og den brukte vi å ha feitt utav middagen som vi fløtte av og så hadde vi sirup og det smakte ganske godt. 

Slik som i jula, kva slags mat var det de hadde om julafta og første dag. 

Ja, julafta då hadde vi ribbesteik, og då hadde vi berre gått på lite mat før på dagen, og då smakte den ribbesteiken vedunderleg. Og etter på det då hadde vi litt knask som var bakt til jul. Spesiell lefse kan eg huske vi måtte ha til jul, og det likte vi godt. Til juledagsmorgon då kan eg minnes at mor mi lagde til porsjonar til oss alle saman som vi skulle ha ferdig ståande til juledag, og kvar porsjon var avrunda med skillingsbrød, det var eit fint brød som dei hadde kjøpt i Florø føre jul, skillingskake og midt i den kaka der var det ei rosin, og det var toppen på julemorgonmiddagen var. 

Korleis var det med faste plassar ved bordet og sånn, hadde de det? 

Ja, det hadde vi. Han far han måtte sitje på sin faste plass. Ho mor ho kan eg berre huske ho gjekk til og frå og stelte, og vi barna hadde våre faste plassar og, og dei satt vi som regel fast på. 

Ba de bordbøna i heimen din? 

Ja, det var ikkje nokon justis at vi skulle be høgt. Det vil seie når bestefar og bestemor var der, dei syntest vi skulle no be bordbøna høgt, men vi likte no helst å kviskre kvar for oss.

I våre dagar, er det ofte at ungane seier at den maten vil vi ikkje ha og den maten vil vi ikkje ha. Korleis var det i din heim med det? 

Nei, eg kan aldri huske det. Eg trur ikkje vi fekk lov til å seie det. I grunnen hadde vi så god appetitt at eg kan ikkje huske at mor hadde noko problem med å få mat i oss. Vi åt det som vart bydd oss. 

Og nok mat det hadde de? 

Ja, eg kan aldri huske anna enn at vi hadde eit godt mathus. Eg hugsar med glede på far min, han var veldig flink å få til rettes mat. Vi hadde aldri noko mangel på mat. Og det trur eg ikkje var noko som var spurt hos naboane heller. Dei hadde mat alle der. Eg kan ikkje huske noko anna. 

Tenkte dei vaksne på kva som var sunn og nærande mat den gangen? 

Nei, det trur eg ikkje var så mykje snakk om. Dei snakka heller om det som var godt eller mindre godt. Men at dei snakka om næringsrikt det var ikkje brukt, så det var meir tilfeldigheit at dei hadde den kosten som var skikk og bruk i den tida, og det var nærande kost. 

Når vi tenkjer på havremjøl og det som det bar med seg av sunn og god og nærande kost. Når det galdt spedbarna, fekk dei noko spesiell behandling når det galdt kostholdet?

Ja, det har eg no ikkje så lyst å kome så mykje inn på. Då vert eg noko utriveleg berørt. Det var noko dei brukte å gi spedbarna i dei dagar som eg ikkje har lyst å nemne utan at det rislar nedetter ryggrada, det var noko som dei kalla "tåte". Og det var noko som var brukt i alle hus og heim, om det er motbydeleg å seie det, så var det slik. Mora tok å togg noko og putta det ned i eit lerretsstykke og putta det inn i munnen på borna . Det verka akkurat som narresmokk i våre dagar. Vi forstod det ikkje i dei dagar, detta var visst skikk og bruk og vi tenkte ikkje over det. Men eg har fått anledning å tenkt over det seinare i all sin skrekk og gru, men det var no slik at det gjekk bra.

 

Krigstida.

Men krigstida. du har no opplevd to verdskrigar og kanskje du kan fortelje litt om korleis det endra seg med kosthaldet under desse krigane hjå dykk? 

Ja, det var no slik under begge krigane, det vart rasjonering begge gongene, men eg vil no sei at den siste krigen var då strengare å kome seg igjennom, men på same tid var det nokså likt. Der var rasjoneringskort på all slag i fyrste verdskrigen, og det fall i min lodd - det var akkurat i den tida eg hadde fått plass på jordmorskulen i Bergen og skulle reise. Det var det far min sitt ståande samtaleemne då vi snakka om turen min, at eg måtte berre ikkje reise i denne tida, for eg kom til å svelte forderva då eg kom inn til Bergen. Det vart nok ikkje slikt mathold som heime.Ja, det tenkte eg kunne no vel hende, men eg sa alltid: Ja dersom det blir no så dårleg med mat, så får de sende meg av og til ein matsending, så det må vel gå.  Men det vart ikkje noko problem med kosten der på jordmor-skulen, for vi gjekk til duk og dekke bord, og der var rikeleg med mat. Vi visste ikkje av noko slags rasjonering, og maten den var både god og rikeleg under heile tida eg var der, vi leverte inn rasjoneringskorta våre. Sjølv om eg fekk ein matpakke heimafrå, så var det no ikkje for trongs skuld, berre at eg skulle smake litt på heimemat. 

Kva slags mat vare synest du det var mangel på den gongen? 

Ja, i det store og heile så var det mykje mangel på mat den gongen, det var det, for det var mange som svalt som sat rundt om i byane, det var det. 

 

Ja, no var det vel slik i krigstida at folk dei måtte prøve å  hjelpe kvarandre så godt dei kunne når det var mangel på mat hos nokre, og andre hadde rikeleg mat. Korleis var det med dykk? 

Ja, vi hadde no fått tildelt hjelpementaliteten frå heimen av, eg vil no seie det at første verdskrigen var no ikkje vi berørt av, men vi vart berørt av det når det galdt mat, og det som angikk det. Den siste verdskrigen då vart vi no berørt på fleire måtar, men det hjelpsame det kom no inn i biletet med oss og då. Men det var andre som hadde det på ein annan måte. Dei la seg opp så dei vart velståande folk, ved å selja til det som vi kalla "Vermacht", med tonefallet "Vermacht" det seier det vi tykte i vårt innerste - då dei kunne selje til prisar som låg skyhøge, og det vart rikfolk av dei. Men dei klarte seg ikkje så mykje lenger enn oss andre. Vi andre prøvde å dele det vi hadde. Likevel hadde vi nok igjen, men vi hjelpte på mange forunderlege måtar. 

Det var ikkje alltid at sola kunne lyse på det som vart gjort, men det var om å gjere kor mykje rart vi kunne gjere utenat det kom opp for dei som hadde oss under støvelhelen i den tida. Og eg huskar ein gong, då var vi komne til Skorpa. Vi hadde nettopp slakta ein svær stut, og det var avlaga at den skulle vi sende til Bergen, og eg hadde nettopp forut fått ein stor Bea komfyr sendande frå Berstad. Og hjå Berstad der hadde eg ein slektning av meg som heitte Jørgensen, og så hadde eg nettopp fått denna Bea komfyren. Han var ein stor fireroms sådan, og så brukte vi då same emballasjen som vi fekk komfyren i, og Berstad stod det på og hos Berstad arbeidde Jørgensen. Vi parterte denna store oksen vår og hadde ned i kartongen og vi sette med store bokstavar "RETUR" utanpå og det gjekk smellande godt. Dei fikk oksen til firma Berstad og' Jørgensen han delte med sine venner som var betjening hos Berstad, slik at dei hadde god middag alle som arbeidde der. Men du veit dei hadde no prosentar på alt dei fekk der og.