![]() |
||||
|
|
Reiser.
- Reiste de ut av bygda for å treffe ungdommar? - Eg meiner om de reiste på stemne og slike ting? Ja, det var høve til å reise på stemne. Dei var av kristeleg art. - Korleis var reisemåten når de skulle på slike stemner? - Vi måtte ofte ro i båt. - Var der dansefestar i nabolaget? - Ikkje som eg veit om, men når det var bryllaup så var det dans. - Kva slags musikk var det dei brukte då? - Det var trekkspel. - Noko særleg dans utanom bryllaupa var de vel ikkje? - Nei, det trur eg ikkje. - I våre dagar har vi forskjellige ungdomsideal, popstjerner, filmstjerner og idrettsfolk. Korleis var forholdet til klær og motar i den tid? - Vi hadde ikkje motar. - De fylgde ikkje moten, men det verka vel inn? - Ja, det verka inn på mønsteret og symåten. - Det var ikkje heilt utanfor dette med moten Nei, Vi hadde …………tidende heime. - Korleis var det med alkohol og tobakk i di tid? - Tobakken var i bruk. - Korleis var det med alkoholen då? - Det kjenner eg ikkje til. |
- Det var vel kanskje ikkje brukt i din heim,
men korleis var det i nabostrøket? (vanskeleg å høyre)
- Var folk ut å reiste på den tid? - Kor reiste de når de skulle avstad og handle? - Det var til Fure. - Men dersom de skulle ha større ting? - Då reiste me til Bergen ein gong i året. - Dei som hadde større inntekt. Korleis var det de reiste då, var det med Fylkesbaatane? - Ja, det var med Fylkesbaatane. - Kan du hugse kor mykje dei betalte for å få fylgje dei? - Nei. - Korleis var forholda på desse båtane? - Vi reiste på tredje klasse. Det var to klassar på Fylkesbaatane.Vi reiste på billegaste måte. - Kunne det ofte vere overfylt med folk? - Det var alltid fullt av folk. - Var det reinsleg ombord i desse båtane? - Eg kan ikkje seie at der ikkje var reint. - Du hugsar vel til overgangen frå robåt til motorbåt? - Ja. - Hadde de motorbåt? - Ja, det fekk vi når den kom. - Kor tid kunne det vere då? - Eg kan ikkje hugse at far hadde motorbåt. Eg kan hugse første gongen vi såg motorbåtane. Det var eit storhende det? Ja, det var eit storhende.
|
||
|
|
||||
| BAKGRUNNSOPPLYSNINGAR:
Intervjuar:Arne Færøyvik Forteljar: Laila Rotnes Fødselsår, stad: 1894 Furesund |
Hovudyrke (også tidlegare) sjukepleiar. Tal sysken:(inkl.forteljar): 9 Utdanning: Folkeskule, sjukepleiarskule. Gift når: |
|||
|
|
||||