Side 1 2 3 4 

 



Mangel på utstyr som t.d. handdukar, lommedukar, klebyte, såpe gjorde arbeidet med hygienen vanskeleg.

Få grunn av dårleg økonomi i åra med feilslått fiske hadde husmødrene svært lite utstyr å hjelpe seg med i arbeidet sitt. Endå til ein handduk kunne vere luksus i somme hus. "Bliver der Spørgsmaal efter Vaskevand og Haandklæde, kommer den Kvindelige Del af Huset ofte i Forlegenhed for at finde et Kjørel, og dernæst opstaar en langvarig Søgen efter et passende Plag i Kister og Kledeskot. Det hænder ikke saa sjælden at Vedkommende river et mindre rent Tørklæde af sit Hoved eller Hals og præsenterer det som Haandklæde." Dette skreiv distriktslækjaren i Kins Distrikt i 1877. 

Mangel på utstyr som t.d. handdukar, lommedukar, klebyte, såpe, sengetøyskift gjorde arbeidet med hygienen vanskeleg. "at have meget ombytte er en af renlighedens betingelser", sa Eilert Sundt.

Vi har høyrt korleis spyttinga gjorde reinhaldsarbeidet unødig tungt for husmora. Ein annan vanske ho hadde å stri med var sølet frå avfalldungen som låg rett utanfor inngangsdøra. Dei som gjekk ut og inn trakka skittent vatn inn over golva på våte dagar.

"Vaaningshuse og Udhuse med tilhørende Gjødseldynger var blandet om hinanden i vild Uorden, og gjorde det umuligt selv med den bedste Villie at holde det rent og ordentlig i og udenfor Huset." (innberetning 1871)

Sjølv om sunnhetskommisjonen kom med påbod om at dungen skulle ligge 12 alen frå våningshuset, let det seg ikkje gjere før utskifting hadde funne stad. Utskiftinga hadde stogga opp då fisket slo feil. Folk hadde ikkje råd til å byggje seg nye heimar, Sidan dei ikkje eigde jorda rundt husa sine, måtte dungen bli liggjande der han låg. 

Dei som framleis budde i røykstover, hadde berre eitt rom der familien åt, sov og arbeidde. Kring 1870 hadde dei fleste hus fått kokeomn med skorstein i eine hjørnet av stova, og lem over stova der ein del av familien fekk soveplass. Det kunne ikkje vere lett å halde huset reint og i orden når matlaging og alt anna arbeid skulle gå for seg i det eine opphalds- rommet.

Eilert Sundt meinte også det: "I en sådan familie, hvor den eneste stue danner kjøkken, arbeids- rum og soveværelse, at fordre bymæssig renlighed, vilde jo være galskap." Han fekk mykje kritikk fordi han ikkje ville vere med på sjikaneringa av kvinnene. Kritikarane meinte han dømde for mildt om det han såg. Etter medisinalinnberetningane å dømme la ikkje lækjarane i Kinn einsidig skulda på kvinnene for dei dårlege hygieniske tilhøva. Fleire av dei såg samanhengen mellom fattigdom og vanstell. Men ingen av dei sa at husmødrene hadde for mykje å gjere til å kunne betre hygienen i heimane.

Kva kan forklare at hygienen blei betre?

Først 1904 var det ein lækjar som sa i frå at kvinnene sleit helsa av seg på småbruka her ved kysten: "Hjælpen hjemme paa Gaardene er høist utilstrækkelig. Den daarlige Hjælp, Husmødrene har, er en hyppig Sygdomsaarsag. For Kvinderne er Ægteskabet som Regel Indledningen til et ustanseligt Traak og Slid. Husstellet, Gaardsstellet og Børnene optager hende Døgnet rundt, mange Gange har hun ikke saa megen Fred, at hun faar sidde ned under Maaltiderne; sjælden kommer hun i Seng før Midnat. Kvinderne bliver derfor tidlig gamle og livstrætte."

 

På den tid var stoda likevel mykje betre enn i 1870- og 1880-åra. Fisket hadde teke seg oppatt. Utskiftinga var over. Mange familiar hadde fått råd til å byggje seg nye og meir lettstelte hus. Bomullstekstilane var komne i bruk. Ein kunne kjøpe tøy til klede og utstyr og spare seg for ein god del tidkrevjande husflidsarbeid. Dermed vart det frigjeve tid og krefter til større innsats i reinhaldsarbeidet.

 

 

Når lækjarane heldt fram med å klage over hygienen heilt fram til 1915, var det nok fordi krava heile tida hadde auka, I medisinalinnberetninga for 1915 heiter det: "Med renligheden er det gjennomgaaende bra. Lus ser man saagodt som ikke, til gjengjeld yrer det saa meget mer av lopper."

Betre økonomi og større forståing for husmødrenes arbeidsmengd førte til at bøndene her i distriktet, det vil seie husmødrene, kunne leige meir arbeidskraft. Dermed greidde dei å fylle krava til husmorarbeidet som pressa på frå mange hald.   

Ved 1920 var det gode tider i Kins Distrikt. Fleire stader hadde heimane fått innlagt vatn og elektrisk straum. Desse hendingane var så viktige at dei vart innleiinga til ei ny tid for husmora.

 

Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne Øien, oktober 2000