Side 1 

Bjarne Aarseth fortel om gatenamn i Florø.

Markegata.
Strandgata.
Hans Blomgate.
Jens Helmers gate.
Livius Smithgata.
Micael Sarsgata.
Skridsholgata.
E. M. Holesgate.
Prof. Gjelsviksgate.
Prof. Indrebøgate.
Magnus Thingnesgate.
Tua.
Claus Findesgate.
Lindheimvegen.
Elias Melværgate.

E. M. Holesgate.

Ja, du har vidare E. M. Holevegen og du har Prof. Gjelsvikgate og Prof. Indrebø gate. Kanskje du kan si litt om disse her?

Ja, av disse tre så vil eg seie at E. M. Holesgate, den er oppetter kalla etter E. M. Hole. Han er jo tilknytt staden og kom her som lærar til den gamle Amtskulen. Blei seinare bankdirektør, eller bankbestyrar her: Fjordenes Kreditbank og var lenge redaktør av "Nordre Bergenhus Amtstidende". 

 

Elles hadde han ein periode som ordførar omkring århundre skifte, ein periode på 4 år. Og så hadde han ein ordførar periode frå 1911-1922.

Elles er Hole kjent for sitt store arbeide for skogen her. Skogplanting rundt her i Florø og i nærheten: På øyane og holmane, rundt her omkring og rundt Storevatnet. Han la ned eit stort arbeide for skogsaken her. Og alle her i Florø, av litt eldre årsklasse, dei kjennar Hole og alle hans oppgåver når det gjaldt skogen, og sette stor pris på hans arbeid. Dei fleste vil vel huske Hole i forbindelse med skogen.

Prof. Gjelsviksgate.

Og disse her gatene, som eg nemnte elles: Prof. Gjelsvik og Prof. Indrebø?

Ja, dei har i grunn liten tilknyting til staden. Men dei er jo født her i distriktet.

  Nikolai Gjelsvik var født og oppvoksen inn i Gjelsvika her i nærheten, i Vevringsfjorden eller i Førdefjorden.

Han blei jo ein kjende jurist og professor i Oslo. Og var ein meget kjende mann som var vel anset ved Universitets kretsar i Oslo. For sine arbeider på dei juridiske områda.

Prof. Indrebøgate.

Prof. Indrebø var bror av seinare biskop Ragnvald Indrebø. Han er og kjende som ein språkprofessor og var ein ivrig målmann. Han skriv mykje i blader og aviser, og skreiv bøker når det gjaldt mål og målbruk.

   

 

Magnus Thingnesgate.

Vidare så har vi nå hørt om Magnus Thingnes, Magnus Thingnesgata. Men som har snakka med deg tidlegare om, så kjende du ekstra godt Magnus Thingnes? Kan du seie noko om det?

Ja, Magnus Thingnes, han var i grunn jevnaldrane med meg og vi var jo kjende frå vi var gutar. Vi var mykje i saman, vi ferierte saman innpå Tingneset, Vevring eller Årseth og Tingnes inni Førdesfjorden, i gutedagane framover, og held kontakten etter at han flytta her frå Florø.

  Han vokste jo opp her i Florø, men reiste då han var 17-18 år, då flytta familien til Ålesund. Sidan flytta han til Oslo. Han var utdanna typograf, men skreiv mange bøker og fleire diktsamlingar. Blant anna om "Florø, min barndoms by", ein diktsamling.

Dessutan var det han som skreiv boka ved hundreåra jubileet her, i Florø. Han var forfattar for boka der, som blei utgjeven i 1960.

 

Tua.

Tua. Ein gong så fortalde du om ein som hette "Mats på Tua". Har du noko meining om kvifor det blei kalla Tua? Eller korleis det der var tidlegare?

Nei, akkurat kvifor det hette Tua… Det var vel fasongen på haugen han budde på. Han hadde eit hus der, han Mats på Tua. I mine gutedagar så såg vi framleis merkar etter tomten, eller grunnmuren som huset stod på.

  No er vel det vekke, men han hette Mats og budde på Tua. Og det var vel heile forklaringa på att det har det namnet i dag.

Det var jo ingen bebyggelse innom Helmers garden og prestegarden den gongen. Det var open mark heile vegen, før vi kom inn til han Mats på Tua. Og seinare nede hos ho Lina på Gadden.

 

Claus Findesgate.

Så hadde du ein kar som heitte Claus Finde. Kva kan du seie om han?

Han var sogneprest her og var knytt til prestegarden her. Og gata den ligg der i nærheten av prestegarden. Han til gode såg skulen i eit legat, som han oppretta: I sær for fattige, for at dei skulle få skaffe seg bøker. Og for å få tilskott til lærarlønn. Han var interessert i skulen og arbeidet der. Derfor har han fått namnet sitt knytt til ei gate her.

 

  Så har du Kristian Elster gata. Kan du seie noko om bakgrunne der?

Ja, det er vel sånne som høyrer til her i Sunnfjord, som er ein kjende forfattar, og slike ting. Dei er ikkje direkte til knytt staden. Det har vi like eins Haarklau, han er ein kjende musikar.

Så har vi malaren Nicolai Astrup, der har vi ei gate som har fått hans namn. Han er jo kjende for å være ein av dei store malarane her og hadde tilhald på Jølster. Men vi har vel funne det nødvendig å knytte namnet deira til "hovudstaden" i Sunnfjord.

Lindheimvegen.

Ja, Lindheimvegen?

Ja, Lindheim det kjem av garden, lensmannsgarden Lindheim. Olaus Lind, bymagistraten her, han budde jo der. Og seinare hans son, Ivar Lind, som var lensmann og sidan politimeister her.

  Og garden hette Lindheim, av familienamnet. I dag heiter det vel Lindheimvegen, som går rett over eigedomen deira, som strekte seg frå sjøen og opp til Havrenesvegen.

Elias Melværgate.

Så har du Elias Melværgata?

Ja, Melvær han var ein lærar som var tilknytt her. Han var ein av dei første lærarane ved Folkeskulen her i Florø.

 

  Sidan var han lærar ved Amtsskulen, som var først her i Florø, og sidan var flytta til Førde, Nordfjordeid og så tilbake igjen her.

Elias Melvær var kjent som ein ivrig målmann og flink folketalar. Og han var ein avholdt mann her i distriktet.