KRIG PÅ SVANØY.
Av Gro Tveit Sveen, 6. Klasse, Svanøy skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Eg, Gro Tveit Sveen, tok meg ein prat med Oleanna Stavøstrand, som budde på Grepland (ein stad på Svanøy) under krigen for 50 år sidan.

Vi på Grepland, eller på heile Svanøy, merka ikkje mykje til krigen. Nesten det einaste vi merka, var eit observasjonstårn som tyskarane hadde sett opp på Stokken (eit fjell rundt Grepland).

Eit par dagar etter at krigen brøyt ut, kom det eit stort tysk sjøfly seilande over Stokken, og landa ved eit stort lasteskip uti Tansøyosen. Dei kom for å spørje om vegen til Bergen, der dei skule sleppe av tyskarane. Men det tyskarane ikkje visste, var at båten var lasta med ammunisjon til heimevernet.

Ein av dei dagane medan vi enda hadde radio, sat vi og høyrde på sendingane. Plutseleg vart det heilt stille, då skjønte vi at stasjonen var blitt bomba.

Ein gong, då krigen var godt i gang, kom det tre engelske skip med forsyningar. Desse skipa vart bomba ned, og døde folk og matrestar låg og flaut i strandkanten.

Som sagt merka vi ikkje mykje til krigen. Tyskarane ville ikkje ha krig dei heller, dei hadde like masse lyst heim til Tyskland og familiane sine, slik som vi ville ha fred. Det hende eit par gonger at når dei fekk mat, at dei kom innom med eit brød. Tyskarane var greie dei eigentleg, berre di ikkje var tilhengarar av Hitler.

Men den dagen eg hugsar mest, var den dagen eg skulle på kaia. Då eg var komen til Sofaen (ein stad på Svanøy), høyrde eg ein ringelyd. Eg skjønte med ein gong at det var kyrkjeklokka i Stavang som ringde. Vi hadde lenge visst at krigen var mot slutten, men ikkje at den var heilt slutt. Litt etter høyrde eg kyrkjeklokka i Florø, då vart eg så glad at tårene trilla. Den dagen hugsar eg like godt som om den skulle vore i går, og ringinga høyrer eg enda inne i hovudet.

Takk for praten, Oleanna!