FEM TUNG KRIGSÅR.
Liss Maiken Myhre. 8. klasse.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Han las gjennom brevet. Det var frå lokalavisa. Redaktøren ville ha han til å skrive ein artikkel om korleis han opplevde krigsåra. Gunnar Mo let tankane fare attende i tida medan han sakte løfta brillene av seg og lente seg tilbake i øyrelappstolen. Ja, det var fem tunge år, tenkte han. Er det alt femti år sidan? Skulle ikkje tru det var så mykje.

Brått såg han seg sjølv som ung som kjempa og var villig til å ofre alt for at motstandsmakta skulle vinne krigen. Ja, det var tider det, sukka han.

Men skreiv ikkje eg dagbok då? Han reiste seg sakte opp og gjekk på skjelvande bein oppover loftstrappa. Det var mørkt og støvete der og lukta var innestengt. Men der borte i hjørnet stod ho, kista som eg lette etter. Han opna ho. Og der, nedi kista låg den: Dagboka. Gunnar løfta den opp og blåste av støvet. Forsiktig opna han den og las:

9. april 1941.

Kjære dagbok. I dag er det akkurat eit år sidan det heile byrja. Krigen. Hatet. Redsla.

I byrjinga var det vanskeleg å forstå at krigen var eit faktum, og at Noreg var okkupert. Den situasjonen hadde eg aldri forestilt meg. Ikkje ein gong i mine fjernaste draumar. Eg har aldri tenkt over korleis det var å leve i eit ufritt land. Ikkje før dei var her. Okkupantane.

På ein måte kan eg seie at eg lever mitt andre liv no. Det første, før 9. april, var prega av villskap og festing. Det var i den tida då eg ikkje såg alvoret med livet. No, etter 9. april, er alt forandra. Festing tenkjer eg knapt på. No er krigen det viktigaste. Den må vi vinne. Vi kan ikkje la nokre tyske grådige djevlar komme her å ta frå oss landet vi har bygd opp. Eg er som ein kylling. Eg har levd både innanfor eggeskalet og utanfor...

Skreiv eg verkeleg dette? Vel, det er no femti år sidan. Då var eg berre 23 år. Mykje har forandra seg. Fort bladde han litt lengre ut i boka.

 

  30. juni 1942.

Kjære dagbok. Eg ser korleis krigen forandrar alt. Familien min, meg sjølv og landet vårt. Den øydelegg mykje. Gamle og nye bygningar vert bomba og øydelagt, familiar vert splitta og liv øydelagt.

Den intense redsla er det verste. Ein stor, kald isklump som ligg i magen og ikkje vil smelte. Den er der alltid på lur. Du er aldri sikker. Den snikande, nervøse og uroande kjensla som sprer seg rundt i heile kroppen. Det vert vanskeleg å slappe skikkeleg av. Eg er alltid på vakt. Søvnen vert dårleg, og om dagen er du aldri heilt vaken. Det er ikkje så sjeldan eg har hovudverk når eg vaknar om morgonen fordi eg heile natta har vore anspent. Av og til ligg eg vaken heile natta og ventar på at noko skal hende. Eg er no berre glad for at vi ikkje er jødar. Dei må ha det forferdeleg. Alltid ha ein dødsdom hengande over seg og leve vekk gøymde i ein kjellar. Og det berre på grunn av religion.

Ja, det var mange som ikkje takla redsla. Det var eit press. Men den lærde han noko også. Gunnar tenkjer alltid to gonger gjennom det han skal seie eller gjere,. Før var det for at dei ikkje skulle avsløre kvar motstandsrørsla var, no er det berre av ein gamal vane.

Han hugsar våren i 1943. Det var litt av ein vår. Det var fint vær med sol heile april og mai. Fort bladde eg fram til våren i 1943 i dagboka:

 

3. mai 1943.

Kjære dagbok. Krigen går sin vante gang. Portforbod, rasjoneringskort, ord som okkupasjon og allierte. Alt er nesten ein vane no. Til og med redsla for det ukjente. Redsla kvar gang flyalarmen går. Hatet mot dei tyske soldatane. Alt dette er eg lei av. No har krigen vore i over tre år. Vil den aldri ta slutt?

I dag var eg ute i skogen ein tur. Veret var så fint, naturen verka så uberørt av Krigen. Småfuglane song lystert og var glade for å endeleg vere tilbake. Sola skein og varma som om det var sommar.

 

  Bekkane sildra, sprutande glade for at den trykkande isen endeleg var vekk. Vinden kviskra stille, full av pollen. Kvitveisen blomstra og bjørketrea viser stolt fram dei små nyutsprungne blada sine. Plutseleg kunne eg høyre eit brøl. Det var eit tysk fly som for over himmelen. Hakekorset på halen minna meg på det forferdelege. Krigen. At ein eller anna plass ligg det menneske og lid. Menneske som er uskuldige. Menneske i alle aldrar, gamle og unge.
Gunnar ville ikkje lese meir. Det vekte så mange uhyggjelege minner. Så mykje som han ikkje ville tenkje på. Alle dei som døde. Den rotne lukta av lik som heile tida minna deg på at no var det alvor.

Gunnar hugsa den første gongen han såg ein død person. Han hadde vore på tur i skogen, og plutseleg låg han der. Han kunne vere ca. 25 år , og håret og andletet var til klistra av blod. Han var skoten i hovudet for ikkje så lenge sidan. Gunnar hugså frysninga han fekk nedover ryggen. Dei brune, glasaktige augene som stirte rett ut i lufta, den blålege huda. Kvalmen som spreidde seg i kroppen. Han hugsar lukta. Ei lukt som av rotna fiskeslo. Gunnar stod der ikkje lenge. Greidde det ikkje. Han sprang sin veg og litt lenger borte mått han spy.

Den natta drøymde han om det. Han var ute i skogen midt på natta. Då høyrde han eit skot. Litt seinare såg Gunnar han. Han var fortsatt levande og ropte etter hjelp. Men Gunnar stod der berre og kunne ikkje hjelpe han. Då han døde skreik og ropte han.

Neste morgon då Gunnar vakna var han kvalm. Det var det verste marerittet han hadde hatt. Og han hadde mange.

Gunnar bladde vidare i dagboka. Mange sider med falma handskrift. Det var fem år i krig. Fem år fulle av hat, redsle og svolt. Både etter mat og kjærleik. Han er glad dei er over, og at han var ung i den tida. Hadde han vore 73 år då, så veit han ikkje om han hadde greidd det.

"Bestefar, kvar er du?" Ein lys stemme nedanfor spør. "Her oppe. Vent litt, så kjem eg ned. Dei vil ha meg til å skrive ein artikkel til avisa om krigsåra". "Å, men bestefar, skal du det?" Ho såg undrande på han. "Eg veit ikkje eg. Kom så går vi ut på kjøkkenet.