BORN I KRIG.
Skrive av Camilla Espeseth, Askrova skule, 5. Klasse.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



Det var vår, oppe i lia var bjørka begynt å bli grøn. Krokusane stod så fint i hagen og påskeliljene var så vidt begynt å komme. Små lamba hoppa og spratt omkring. Store syster Marie, lillebror Andreas og eg, Johanne, leika ved solveggen attmed huset. Alt var ein fredeleg idyll. Slik leika vi til sola begynte å renne i vest. Det var året 1941.

Brått stoppa leiken, i skumringen kom det ein masse menneske, så mange menneske hadde eg aldri sett på ein gong før. Dei kom nærare og nærare, så langt auge kunne følgje den svingande vegen var det svart av folk. Dei gjekk tett inntil kvarandre og fleire i bredda. Kven er det som kjem? Kva er det som skjer? Ikkje ser eg far og ikkje ser eg mor, kor er dei henne? Vi sat der og berre såg, vi var heilt stille, men til slutt vågde vi oss nærmare. Dette måtte vi finne ut av. Vi la på sprang bortover gardsvegen. Det gjekk ikkje akkurat så fort med oss, men vi rakk i allfall å komme fram til vegkrysset mellom gardsvegen og bygdevegen i god tid før dei andre nådde dit. Med hjartebank og store auge stod vi der og venta på dei, men vi såg fortsatt ingen ende på folkestrømmen. Vi høyrer sinte, høge rop, ukjende ord. Nokre ber på høge stokkar, eller er det kanskje ikkje stokkar? Er det kanskje børser? Slike som folk går på jakt med? Ja, det må vere børser, for nokon av dei som kjem, har fine kler og store, høge luer, Dei har vinklar og stjerner på kleda. Dei har uniformer! Det må være soldatar!

Vi held kvarandre hardt i hendene, redde og rådville. Det må vere dei stygge og farlege tyskarane som kommer. Dei har vi høyrt om før. Mange historier om pisking og vold. Ja, og om drap. Kor skal vi gjere av oss, no som dei er berre få meter frå oss? Skal vi springe heim? Skal vi gøyme oss i vegkanten?Springe frå vaksne folk, nei , det har vi prøvd før. Dessutan har dei allereie sett oss, vi er håplaust fortapt! Kva vil dei gjere med oss, vil dei skyte eller slå? No var dei kommet så nære at vi kunne sjå ansikts-formane deira. Men... dei såg jo ikkje farlege ut, utanom han som gjekk fremst i rekka, dei andre såg venlege ut, men med redsel og frykt i ansiktet, augene var skremde og oppmerksame. Dei hadde fillete kler og somme hadde ikkje sko. Det må vere fangar, krigsfangar. Soldatane gjekk på kvar si side av dei. Ein av fangane som gjekk på venstre sida av opptoget, bøyer seg raskt ned i det dei passerer vegkrysset og fortsette mot oss. Han forsøker å plukke opp eit eller anna. Kanskje det er ein sigarettstump? Eit høgt rop kjem frå ein av vaktene, og idet fangen retter opp ryggen og skal til å tre inn i rekka att, svinger vakten lynraskt børsa og slår med kolben. Han treffer fangen i nakken og skulderpartiet. Ein knasande lyd og eit stønn kjem frå han, mannen fell framover og blir liggjande urørleg. Men marsjen fortsetter som om ingen ting var skjedd!

Vi fekk sjokk, nett som eit lynsignal sprang vi heim igjen. Når vi kom heim , sat mor og far ved kjøkkenbordet. Vi hadde sprunge så fort at vi nesten ikkje hadde pust igjen, men likevel snakka vi i munnen på kvarandre, for å fortelje kva som hadde skjedd. Til slutt måtte vi gje opp, dei forsto jo ingen ting, så vi peika ut vindauge. Der såg vi dei komme oppover vegen. Dei gjekk forbi onkel Samuel sin gard og forbi onkel Olav sin Gard, og no var dei på veg til vår gard. Far låste døra og stengte føre gardinene. Vi var heilt stille. No var dei kome heilt opp til huset vårt. Vi høyrde den trampane lyden av støvlar og stønnande lydar av fangane. Ein av soldatane stoppa brått og ropa: "Holt", alle stoppa. Mannen gjekk bort til døra vår og banka på. Fyrst berre stod vi der og såg på døra som dirra, men når soldaten heldt på å bryte ned døra gjekk far ut. Mor sat ved kjøkkenbordet og såg veldig fortvila ut, mens vi tre ungane helst ville sjå kva som foregjekk utanfor. Vi lista oss bort til stove vindauge og kikka nervøst ut. Der såg vi far og ein av soldatane hadde ei samtale. Det såg ut som det var noko soldaten ville. Etter ein stund kom far inn. Han hadde eit par folk bak seg og såg veldig trist ut i augene. Han fortalde at tyskarane skulle ta garden, fjøsen og halve huset. Vi skulle berre få kjøkkenet og eit kammers for oss sjølv, dei tinga vi var mest glade for, litt kler og sengetøy. Dette kom veldig fort på oss, men likevel tok mor og far det dei var mest glad for og alle kleda og sengekleda. Vi blei låst inne på kjøkkenet og tyskarane okkuperte dei andre romma, og fangane var på låven. Mor og far fekk bere lov å gå ut når dei skulle i fjøsen, og vi fekk lov å være ute litt den tida når dei var i fjøsen. Slik gjekk dagane. Vi var nærast fangar i vårt eige hus.   Men så ein dag i januar 1942 kom det ein stor båt seglande inn fjorden, fem tyskarar kom på land. Dei kom opp mot garden vår, med eit bestemt blikk i ansiktet. Det blei sagt at dei var kommen for å ta med seg far, onklane våre og resten av mannfolka her i bygda. Vi blei heilt i frå oss, men vi kunne ingen ting gjere, dei måtte vere med dei. Dei måtte reise slik dei stod og var. Eg kan aldri gløyme ansiktet til far den dagen han for med tyskarane; det var kritt kvit med angst i augene. Tyskarane sa dei skulle reise for å arbeide, men kor hen sa dei ikkje. No blei tida enda verre. Mor blei sjuk og skrøpeleg, og vi måtte arbeide for tyskarane, vi blei behandla som slavar. No som mor var sjuk, kunne ho ikkje mjølke kyrne, så Marie og eg prøvde oss fram med det lille vi hadde lært når vi var med mor og far i fjøsen før. Ein dag reiste nokre av tyskarane og fangane, vi var spent på om far kom med båten, men ikkje ein sjel å sjå.

Dagane gjekk og mor blei dårlegare og dårlegare. Til slutt haldt eg det ikkje ut, eg måtte prøve å snakke med tyskarane. Eg sprang ut å fekk tak i ein som stod å holt vakt utanfor. Med det lille eg hadde lært av å høyre på når dei snakka med far, prøvde eg å få tyskaren til å forstå at han måtte hjelpe oss med mor. Heldigvis forstod han meg. Han sørga for at vi fekk mat, slik at mor kunne bli betre. Dei dagane medan han hjelpte oss, forstod vi at han var snillare enn dei andre. Han kom inn til oss kvar dag, for å sjå om vi hadde det bra. Vi måtte holde maten skjult slik at dei andre ikkje oppdaga den. No var mor blitt betre og kunne jobbe som før, men ho var alltid slakk og trøyt. Folk trudde att ho ikkje kom til å bli skikkeleg bra før far kom heim. Og det var nok sant. No når vi hadde nok mat, gjekk dagane fort, men vi måtte arbeide også: Vi sådde åkrar, somme var å fiska med ein tyskar som vakt!... Resten av krigsåra gjekk omlag slik.

 

Ein dag, våren 1945, mens vi holdt på med vårt daglege gjøremål, skjedde det: Sola skein og fuglane kvitra, plutseleg blei fuglesongen avbroten av nokre jublande røystar borte på nabogarden:

"KRIGEN ER SLUTT!!"

Fyrst var det ingen som trudde det, vi trudde fyrst det var nokon som heldt oss for narr, men då det norske flagget blei heist, visste vi det var alvor, og i alle fall når tyskarane kom å la våpna sine på bakken. Nokre dagar etterpå kom det ein båt og henta dei, og fangane blei sett fri. Augene deira lyste akkurat som om dei hadde fått alt dei kunne ynskje seg av alt i verda, men det hadde vel alle fått no: FRED!... No kunne alt ha vært fryd og glede, bare far hadde vore her, tenkte eg. Men då båten gjekk frå land, stod det tre skikkelser igjen på kaia, kunne det vere....? Ja, det må vere far og onklane. Vi la på sprang alle saman nedover bakken og rett i armane på far.

  Vi spaserte tett omslynget i armane hans, vi var så glade at det nesten ikkje kom eit pip frå oss. Når vi kom opp på kjøkkenet fortalde far kor han hadde vore. Han onkel Samuel og onkel Olav hadde sitte i Oslo kretsfengsel, Møllergata 19. Heldigvis så slapp dei å reise til tysk fangeleir. No blei mor betre og det var bra, for nå fulgte ei travel tid. Tyskarane hadde etterlate seg mykje skrot både på gardsplassen og i huset. Ja, til og med fleire sett med kvitt undertøy som var heilt svart av lus. Vi lagde eit stort bål midt på gardsplassen, det brann lystig i fleire timar. Huset vårt hadde fått ein hard medfart, det var stygge "sår" over alt. Ja, huset var nesten trampa ned.Sjølv om sengene blei fjerna og det blei malt, kom det seg aldri etter påkjenninga. Mor opna alle vindauga på loftet og alle andre romma tyskarane hadde budd. Det skulle ikkje bere reparerast, vaske og skrubbast, her skulle være skikkeleg også, så vindauga blei ståande opne heilt til hausten kom!

FRED!