BORN I KRIG
Av Jonas Hjelle, 12 år, 6. klasse Stavang skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

"Far, kvar er far?", spurde den uvitande lillebroren min. Med store våte auge ser han opp på meg. Eg svarar ikkje, eg går med tunge skritt bort til vevstolen der bestemora mi sit. Ho vevar eit sengeteppe og ser trist ut. Så seier ho at eg skal gå ut og gje grisen middagsrestane. Eg tar bøtta med maten og går ut til "Snøfte". Han gryntar lystig når han ser maten eg kjem med. I det eg kjem inn igjen, held mor på med å rulle ned rullegardina.

Det samme har hendt i to år no, kvar kveld ber vi og håpar at krigen snart skal bli slutt. "Eg går ut!" seier bestemor bestemt med heva røyst. "Men bestemor, då. Har du heilt gløymt at det er forbode å gå ut no på denne tida?" spør mor mi. Bestemor pleidde alltid å gå ein kveldstur i skumringa om kvelden, men no er det portforbod, og det er forbode å gå ut. Det veit bestemor godt, men av og til gløymer ho lett. Eg trur ho begynnar å bli litt tullete. Etter at sonen hennar blei skoten har ho aldri smilt. Eg trur ikkje eg heller har smilt. Synet av blodet som låg rundt far gløymer eg aldri, eg såg kor trist tyskaren var og, og…. og….

Nei, no orkar eg ikkje tenkje meir på det som hende. Vi må sjå framover, det plar bestemor ofte seia.

"Gå bort og legg nokre vedskier inn i omnen du ", seier bestemor som nettopp har sett seg ned i godstolen, akkurat som ikkje ho kunne ha gjort det før ho sette seg ned.

Eg triv noko rek ved i omnen. Fargen på glørne minner meg på då vi såg ein fiskebåt som blei sprengt i lufta av ei mine. Mennene smugla våpen ilag med far, men heldigvis var ikkje far med då båten vart sprengd i filler. Når båten ikkje kom begynte han og ro dei i møte. Etter ei stund såg han vrakrestane av fiskebåten. Han såg og ein tysk ubåt som låg og skaut med maskingevær på dei overlevande som låg og svømte i vatnet. Far hadde nokre gevær liggjande under tofta si, han begynte å skyte mot dei tyske på kommandotårnet og skadde mannen med maskingeværet. Då fekk far eit lite forsprang. Han rodde alt han orka bort til dei overlevande, han drog to våte, djupfrosne menn om bord i brebåten og rodde for full fart heim. Han kom farande inn i stova, han måtte ha hjelp til å få inn dei to andre mennene han hadde redda. Bakken ifrå kaia og opp til huset var ca. to hundre meter, men det kjendest ut som om det var det ti doble.

Då vi endeleg hadde fått dei to inn i huset, såg lillebroren min ut kjøkkenglaset. Han ropte: "Det kjem minst en, to , tre, fire, åtte, fem, tre!!" Mor sprang bort til glaset og fekk sjå at minst tretti tyske soldatar kom masjerande på rekke og rad. "Skynd dykk!" ropte mor med skjelvande røyst, "Det kjem tyskarar". Ho opna kjellarluka og dytta dei to nedkjølte mennene nedi, "du og ", ropte mor, og vinka på far. "Nei, eg kan ikkje", svara han, "eg må opp på loftet og gøyma radioen!". Han tok radioen, opna loftsluka og løfta han opp på baksida av taket. Då han skulle ned igjen, banka det hardt på døra. Mor tok eit teppe og la over kjellarluka. Ho opna ytterdøra. Fire av dei tretti tyskarane gjekk inn i huset vårt. Dei kommandert meg og mor, lillebror og bestemor ut på tunet. Vi stod utanfor døra og hørte på at tyskarane rota og leita inne. Dei fant to rifler i sofaen og ein automatpistol oppe i lampa. Dei gjekk opp loftsstigen, opp der far var. Dei fann han, førte han ned i stua, og deretter ut til vedhuset vårt der dei batt han fast til ein stolpe. Etter at dei hadde bunde han fast, tok dei eit svart skjerf og knyta det foran augene hans. Så stilte alle tyskarane seg i

skyteposisjon. Det var ein tyskar som såg bort på meg med triste auge. Kommandanten sa til mannen som såg på meg at han skulle føre oss inn i huset igjen, slik at vi slapp å sjå på . Tyskaren gjekk bort til oss og tok meg i eine handa og lillebror i den andre. Så gjekk vi inn i stua. Han tok ein sjokolade ut av lomma, og gav meg og lillebror ein bit kvar. Bestemor var sint på tyskarar og trudde alle var like valdelege. Ho sa høgt: "Ikkje et, det kan vere forgifta!!". Men når tyskaren åt av sjokoladen sjølv, tidde ho. Eg åt min og, det var lenge sidan eg hadde ete sjokolade. Akkurat då eg hadde svelt ned sjokoladen høyrde eg kommandanten utanfor rope eit eller anna på tysk. Det tok to sekundar, så sa det bang, bang, bang i eit sett. Tyskaren som sat inne med oss, såg ned i golvet. Så gjekk han ut.

Vi torde ikkje gå ut før vi var sikker på at alle hadde gått sin veg. Vi fekk tak i ei kiste og ein prest. – Og no står eg her og ventar på at vi skal vere med i begravelsen i morgon. Eg kvir meg litt.