SKÅR I GLEDA

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



Ho vakna og gneid seg i auga
Fortumla vart ho liggjande å sjå ikring seg.
Alt var så stilt – så underleg og annleis.
Mora, May var visst ikkje vakna enno.
Var det morgon alt no? Ho kasta eit svevntungt blikk på
vekkerklokka på nattbordet. Berre fem?
Kvifor var ho då vaken? Jau, no tok det til demre.
Ho hadde drøymt så underleg..
Drøymt om at ho hadde dansa i ei blomstereng.
Og vakker musikk nynna i øyrene henne.
Så hadde det kome fleire og fleire menneske fremme.
Folk utan andlet som prøvde å fange henne.
Og ho hadde ikkje klart å kome seg vekk frå dei…

Brått grøste det gjennom henne.
Noko var på ferde – men kva?
Morgonstilla låg som eit slør over huset.
Larmen frå gata var stilna heilt av.
Det virka som om heile verda hadde stoppa.
Ho kjende ei gnagande uro stige i seg.
Et minte henne brått om den april morgonen
For fleire år attende.
Nesten den same uroa ho hadde kjent då.
Den morgonen soldatane kom og tok framtida frå henne.
Men dette var noko anna.
Ikkje taktfaste tramp av jernskodde militærstøvlar.
Ikkje tyske kommandobrøl og ikkje hjarteskjerande skrik.
Berre stilt.

Ho klarte ikkje ligge lenger. Ho måtte opp.
Måtte sjå kva det var som stod på. Varsamt smetta ho beina
fram under dyna og lirka dei gamle og utgådde tøflane på seg.
Lydlaust, for ikkje å vekkje nokon stiltra ho seg bort til vindauget.
Maidagen skar henne i auge i det ho trekte frå blendingsgardina.
Då ho på nytt vann att synet, let ho blikket saumfare gata under seg.
Karl Johan var aude og forlatt.
Ikkje eit menneske å sjå nokon stad.
Berre eit vinddrag fekk greinene på akasitrea
i studenterlunden til å røre seg svakt i morgonbrisen.
Aldri hadde denne gata vore så folketom og forlatt
som den var denne morgonen, 7. mai 1945.

Ho opna vindauget. Den kjølige brisen sneik seg under
nattkjolen og ho fekk gåsehud på kroppen.
Det nøttebrune håret vart forsiktig blåst vekk frå andletet og
forsvann i det uendelege.
Slik hadde ho aldri sete og sett på verda.
Og det var ein herleg følelse.
Men det var framleis eit mysterium for henne,
kvifor var det ikkje nokon tyskarar utanfor i gata?
Igjen fekk ho lyst til å danse. Danse og vere glad.
Hadde ho fortsatt den vesle radioen ho hadde fått
til 10 – års dagen?
Ho måtte opp på loftet for å finne den.
Ho hugsa enno kvar den var.
Ho klatra over ei gamal kiste,
Og sat set ved veggen.
Sakte løyste ho laus plater frå treveggen.
Til slutt hadde ho eit stort hol,
som ho stakk handa inni.
Der! Ho fant den. I handa hadde ho ein støvete brun radio med
namnet hennar på: Loise Olsen.
Ho skrudde på dei forskjellige knappane.
Det einaste som kom ut, var mykje bråk.
Men då ho sette den i vindauget, kom det ut munter og lett musikk.
Ho stod på golvet og dansa lett i takt med musikken.
Plutseleg vart musikken broten av med ein kraftig mannsstemme:
Klokka er no halv seks.
Vi har nettopp fått melding frå overkommandoen:
Tyskarane har trekt seg ut av Noreg.
Eg gjentek; Tyskarane er no ute av Noreg.
Vi er atter ein fri nasjon.
Ho stivna. Såg på radioen. Såg på namnet.
Eg er fri igjen. VI ER FRI!!
Ho ropte det ut. Då kom ho på mora som låg og sov.
Men det var ikkje lenge etter, at ho kom stormande inn for å sjå
om det var noko gale.
Kva er det, Loise? Har det skjedd noko?
Mary såg skremt på ho.
Mor , vi er fri, fri frå tyskarane.
Loise kasta seg om halsen på ho.
Men.. korleis fekk du vite det?
Eg høyrde det på radioen min for nokre minuttar sidan.
Mora såg paff på dottera.
Då ho såg gnisten i auga hennar,
skjøna ho at det var sant.
Kom inn på kjøkkenet og la oss feire med litt mjølk.
Mora gjekk muntert inn i det vesle blå rommet.
Morgonsola lyste varsamt inn og gjorde det varmt og godt.
På ein slik dag, burde vi ha duk på bordet.
Mary, rota i eit av skapa,og drog til slutt fram ein kvit liten duk.
Loise fann fram mjølkespannet.
Håpar berre at ho ikkje er sur, for ho er tre dagar gammal.
Dei slo opp i glasa og sette seg ned ved bordet
og drakk mjølka sakte for å nyte den.
No trengte dei ikkje lenger å skunde seg til butikken,
redde for at det ikkje skulle vere nok mjølk til alle.
No kunne dei gå sakte og nyte været,
For no kom det til å vere nok til alle.
Krigen var no slutt og tyskarane var på veg heim.
No skulle livet bli slik det ein gong var, kanskje betre.

Seinare på dag, var det tjukt av folk ute i gatene.
På nytt vaia det norske flagget.
Plutseleg stakk det i hjarta til Loise.
Faren, han var ikkje der.
I går kveld hadde han gått ut for å trekke frisk luft, men han hadde ikkje kome attende.
Plutseleg vart det trengsel og ståk lengre borte i gata.
Ho sprang bort for å sjå kva det var som stod på.
Faren! Den norske motstandsrørsla stod og drog i han for å få han inn i ein av politibilane.
Samstundes som ho ville gå bort og dra han med heim, forstod ho kvifor han vart tatt.
Under krigen hadde han tysta på ein familie som var jødar.
Dei vart sendt til Tyskland, og ingen har sett dei sidan.
No var det hans tur.
Ho hadde det vanskeleg, men no var det hans tur.
Ho snudde seg og gjekk.
Mora forstod kva ho hadde sett og tok godt rundt henne.
Dei fekk berre prøve å gløyme.
Og leve for framtida.

Mona Karin Erstad, 8. klasse.