|
FEM NAKNE ÅR. |
||||
|
Intervju med Astrid
Greta Hammerset
|
"Jau, visst merka vi tyskarane, ikkje ein gong nasjonalsongen kunne vi plystre utan å vere redde for fengsel og straff". (Gunnhild 95) I dei fem okkupasjonsåra var den vesle bygda Norddalsfjord om lag totalt isolert frå omverda. Nokre få gonger var "herrefolket" på vitjing, men elles var det tilsynelatande roleg. Likevel vart ein formidabel motstands- og sabotasjekamp organisert frå denne vesle fjordbygda. Ei av dei mest sentrale kvinnene i denne kampen var Gunnhild Randheim. No, 50 år etter frigjeringa torer ho endeleg å stå fram med heile sanninga om det som skjedde i krigsåra frå 1940-45.
|
|||
|
|
||||
|
Året er 1941, landet er nett blitt okkupert
av tyske soldatar. I den vesle fjordbygda Norddalsfjorden kjempar
heimefronten for livet mot overmakta. Om kveldane møttest dei for å
planleggje og ta imot beskjedar i frå engelsk radio. Dette var svært
risikabelt, men dei ville kjempe for landet sitt til siste slutt. Våpen
og radio heldt dei godt skjult for tyskarane oppe i fjellet. Gunnhild
hadde som oppgåve å halde heimefronten informert om planane tyskarane
hadde. Gunnhild fortel: "Eg måtte gjere meg ut for å vere nazist,
og det var svært vanskeleg i lengden. Vi bestakk også tyskarane med mat
som kjøtt, mjølk, smør og geitost. På denne måten klarte vi å skaffe
oss papir til å lage flygeblad av.
Gunnhild fortel. Vi møtte Gunnhild i den vesle stova hennar nede ved sjøen. Sjølv om ho sleit mykje i sine yngre dagar, er ho ein sprek 70 åring med ein utruleg livsgnist. Sjølv om ho har opplevd mange vonde år, ser ho tilbake på det som eit godt liv. Vi ville gjerne vite om ei særskild hending som ho hugsar godt. Ho fortalde om natta til 15. april 1945 då to heimefront soldatar og fem tyske soldatar mista livet på nordsida av dalen. Tragisk Vi hadde fått i oppdrag å hjelpe engelske og norske soldater som gøymde seg på fjellet. Planen gjekk ut på å bringe soldatane ned i bygda uten at tyskarane skulle merke det.
|
Gunnhild ser oppover fjellsidene og vi kan sjå kor
tungt det er for ho å prate om krigsåra. Tårene vil fram, men ho er sterk nok
til å halde dei tilbake, trass i dei vonde minnene ho bærer på.
Etter ei lita pause tar ho fatt på å fortelje vidare. Det heimefronten ikkje visste var at tyskarane også var på veg opp på fjellet for å ta soldatane til fange. Det skulle vise seg å bli eit blodig mareritt som seint skulle gløymast. Nede i dalen var heimefronten i ledelse av Arne Viklund på veg opp over fjellsida, væpna med ulovleg våpen. Halvvegs framme støtte dei brått på "herrefolket". Det gjekk ikkje lenge før krig og drap var eit faktum. Vi som låg i skjul oppe på fjellet kunne høyre skyteepisoden, og vi visste med ein gong at operasjonen var gått gale. Eg kan knapt huske kva eg tenkte, eg var som i ei tåke. Bygdefolket fekk varsla den engelske etterretninga om det tragiske som hadde skjedd og bad om informasjon om kva dei skulle gjere vidare. Dei fekk beskjed om å fullføre oppdraget, og late som om alt var som vanleg. Til slutt fekk dei soldatane i skjul og oppdraget var fullført. Dette var også det siste, for 7. mai 1945 fekk dei beskjed om at tyskarane hadde kapitulert. Dette vart ein gledens dag for alle. Atter igjen kunne dei heise flagget til topps og synge nasjonalsongen uten å frykte fengsel og straff.
|
|||
|
Etterkrigsåra
I etterkrigsåra var det endå vanskeleg å skaffe skikkeleg klede og proviant. Rasjoneringskort på visse varer hadde vi heilt ut til 1952. Då vi skulle bygge oss hus i 50, var det kvotar til og med på kvar minste spiker. Det gjorde til at husa ikkje vart så godt isolert som no til dags. Vi slutta intervjuet med å spørje : "Føler du at du har gjort det som er riktig?" "Alle frykta vi krigen, men vi visste med oss sjølve at det vi gjorde var rett. Vi hadde ingen andre å stole på enn oss sjølve." Eldbjørg Midtbø 9. Klasse.
|
||||
|
|
||||