Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



EI DRAMATISK HENDING FRÅ KRIGEN

Ei samtale med Arthur, 76 år, og Harald, 68 år, på Askrova.

Var det nokon de kjende som var med i krigen?

Ja, det var mange: Halvar Espeseth, Einar Valvik, Arthur Espeseth, Samson Valvik, Odd Hovland, Arthur Magnussen, Kåre Hovland og Sverre Valvik.

Hadde de radio?

Nei, vi hadde ikkje radio. Det hadde vi ikkje lov til.

Kva hadde de til mat?

Vi åt fisk og poteter. Poteter brukte vi til graut. Til kaffi hadde vi potetkake. Fisk og sild åt vi til middag og kvelds.

Såg de noko dramatiske hendingar?

Ja, vi så ein del båtar som vart senka aust for Tansøy. Ein gong han Harald var på skulen kom ei stor hornmine rekande inn Espesethvågen. Lærarinna og elevane vart så redde at dei sprang i full fart opp Risbakkane og nord om Hågane og heim. I farta gløymde dei skuleveskane sine. Det var nokon som varsla om mina, og tyskarane kom og sprengde den. Ingen vart skadd – heldigvis.

Av Ragnhild Espeseth, 1. klasse.

 

 

Intervju med Kåre Rognaldsen av Rakel Helgheim, 4B.

Kor gamal var du når Noreg vart frigjort?

Eg vart fødd i 1910, så då var eg 35 år. Eg dreiv gard på Rognaldsmarka og hadde to barn som endå ikkje hadde begynt på skulen.

Korleis fekk du vite at Noreg var frigjort?

Eg fekk ikkje vite det før klokka 8 om kvelden. Det var nokre naboar som fortalde det. Dei hadde høyrt det av andre, som hadde høyrt det av andre igjen, så vi var ikkje sikre på om det var sant.

Kan du fortelje kva du hugsar frå 8. mai 1945?

Det var framleis mange tyskarar her. 8. mai var det ein tyskar som prøvde å rømme. Han blei skote av ein annan tyskar på Evja. Tyskarane hadde framleis mange våpen, og leiaren deira ville ikkje overgi seg.

Om kvelden gjekk vi ned i sentrum, men der var det lite folk og dei som var der, prata stille i lag. Vi kjende oss veldig utrygge når vi gjekk i gatene, både på om krigen verkeleg var slutt og på kva tyskarane ville gjere.

 

  Fortel noko av dei viktigaste forskjellane under og rett etter krigen?

Når krigen var slutt, kunne vi slutte å bruke blendingsgardiner og å gå med pass. Dessutan kunne vi snakke meir fritt. Under krigen var det ingen som akkurat sulta, for dei hadde sild som var salta og som oftast røykt, og poteter .Men ganske for etter krigen begynte det å komme forskjellige ting å få kjøpt.

Kva tenkte du når du hadde fått vite at Noreg var frigjort?

Eg blei oppmuntra til å tru at denne "djevelskapen" snart var slutt.

Er det noko anna frå frigjeringa du har spesielt lyst å fortelje om?

Dei nordmennene som hadde heldt med tyskarane under krigen, måtte gjere straffarbeid. Det var dei som bygde opp gravplassen. Mange blei også klipt heilt korte på håret som straff, sa Rognaldsen til slutt.