|
|
|
Intervju med Astrid
Greta Hammerset
|
|
Intervju med Astrid Greta Hammerset
Intervju med Arthur og Harald
Intervju med Kåre Rognaldesen
Fem nakne år
Skår i gleda
Krig og frigjering
Eit barn i krig
Born i krig
Amir fra Sarajevo
Born i krig 1
Born i krig 2
Fem tunge krigsår
Krig på Svanøy
Krig og kvardag 1
Krig og kvardag 2
Krig og kvardag 3
Suppa
Med livet i
hendene 1
Med livet i
hendene 2
Med livet i
hendene 3
Med livet i
hendene 4
"Anna"
Soldaten
|
|
Ding-dong. Døra opnar seg og der står ei hyggeleg dame med eit blidt
andlet. – Bare kom inn, seier ho. Vi set oss til ved stovebordet, som er
opplyst av ei lampe.
Det er veldig heimekoseleg i stova, og det at det brenn friskt i
peisen, forsterkar inntrykket. Ho heiter Astrid Greta Hammeret, er 59 år
og har to søstre og hadde to brør. Brørne drukna, seier ho med ei trist
mine over andletet, og eg bestemmer meg raskt for at eg ikkje skal stille
fleire spørsmål om det . Ho er glad i å veve og lese og jobbar i
Sparebanken Flora – Bremanger, som fullmektig. Ho har budd i Florø
heile livet, unnateke eit par år då ho jobba i Bergen, men ho kom fort
tilbake igjen.
Kor gamal var du under krigen?
Eg var 4 år då krigen byrja og var 9 år då han slutta. Foreldrene
mine heiter Gyda og Adolf, noko som forresten minner meg på ei morosam
historie.
|
|
På slutten av krigen, når folk spurde kva faren min heitte, sa
eg berre Konrad fordi eg var veldig flau over at faren min hadde same
førenamn som Adolf Hitler.
Korleis opplevde du dagen då krigen braut ut?
Eg tenkte ikkje så mykje på han, men då tyskarane kom var dei veldig
uhøflege, og berre tok det dei hadde bruk for. Dei tok for eksempel
Folkeskulen, fordi dei trengte plass til soldatane sine. Då måtte borna
gå på skule på Fiskarfagskulen. Det er forresten der Aldersenteret ligg
no. Eg gjekk på skule hos Ytri. Han var overlege på sjukehuset den
gongen. Eg huskar han hadde eit drivhus der han dyrka druer. Vi var der og
fekk nyplukka druer, mange gonger.
|
|
|
|
Gjekk det føre seg krigshandlingar i
Florø?
Det gjorde det. Vi budde i eit hus ved sida av Sjukehuset. Kvar gong
det var flyalarm måtte vi gå ned i kjellaren på den gamle
brannstasjonen. Nokre hadde lagt sandsekker utanfor vindauga, så dei
hadde laga seg eigne bomberom. Ein gong vart det sleppt ei bombe som landa
midt i mellom barneskulen og der Paviljongen ligg no, men bomba gjekk
ikkje av. Då dei skulle flytte bomba, var det store sikringstiltak, men
dei fekk fjerna bomba utan at ho gjekk av. Dette var den einaste gongen ei
bombe vart sleppt over Florø , så vidt eg veit.
Det var fleire nedskytingar av fly over Florø. Ein gong var det eit
britisk fly som vart skote ned. Det fauk rett over hustaket vårt, og eg
huskar at eg kunne sjå at det brann i motorane.
Flyet krasja ikkje i Florø og flygaren døydde. Dette var ein av dei
opplevingane eg hugsar best ifrå krigen, og det var ei svært nifs
oppleving. Så vart det skote ned eit britisk fly som krasja på Skorpa.
Flygaren redda så vidt livet ved å hoppe ut i fallskjerm. Tyskarane tok
han til fange og skulle sende han til Bergen med Fylkesbåtane. Det hadde
møtt opp ei stor mengde med folk for å sjå at han drog, men ingen
visste kva som skulle skje med han og vi høyrde heller aldri ifrå han
igjen. På haugen som låg litt bortanfor huset vårt, hadde tyskarane eit
maskingevær- rede. Ein dag då mora mi skulle ut å henge opp nokre
klede, small det eit skot rett over hovudet til mora mi og rett inn i
bordplankane bak ho. Hadde ikkje ho dukka for å ta opp noko tøy, hadde
ho truleg vorte treft.
Hadde de kontakt med folk i russarleirane?
Ja, det hadde vi. Det låg ein leir der bakar Nybø held til i dag og
ein der Ungdomsskulen ligg no. Russarane var svært flinke med hendene og
dei laga noko som heitte russerfuglar.
|
|
Vi fekk ein slik ein, men eg har
visst rota han bort. Det hende vi hadde såpass mykje mat til overs at vi
laga små nistepakkar og heiv dei inn til fangane. Nokre vakter reagerte på dette, men dei
fleste lot det gå. Ein dag hadde ein russar rømt og det vart stort oppstyr.
Tyskarane gjekk rundt i lag på fire og fire og undersøkte husa frå kjellar
til loft. Soldatane gjekk med bajonettar på , noko som synte kor alvorleg
situasjonen var.
Veit du om nokon jødar som blei tekne av tyskarane?
Nei, men det var eit par jødar på sjukehuset, men dei blei aldri tekne.
Nokre lærarar vart arresterte, men vi fekk aldri vite kva grunnen vår og dei
blei sleppte ut etter eit par dagar.
Hadde de noko kontakt med tyskarane?
Ikkje så mykje, men nokre av dei ville gje oss sjokolade og drops. Etter at
dei hadde snudd seg, geipa vi etter dei for å vise kva vi synest om dei. Eg
hugsar ei episode: Mor hadde ikkje blenda godt nok. Tyskarane vart svært sinte
og truga med arrestasjon vis det hende igjen, men det skjedde heldigvis ikkje.
Forresten måtte alle voksne folk vise passer - seddel når dei var ute.
Korleis var moralen til folk?
Eg fekk inntrykk av at moralen var bra. Folk delte det dei hadde og heldt
saman i tjukt og tynt.
Korleis opplevde du frigjeringsdagen?
Vi var utanfor og leika når nokre vaksne kom bort til oss og sa at krigen
var slutt. Fok var veldig glade den dagen. Vi forstod ikkje heilt, men vi
forstod at tyskarane skulle reise og at det var slutt på flyalarmane.
|
|
|
|
Takk for intervjuet, seier eg, medan eg
skriblar ned den siste setninga. Det var berre hyggeleg, seier ho, når eg
tar på meg jakka. Når eg er komen ut går det opp for meg kor mykje eg
ikkje visste om Florø, heimbyen min. Alle burde ta seg ein prat med ein
som har budd i Florø lenge. Det er svært lærerikt.
Egil Vartdal, 8. Klasse.
|
|
|
|
|
|
|
|