SOLDATEN
Av Leni Myklebust, 7. Klasse, Svanøy skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Kari sprang over enga, kjente at våren pirra i nasen. Kjolen flagra rundt beina hennar, graset kilte under tærne og heile tida høyrde no ei stemme inne i hovudet som ropte: - Kari, det er vår! Kari, det er vår!

Kari hadde løpt langt, heilt opp til "Stokken". Her var det veldig fint, naturen strålte mot ho, - slik som sola. Ho gjekk bort og sette seg på ein stubbe og studerte utsikta. Blikket hennar fell på "stupet" ut mot havet, derifrå kunne ein sjå heilt til Florø.

Men kva var det? Det såg ut som eit hol... Ho gjekk bort til "stupet", sette seg ned på kanten og såg ned. Ho hadde rett, der var eit hol. Om lag ein meter under ho var det eit hol som førte innover i berget. Kari la seg på magen, og aka seg ned til holet. Det var litt ekkelt, - men ho fekk fort fotfeste ved holet – så ho sat seg inn.

Fint å sitte her, sa ho tilfreds til seg sjølv. Men kven har laga dette holet? Og kvifor?

Medan ho sat slik der og funderte kom ho plutseleg på at holet kanskje hadde noko med tyskarane å gjere. Det var ein grusom krig som herja i landet, men her å Svanøy hadde dei nesten ikkje merka noko til han, enda i vertfall.

Kari hadde alltid vert litt nyfiken av seg, så ho bestemte seg for å krype litt lengre inn. Det høyrdest ikkje ut som om det var nokon her no heller, så...

Hula var berre 1 ½ m høg, men den var brei og skikkeleg tillaga. Etter nokre minutt delte vegen seg. Kari valde vegen til venstre – for den var breiast.

HALT! –

Kari skvatt. Røysta var mørk og hard, ho snudde seg og såg rett inni eit par svarte auge.

Gehen sie weiter! – ropte han.

Hæ? – Kari forstod ingenting, bortsett frå at han var ein tysk soldat. Soldaten skubba til Kari, så ho starta å gå lengre inni hula. Då soldaten kom opp ved sida av Kari, såg han den gule stjerna på kjolearmen hennar. Soldaten rykt til, tok ho i armen og sa noko på tysk. Så då han fann ut at ho var jøde, blei han mykje meir aggressiv.

 

 

Dei gjekk og kraup, og kvar gong dei kom til ein delt veg, gjekk dei alltid til høgre. Ein gong møtte dei på ein anna soldat, han blei stiv og arg i ansiktet då han såg jødemerket hennar. Dei fortsette å gå. Plutseleg dukka det opp ein opning – og ho såg ein grusom, ekkel betongbåt liggje ved stranda.

Nei! Nei! Ho ville ikkje sendast vekk. Nei! Kari brølte og skreik, tårene trilla, ho skalv av redsel, ho slo rundt seg, men soldaten var sterkare enn ho. Han skubba ho ombord, starta motoren og dei køyrde ut på fjorden.

Kari sat i fronten på båten og grein.
Ho var redd, og grein.
Ho var sint, og grein.
Ho grein.

  Medan ho sat der, kjende ho at ho blei sintare og sintare. Ho reist seg i full fart, for bort til soldaten og byrja å slå han, om att og om att. Men no blei soldaten sur, han skubba ho vekk, så ho datt på ryggen – det var vondt. Men ho gjekk laus på han igjen. Då stoppa soldaten båten...

Han tok ho i armane, pressa ho ned på benken. Tok geværet. – Og skaut ho.

Ho var jo berre ein jøde, så då gjorde det vel ikkje noko?, spurde soldaten seg sjølv. Han rista på hovudet og lempa ho over bord.

Han starta motoren og køyrde vekk.