"ANNA"
Av Nina Anette Steindal, 8. Klasse, Eikefjord skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



Eg høyrde flyduren i det fjerne, og såg meg rundt. Alt var forandra. Den før så fine garden vår var heilt øydelagd. Fjøsen og nokre av husa stod i lys loge.

Eg såg utover fjorden. Det var ikkje noko vakkert syn. Alle gardane rundt var øydelagde.

Det rodde ein mann innover fjorden. Han hadde med seg eit lite barn, det skreik der det låg i båten.

"Anna", ropte ei kvinnestemme. "Mor, mor", ropte eg tilbake. Eg kunne ikkje sjå ho, kvar kom stemma frå?

"Anna!" ropte ho att. Det høyrdest ut som det kom frå uthuset. Eg sprang dit. Det låg plankar overalt.

Mor fortsette å rope desperat. Eg flytta plankar etter plankar, og eg øydela den før så fine kjolen min. Eg kjende at eg ville grine. Tårene pressa på, og eg klarte ikkje å sjå klart.

"Mor, mor", ropte eg fortvila ut i lufta. "Her inne, Anna", ropte ho tilbake. Eg såg den svære døra, den låg framfor eit hol der mor mi var innestengd.

No byrja tårene å renne. "Tenk om ho aldri kom seg ut att. Kva gjorde eg då? Eg måtte ha ei mor", tenkte eg inni meg, "Eg måtte ha ei mor".

"Du må nok hente meir hjelp", ropa mor ut til meg. "Javel", hiksta eg fram.

Eg sprang ut på gardsplassen. Med eit høyrde eg flyduren komme igjen. Og eg skjøna at det var tyskarane som kom attende. Eg prøvde å finne ein plass der eg kunne gøyme meg, men alt verka nyttelaust.

Med eitt kjende eg to armar som løfta meg opp, og bar meg med inn i ei grotte som var bak husa. Det var gardsguten Albert som hadde redda meg. Han hadde eit kutt på venstre skuldra, det hadde blødd kraftig av det. Albert var høg og kraftig, og hadde mørkt hår som krølla seg ned i panna. Og han var omtrent 20 år.

Han såg alvorleg ut då han prøvde å finne ut om flya framleis var der oppe på himmelen ein stad, men vi kunne ikkje høyre dei. Eg forklarte han at mor mi sat fast i uthuset. Og at eg ikkje klarte å få ho fri.

Etter ei stund vågde vi oss fram att. Vi sprang rett i uthuset. Det var så vidt Albert klarte å få vekk den svære døra. Men til sist klarte han det endeleg. Eg var heilt på gråten av lettelse, og gav mor ein god klem. Eg kunne skimte ein skikkelse til der inne. "Far", ropa eg. Far min låg på golvet. Han blødde i eit stort kutt han hadde fått i panna. Mor forklarte at det var ein planke som hadde falt i hovudet på han. Mor var heilt på gråten. Albert prøvde å få liv i han att, men det var nyttelaust.

 

 

Eg kjende tårene presse på. Dei rann sakte nedover kinnet mitt. "Jacob", tenkte eg plutseleg. "Kvar er Jacob?" spurde eg mor og Albert. Jacob var bror min, og berre 10 år gammal.

Vi sprang ut, mor vart heilt på gråten då ho såg alt det som hadde skjedd med garden, og alle dei andre gardane utover fjorden.

"Eg er glad mann min slepp å sjå dette", kviskra ho stille.

Mor hadde etterkvart vorte "sjefen" på garden. Og ho hadde også klart å gøyme Albert for tyskarane. Eg prøvde å tenke ut kvar Jacob pleidde å vere. Hytta! "Han er nok i hytta", ropa eg, og la på sprang. Mor vart att på garden.

 

  Albert og eg sprang oppover lia. Jacob hadde ei hytte høgt oppe, under ein hammar. Eg bad til Gud om at han ikkje måtte vere skada under bombinga. Då vi kom opp høyrde vi ei sutring. "Takk Gud", sa eg høgt. Albert slo opp døra, og Jacob sat samankrøka i ein krok ilag med den lille kattungen han hadde fått av far, då han kom heim frå kjøpmannen forige månad.

Albert løfta han opp, og eg tok kattungen. Vi gjekk forsiktig ned att til mor. Der hadde det samla seg fleire overlevande no. Men mange hadde mista livet også. Nokre i bombinga, andre under brannen.

Seinare begravde vi dei døde.

Eg sørga lenge over far min. Vi var heile tida redde for at tyskarane skulle komme å bombe oss på ny.