MED LIVET I HENDENE.
Av Jorunn Vallestad, 3. klasse, Brandsøy skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Dette er ei sann historie frå eit av krigsåra som bestefar min på Askrova opplevde.

Ein dag i middagstida så dei mange fly som fløy innover mot Førdefjorden. Dei skjønte at dette måtte vere engelske fly. Då dei kom langt inn forbi Svanøya kom det fleire fly sørfrå, og så begynte ei veldig skyting. Alle på garden stoppa og såg på, men det var så langt vekke at dei fekk ikkje sjå skikkeleg kva som hende. Dei skjønte at det måtte vere ein luftkamp, og dei såg sporlys kuler som for i mange retningar. Dette varte omtrent ein halv time.

Brått så dei eit fly som kom utover mot Askrova. Då det kom nærare så dei at det hadde ein hale med røyk etter seg – og dei skjønte at noko var gale. Flyet kom lågt utover sjøen og dei forsto at det kom til å dette ned. Då det kom innover land, sving det brått og prøvde og lande på eit flatt sauebeite inne på Herneset. Utruleg nok klarte det å lande utan at det begynte å brenne.

Bestefaren min og ein annan mann sprang fort innover og ville hjelpe. Det tok minst ti minutter før dei kom inn. Dei så ein mann som stod minst hundre meter frå flyet. Flyet hadde skade på ein veng og heile halepartiet var vekk.

 Dei så no at det var eit tysk fly, og at det måtte vere flygaren som stod der, for han hadde flygar hjelm på hovudet. Då dei ville bort til flyet, trakk flygaren ein pistol og sikta på dei. Så vinka han dei vekk - for han var redd flyet skulle eksplodere. Flygaren så heldigvis ikkje ut til å vere skada.

Bestefaren min og han andre mannen ville no gå heim igjen, men det fekk dei ikkje lov til. Dei måtte vente til dei tyskarane som budde på Vallestad kom inn til flyet.

Flyet vart ståande inne i Herneset i fjorten dagar, og ingen fekk lov og gå inn i det.

Ein dag kom det ein båt med mange tyskarar. Dei gjekk på land og skrudde flyet frå kvarandre i små bitar. Så tok dei alt med seg og for sin veg.

Seinare fekk dei vite at dei engelske flya skulle bombe eit krigsskip i Førdefjorden. Tyskarane fekk hjelp av sine eigne fly og i luftkampen vart dette flyet skada og måtte nødlande.