Med livet i hendene.
Turid Reksten, Florø barneskule, Klasse 5A.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



- Kva var det?

Eg var lys vaken. I kammerset ved sidan av høyrde eg tvillingane skrike. Der var det att! Skot!

Eg vekte far som kvapp opp og sprang ut for å sjå kva som hadde hendt. "Besta" kom inn frå kammerset og sa alvorleg at han ikkje fekk gå åleine. Han sprang bort til dei næraste gardane og fekk med seg fleire menn.

Seinare fortalde far at då dei kom ned på Fløyhågen, kunne dei skimte ein liten robåt bort i fjorden. Ein mann rodde så fort at sjøen fossa om baugen på båten. Det var båten til Andreas.

Var det han som no blei forfølgd?

Det høyrdest endå fleire skot frå marinebåten som fylgde etter, og mannen vart borte.

- Kvar er mannen i båten? ropte Karl på Brattly.

Ingen kunne sjå mannen.

-Der, no kan eg såvidt sjå han, han ligg under tofta for å verne seg mot skota. Nokre av dei andre kunne òg sjå han no.

Så kom alle karane opp igjen til huset vårt og fortalde kva som hadde hendt. Dei var einige om at dei ville sjå kva som hadde hendt med mannen i båten. Tenk om han var død, eller låg såra der? Hadde han greidd å ro i land og gøyme seg? Dei drog ut for å leite, men far gløymde å ta med seg passet sitt, noko alle som var ute, måtte ha med seg. Elles fekk dei straff!

 

Dei visste at den store båten var tysk. Mannen i båten, som viste seg å vere han Andreas i Lia, hadde trudd det var ein engelsk marinebåt, så han hadde rodd ut for å finne ut om dei ville han kontakt eller hadde med seg noko til oss på Indre Reksta. Tyske soldatar kom fort i land, og omringa husa på gardane.

Vi som var att inne i huset, høyrde at det banka med kraftige nevar på døra til nabohuset, og like etter brasa tre tyske soldatar gjennom bislagdøra vår. Medan den eine stod vakt utanfor, stod ein anna og peikte på mor med ein revolver mot brystet hennar. Den tredje spurde på dårleg norsk etter mannen i huset. Mor sa sanninga, nemleg at dei hadde høyrt skot, og at far var gått ut for å finne ut kva som var i vegen. Tyskarane hadde fått det same svaret i alle husa, så det måtte vere sant, men likevel gjekk dei gjennom og undersøkte heile huset vårt. Då dei gjekk inn i vesle stova der eg sov, sprang eg bort i senga der "besta" låg og småprata for seg sjølv. Besta vifta med armane og sa: - Kom deg ned unge, eg må høyre ditta. Eg gjekk stille inn til meg sjølv igjen, og heldigvis var ikkje tyskarane der lenger. Då dei kom inn til storebror, sa han tøft: - Eg`e her , eg! Alle rom vart sjekka nøye, men dei fann ikkje anna enn ungar og kvinnfolk. Soldatane gjekk vidare, men ei vakt stod att på trammen for å passe på så ingen kunne lure seg inn eller ut. Sjølvsagt var vi alle spente på kvar far og dei andre var. Far fortalde seinare at soldatane tok dei og samla dei i huset på Leite med ein væpna tyskar på trappa som vakt. Men før dei blei teine, hadde dei møtt Andreas som heldigvis ikkje var skada. Han hadde komme seg opp i ei lita vik og sprunge vekk frå båten. Alle hadde fått tid til å planleggje kva dei skulle seie til tyskarane, for dei visste at dei ville bli for høyrde.

 

Etter ei god stund, kom far saman med fleire soldatar for å hent passet sitt. Han og dei andre mennene var tekne som fangar og ført ombord på den tyske båten som låg ved Kytringsholmen. Dei skulle til Florø til forhøyr. Vi vart så fortvila. Tenk om far og dei andre vart sende til konsentrasjonsleiren i Havreneset eller kanskje heilt til Tyskland? Eg hadde aldri vore så redd før, og eg såg på mor at ho også var redd. Bestemor låg inne i kammerset sitt og okka seg, og storebror som no ikkje var så tøff, men sat og grein, blei trøysta av vaktsoldaten som sa at far sikkert snart kom heim att. Nokre av tyskarane var ganske snille mot oss, særleg han som er nest vakta. Far kom heldigvis heim att. Han kunne fortelje at dei var lova mat, fordi dei ikkje hadde ete frukost. Dei hadde frose så fælt på vegen til Florø for dei fekk ikkje hente utapå klede. Om bord i båten vart dei stilte med fjeset mot "veggen" ute mot styrhuset, to meter frå kvarandre, slik at dei ikkje kunne diskutere kva dei skulle svare på nye spørsmål i nye forhøyr. Det var viktig at dei samarbeidde og fortalde det same, for elles ville ikkje tyskarane tru dei, og det dei sa, måtte vere likt og "sant". Under reisa frå Reksta til Florø måtte dei stå, og viss dei prøvde å sette seg, var tyskarane der med ein gong.   Då dei gjekk i land, var Florø "vakna". Alle dei kjende godt, lurte på kva gale mennene på Reksta hadde gjort sidan dei hadde tyskarar både føre og etter seg. Lensmannen i Florø ringde ut på Reksta, til Tunet, den einaste garden med telefon, og spurde kva som hadde hendt. Lensmannen let som om han var på parti med tyskarane, for elles vart han kanskje sendt til Tyskland. Men han hjelpte oss så godt han kunne. Som svar på det han spurte om, fekk han vite at dei hadde sett ein småbåt med ein mann i. Lensmannen svarte ironisk: "Trudde dei at engelskmennene kom i småbåtar til Noreg?"

Det vart fort kjent i Florø at far og dei andre frå Reksta var arresterte. Dei påstod at dei var uskuldige, men forhøyret varte heile dagen, før dei endeleg vart frikjende. Vi her ute på Reksta var så redde for at dei kanskje vart sende til Tyskland, og det var ei stor glede for oss då far ringde ut og fortalde at dei var frikjende og at dei hadde leigd skyss heim igjen, for tyskarane skyssa dei sjølvsagt ikkje heim att. Då dei kom heim var dei skrubb svoltne, fordi den maten dei var lova, såg dei ikkje noko til. Dei hadde ikkje ete i det heile på denne dagen.