MED LIVET I HENDENE.
Skrive av Borgni Reksten, 9 år 3. klasse, Rognaldsvåg skule

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Dette er ei sann forteljing om bestemora og bestefaren min. Dei var kjærastar under krigen, bestemora mi budde i Rognaldsvåg og bestefaren min på indre Reksta. Besta har fortalt meg denne historia.

Dette skjedde anten seint på hausten 1944 eller tidleg på våren i 1945. Bestefar hadde vore i "vågen" på besøk, det var langt å gå. På den tida var det ikkje ordentleg veg, han gjekk sunnapå og det var meir enn 4 km. Då han kom heim seint på kvelden såg han ein båt ute med Kytringsholmen, som blikka med lysa og brukte lyskastar. Då tenkte han "ditta må vere engelskmannen". Han vart nysgjerrig og tok feringen og rodde ut for å sjå og snakke med dei. Kanskje han tenkte det var tobakk eller andre ting å få tak i og. Dei sette lyskastar på han og så skaut dei etter han, så han forstod at det var ein tysk båt. Kanskje dei trudde han var ein sabotør eller ein flyktning eller ein spion, det er vanskeleg å forstå kvifor dei skaut. Bestefar vart sjølvsagt redd og rodde for livet mens han nesten låg i båten. Han måtte komme seg vekk frå lyskastarane og ligge lågt i båten så tyskarane ikkje kunne sjå eller skyte han. Han rodde vestover til vikane nedanfor "Rekstakjellaren". Bestefar åla seg på land og drog båten

 

opp i fjæra. Han sneik seg heim og var veldig nervøs og redd. Når han kom heim fortalde han kva som hadde skjedd før han la seg. Neste morgon gjekk tyskarane rundt og leita etter ein grøn båt med skothol i. Men der tok dei feil for bestefar sin fering var ikkje grøn, men svart og den var ikkje hol i. Dei tyske soldatane gjekk frå gard til gard for å finne den som hadde vore i båten. Ingen hadde noko å fortelje, så til slutt samla dei alle mannfolka som var på Reksta. Dei tok dei med seg i båten inn til Florø. Dei blei tekne inn på avhøyr, men ingen hadde noko å fortelje no heller. Bestefar sa at han hadde vore på frieri i "vågen".

Tidleg same morgon lurte systera til bestefar seg forbi tyskarane og for ut til Rognaldsvåg. Ho kom ut før besta hadde stått opp og ho var veldig oppkava. "Dei har tekje alle mannfolka på Rekstene", var det fyrste ho sa. Besta fekk beskjed om at ho måtte sei at bestefar hadde vore hos ho utover kvelden og natta, dersom tyskarane spurde ho. Besta gjekk i spaning heile dagen. Ho var redd for at tyskarane skulle komme å spørja og for korleis det gjekk på Flora.

Ingen kom og spurde ho og det var ho glad for. Alle mannfolka på Reksta kom heim igjen same kvelden. Alt hadde heldigvis gått bra denne gongen.