MED LIVET I HENDENE
Geir Henning Seljeseth, 5. kl. Batalden skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

Den 13. desember 1943 reiste den britiske MTB 666 til Djupevågen (Skorpa) med utstyr. Fenrik Oskar Augensen ble beordra ombord som norsk assistanse, og kvartermeister Hovden som kjentmann. Det var 10 flyktningar som ville til England. Agentane hadde bygd ei hytte ved Djupevågen tidlegare under krigen.

Dagfinn Ulriksen og ein til hadde streva med å byggje hytta og dei hadde lagt skorsteinen i ei steinur slik at all røyken vart fordelt og ikkje synleg. Dei skreiv nede alt dei såg. Seinare fikk dei radioutstyr, olje og masse anna utstyr av MTB 666. No vart alt farlegare. Vart ein MTB oppdaga, kunne kanonane treffe dei kor tid som helst.

På slutten av krigen grava dei ein utkiksplass. Med god hjelp frå øybuarane greidde dei seg gjennom vinteren, og øybuarane kjøpte tobakk og sukker av mannskapet på MTB - ane.

Båtar vart senka berre ein kilometer frå dei. Granater susa rundt øya deira mens dei såg MTB – ar fare fram og tilbake. MTB – ane greidde seg for det meste. Ein gong køyrde ein MTB på land i Florabassenget.

Tidlegare ein dag hadde Jens Buarøy frå Batalden vore ombord på MTB – en og gjeve dei eit brev som dei skulle gje til sonen hans på Shetland. Brevet låg igjen i lomma på ei jakke ombord i den MTB – en som køyrde på land og som dei måtte forlate. Dagen etter kom tyskarane og tok han. Han døydde i Tyskland seinare.

I Domba var Aslaug Ulriksen vitne til at nordmenn hadde lager med våpen og andre ting. Ein dag fienden låg i Domba, kom M/S "Hitra" inn og Aslaug gjekk ombord. Då dei på "Hitra" fekk høyre dette, ga dei full fart mot open sjø og Aslaug måtte hoppe på sjøen. Hadde ho venta i nokre minutter, hadde ho blitt med til Shetland. Seinare måtte ho operere ut blindtarmen. Ho tok ikkje bedøvelse for ho var redd for at ho skulle røpe at nordmenn hadde laga eit lager i Domba, og at norske og engelske MTB – ar var der hyppig.

Det var ein gong at nokon frå ein tysk MTB ville ha rom å sove på. Ho såg at tyskarane ikkje hadde lubbar. Dei hadde berre nokre tøyfiller som var surra rundt føtene. Då gjekk ho i kommoden og henta lubbar til dei. Dei var også menneske.

Det var ein lege som ville ha engelsk tobakk, så ho måtte smugle den inn til han. Så kom det ein tyskar, det var ikkje meir enn at ho greidde å få pakken med sigarettar i brysthaldaren. Det gjekk bra då og.

Martin Domben vart teken av tyskarane og måtte avsløre lageret til mordmennene. Men nordmennene hadde delt opp lageret, så berre halve lageret vart teken av tyskarane. Martin vart sendt til Tyskland der han vart så utmatta at han vart kasta i lag med dei døde. Han vart funnen av amerikanske soldatar og han lever den dag i dag.