KRIG OG KVARDAG
Av Linn - Mari Volle, 5. klasse, Steinhovden skule.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



Magnhild var her på skulen og fortalde om sin kvardag i krigen!

Magnhild høyrde på radio at tyskarane braut seg inn i landet. Det einaste ho tenkte på var å kome tilbake til Nyttingneset. Ho var 20 år den gang.

Dei hadde nok mat: Kjøt, fisk, smør, prim og brød. Dei dyrka grønsaker, poteter og korn sjølve, meir enn dei gjorde før. I Sandvika dyrka dei 10 mål med poteter. Dei smugla mat til Bergen, dei sendte potetsekker – det var lov – men i midten av sekken var det gøymt kjøt , smør og masse anna - det var ikkje lov.

Dyr hadde dei og . Sauen var viktig på grunn av ulla. Den kunne dei lage klede av. Dei gav kyrne cellulose med sildemjøl etter at det tok slutt med den andre maten.

Når dei skulle ut og handle hadde dei fått utdelt merke som dei skulle kjøpe varer for. Ein måtte sjølv bestemme kor mykje ein kunne kjøpe kvar gong. Slik var det etter krigen og, for dei hadde lite mat da og. Dei fekk utdelt merke etter gjevne mellomrom.

Dei visste ingenting om korleis krigen gjekk føre seg ute i det store landet. Dei hadde ikkje radio, og avisene kunne dei ikkje stole på, for dei hadde tyskarane teke over.

Ein dag dei sat ved middagsbordet, kom det tyske soldatar og banka på døra. Nokre omringa huset, dei andre kom inn og rota i alle skuffer og skap. Dei leita etter ei dame som hadde rømt frå Bergen – men ho var ikkje der.

Ein dag kom han Harald frå Holmesanden og fortalde at krigen var SLUTT! Då vart det glede på Nyttingneset og andre plassar.

Kjelde: Magnhild Vassbotten
Gerd Svardal

 

 

KRIG OG KVARDAG
Av Guro Storøy Grønsberg, 10 år, 4, klasse Stavang skule.

 

Eg kan fortelje litt om det Besten har fortalt frå krigsåra mellom 1940 –1945.

Dei hadde eit lite småbruk. Dei brødfødde seg godt då dei hadde sauer, kyr, gris, høner og hest på garden. Dei kunne fiske også, så dei hadde ikkje matnaud.

Av sauen fekk dei ull som dei spann tråd av, så dei hadde gode sokkar, genserar, skjerf og vottar. Besten hadde ein radio inne i gjødselkjellaren, på den fekk dei høyre nyhende ute i Europa.

Dei hadde ofte "besøk" av tyskarar. Tyske krigsskip gjekk inn til Stavang der det var god gøymeplass for skipa. Tyskarane kom til garden for å tigge egg og flesk, som dei fekk.

Ved Stavfjorden låg det norske sabotørar gøymde i bergholer og signaliserte til båtar som skulle bringe folk trygt over til England. Dersom tyskarane fekk tak i desse sabotørane vart dei drepne.

 

  Besten vart send avgarde i krigen i 1944. Dei reiste med båt inn til Gudvangen. Derifrå reid dei på hestar til Voss.

Eit engelsk fly vart skote ned over Andalen på Stavøy. Bror til Besten sprang ut der og fekk sikra seg fallskjermen. Den vart delt broderleg til dei som kom til først. Besten og dei to brørne hans fekk fine kvitskjorter av fallskjermen, som syster til Besten sydde til dei.

Ein gong gjekk eit tysk krigsskip på grunn ved Stavanglykta. Det tyske krigsskipet hadde kvelva. Det synes Besten var bra. Mange hadde drukna, men mange kom til land.

Eg er glad for at eg ikkje opplevde krigen, etter det Besten har fortalt.

Vi er heldige som har fred og får alt som vi treng.

 

SUPPA
Av Elin - Therese Sørbotten, 5, klasse, Årebrot skule.

 

Året er 1942. Eg tenker meg at eg er elev i ein stor skule i Noreg. Det er 29 elevar i min klasse – som er klasse 5B. Eg skulle på skulen då klokka var 09.00. Men eg kom meg ikkje på skulen før klokka var 09. 15. – for vi forsov oss.

Då eg kom på skulen fekk eg eit sjokk. Læraren vår stod og krangla med tre andre. Vi sette oss ned på ein pult. Ved kateteret sat det ein heilt framand kar. Han sa også at vi kom til å få ein "nasizt lærar" i løpet av dagen. Vi ville ikkje det, i staden hadde vi funnet ut at vi skulle lage bråk.

 

  Vi visste at vi snart skulle få suppe i eit stort spann. Så kom suppa, den var brent så ingen ville ha den. Så ropte ein gut at vi kunne sette spannet "opp" på døra. Alle syntest at det var ein lur ide. For suppa var sur likevel. Plutseleg gjekk døra opp – pang – det kom inn ein tysk general. Han var ikkje så veldig glad når han gjekk ut. Neste dag var den gamle læraren på plass igjen – heldigvis.