KRIG OG KVARDAG.
Stian Frimannslund, Solheim Skule. 6. klasse.

Intervju med Astrid Greta Hammerset

Intervju med Arthur og Harald

Intervju med Kåre Rognaldesen

Fem nakne år

Skår i gleda

Krig og frigjering

Eit barn i krig

Born i krig

Amir fra Sarajevo

Born i krig 1

Born i krig 2

Fem tunge krigsår

Krig på Svanøy

Krig og kvardag 1

Krig og kvardag 2

Krig og kvardag 3

Suppa

Med livet i 
hendene 1

Med livet i 
hendene 2

Med livet i 
hendene 3

Med livet i 
hendene 4

"Anna"

Soldaten

 



En 9. april 1940 braut krigen ut. I bygda vår, Norddalsfjorden, merka ein også at tidene vart endra.

I mai døydde Anders, fyrste mannen til mormora mi, Anna. Ho sat att med Astrid, ei jente på 3 år, og var 2 månader på veg med neste barn. Systera, Margit, flytta inn og hjelpte ho.

Det vart lange og harde arbeidsdagar, der dei måtte prøve å få mest mogeleg mat ut av den vesle garden. Kyrne gav dei mjølk og dei kinna smør og lagde ost, og sauene gav ull og kjøt. Ulla vart karda og spunne til tråd, og deretter strikka til sokkar og andre klede. Noko av tråden vart voven til ty, og gamle klede vart sydd om til barna.

Ein nemnd reiste rundt og delte ut rasjoneringskort. På desse kunne ein kjøpe kaffi, sukker o.l. Det var ikkje stort anna enn havre som gjekk an å dyrke her i bygda, og mjølet var grovt, men eit viktig tilskot i kosten, men nokon måtte også bake barkebrød. Etter at mormor fekk sonen Anders fekk ho eit lite tilskot av fint mjøl, det fekk også dei som var sjuke. Mormor var av dei få som hadde telefon her i bygda og det hadde sine fordelar. På Nordalen, med god utsikt over fjorden budde jordmor Hille, og så snart ho oppdaga tyskarar eller kontrollørar så varsla ho alle i bygda. Då sprang folk for å gøyme kjøt o.l. i tørrhøy og urar. Hadde dei formange dyr, vart desse dyra jaga til skogs. Ein nabo fortalde at grannen kom i skulestova for å advare læraren som hadde radio om at tyskarane kom. Etter krigen kom det fram at radioen var gøymd i "Mørkeura", og alle våpna var gøymde på liknande plassar. Ein gong vart ungane gøymde i ei løe fordi kontrollørane lokka dei med snop for å få dei til å snakke.

To tyskarar kom ein gong opp til mormor. Dei sa dei skulle sjekke telefonen, men det var sikkert berre løgn. Lettelsen var i vertfall stor då dei gjekk sin veg att, utan å gjere noko ting. På nabogarden budde morfar, Salomon (gift med mormor i 1949) søstera hans Anna og oldemor.

Ein kald vinterkveld banka det på døra. Dei vart temmeleg sjokkerte då dei såg at det var søstera, Maria, til morfar og forloveden, Knut, som forfrosne stod ute på dørhella. Kort fortalt: Dei budde i Bergen der ho var sjukepleiar. På ei tilstelling helt Knut ei varm tale for konge og fedreland. Dette fekk tyskarane kjennskap til, og dei måtte rømme. Bortsett frå sjøstykka, gjekk dei heile vegen. Snille folk gav dei litt mat og husrom, men mange netter overnatta dei i uthus. Tøffaste natta var då dei overnatta eit sel på Ramsdalsheia. Det var bitande kaldt, dei trudde nesten at deira siste time var komen.

Men dei kom seg til Holsen i Eikefjord. Der fekk dei vere hos slektningar til dei var såpass friske at dei kunne låne ski, og ta fatt på siste stykket til Norddalsfjorden. Familien var glad over at dei var velberga heime, men problemfritt vart det ikkje. Det var både farleg og straffbart å skjule rømlingar. Ikkje hadde dei rasjoneringskort for dei heller. Det var garden og fisken i vatnet som redda dei. I byrjinga var det ingen som visste at morfar hadde 2 ekstra munnar å mette. Men det var vanskeleg å helde dei skjult i lengda. Heldigvis tysta ikkje bygdefolket.

 

 
Etter eit par år forsvann Maria og Knut brått, men etter nokre veker fekk morfar ei koda melding om at dei var komne over til England. Dei vart helde skjulte hos ein familie i Batalden medan dei venta på båten. Der vart det dramatikk då tyskarane la til kaia. Alle rømlingane vart beordra gjennom ei dør i kjøkkenskåpet ned til kjellaren. Det gjekk bra denne gongen, og alle kom seg velberga over Nordsjøen. Ein annan gong skulle morfar vere med i motorbåten til han "Per med sjøna", og det var med nokon kvinner som skulle selje smør og ost.

Då dei nærma seg Florø fekk båten motorstopp og dreiv mot eit tysk marine fartøy. Medan Per arbeidde på spreng med maskina, retta tyskarane maskingevær mot dei.

  Tyskarane trudde dei dreiv med noko skummelt og skjøna ikkje at dei andre ropa maskinskade. Heldigvis var dei så nær land at ein mann på kaia ropa "maskin kaputt" og då senka dei våpna og køyrde sin veg, men "Per med sjøna" sin motorbåt vart litt skada i baugen. Elles fortalde morfar om turar til Florø, der han såg mange tyskarar. Ein del av dei såg ikkje ut til å vere meir enn 14 -15 år. Tynne, bleike og dårleg kledde. Dei hadde sikkert ikkje bedt om å verte sende langt vekk frå familien sin. Så desse tykte han trass alt synd på. Min morfar døydde før eg vart fødd, mormor då eg var 8 år, så det eg har skreve noe er for det meste fortald av mamma og onkel Anders, slik dei fikk det fortalt. At bygda vår trass alt kom seg nokolunde bra i frå krigsåra kunne dei nok takke dei små gardane sine for. Besteforeldra mine ynskte for framtida at vi måtte ta vare på jorda – for ein kunne aldri ha nokon garanti for at det aldri meir vert krig.