Side 11

Nokre dagsturar til skulebruk - til fots og på ski.

Startside

Naturskog - kulturskog.

Plantar og dyr.
- bartre
- lauvtre
- busker og urter
- dyr
- fuglar

Fuglar sett i Flora.
 (1912 - 1976)

Litt frå soga.

Mål for ekskursjonar

Kinn.

Svanøy.

Rundt Hovden.

Skogen kjem av seg sjølv.

Nærings- og arbeidsliv

Stader det kan vere verdt å stanse opp ved.

Badeplassar

Nokre dagsturar til skulebruk

Ekskursjon Valvika.

Program for ekskursjon.

Natursti i Valvik.

Orientering i Valvik

 



Det er vanskeleg å gjennomføre ein fjelltur frå 9 til 14, som skyssane krev. Desse er merkte "skuledag". Dei fleste andre vil trenge tida til ca. kl. 17, med roleg tempo.

GRYTADALEN som utgangspunkt

Vestover:

I Klauvekeipen (764). Skyssbåt til Tåene. Gangsti til riksvegen. Ta av frå denne der "elva" kjem ned frå vest. Herfrå er lett framkommeleg til toppen. Retur same veg. For bratt for ski. "Skuledag".

Fylgjande turar frå Grytadalen krev buss til tunnelen:

II Terdalskeipen (744) Kupa - Langevatn - austhellinga av Aksla til Keipen. Retur same veg. Fin tur til fots og på bra føre, farleg på skare. "Skuledag".

III Kupa - Saga Kupa - Langevatn - Akslaskard - over Polla slettene - ned vesthallet av Guleskardet til Vassbotnvatn - Hornvatn - Kupevatn til anleggsveg mot Saga.

Litt lang for "skuledag". Høver best på ski.

IV Kupa-Urda Som III til Pollaslettene. Derfrå over Guleslettene, ev. Slettevarden (697) ned til søre enden av Brekkevatn. (Om ynskjeleg kan ein her ta over Sagavatn ned anleggsvegen til Saga). Elles går ein til Gulskardvatn-Guleskard og vidare ned gangsti på vestsida av elva til Urda.

V Kupa-Botnane Som IV til Guleslettene-Slettevarden. Gå ikkje ned på Brekkevatn, men hald høgda over Storemyr til Sløkjene. Ned lia til Sørdal, sti til Øvrebotn.

GRYTADALEN som utgangspunkt

austover:

VI Kupa- Haukå Opp austom tunnelen til Snøfjellet, mot sør til Blålidalsfj. (hald godt til høgre) - ned Blålidalen til søre enden av Gulskardlivatn. Herfrå er der to alternativ:

a) Dersom sterk is på Haukåvatn, gå vidare over Kyrnesvatn, ned Vestlia til øyrane. Kryss rett over Haukåvatn til vegen. Isen er farleg ved fossen.

b) Enklaste nedkjøring frå Guleskardvatn er over Haukåstølen til Vassenden. Siste alternativ må brukast til fots.


VII Kupa - Haukåstøl - Bjørkøyrane (i Grytadalen). Som VI til
Haukåstøl. Ta av vestover opp legda frå Stølstj., vidare over
til Heia i Grytadalen. På hardt føre stygt øverst i nedgangen.
Frå Heia

a) ned skardet til venstre, eller 
b) ned lia til Bjørkøyrane.

Turen er travel ettersom mykje motbakke på slutten.

Siste delen av ruta kan også gjennomførast som: Bjørkøyrane-Haukå, eller omvendt. Vil då kunne nyttast på "skuledag" for litt spreke elevar. Høver både til fots og på ski.

SAGA 3 variasjonar.

VIII Saga - Gulskardnipa - Saga.
Langs anleggsveg til Sagavatn, mot vest til toppen av Gulskard-nipa (576). Utsyn. Retur same veg. "Skuledag".

IX Saga - Gulskardnipa - Urddal.
Som VIII til Sagavatn, vidare anten langs vestsida av vatnet, eller over Gulskardnipa - mot vestenden av Brekkevatn - vestsida av Gulskardvatn- sti til urda. Ski- og fottur.

X Saga - Gulskardnipa - Urdal alt. 2.
Som VIII til Gulskardnipa, gå nedatt mot sør til passasje vestom, gå så

a) til enden av Gulskardvatn og sti til Urda, eller 
b) ned i Urdadalen straks nordom Blånipa.

Disse nedgangane er ikkje mykje lengre enn tur VIII, men meir variert - Urddalen er spesiell. Høver ikkje for ski. "Skuledag".

RAMSDALSHEIA som utgangspunkt

sørover:

XI Trollstova- Ramsdalsnipa- Langedal.
Turen til Ramsdalsnipa er velkjend, derfrå held ein fram vestover Svarthumleheia, ta ned på nordsida av denne, heilt vest -der ei dalslukt fører ned til Skardabakken ved Storesvingefl på vegen frå Agledal. Gå denne til Langedal. Dersom turen blir for lang på "Skuledag", kan den gjennomførast som XII.

XII Trollstova - Ramsdalsnipa- Svarthumle.
Som XI til Svarthumleheia, ta ned mot nord ved dei vestlegaste bekkefara, ta ikkje av for tidleg. Kan vere vanskeleg på hardt føre. Høver godt til fottur.

XIII Trollstova- Ramsdalsnipa - Agledal- Langedal.
Som XI til midt på Svarthumleheia. Hald no i søre delen av heia, gå mot vestre enden av Storevatn, hald høgda i lengste laget - vidare ned i Agledalen ved Svartetj. ta så anleggsvegen til Agledal og Langedal.

XIV Trollstova- Solheimsstøl- Storevatn- Agledal- Langedal. 
Frå Trollstova vanleg rute mot Ramsdalsnipa til denne bøyer mot vest, gå då mot aust, så langt som nødvendig for å komme forbi hamrelaget og ned på Solheimsstølen, gå vest dalen til Storevatn. Frå vestenden av dette er der to alternativ:

a) rett fram til anleggsveg og ned Agledalen.

b) til venstre over Jonstadvatn og ned i Agledalen straks austom elva.

På godt vinterføre er dette ein svært fin og lett tur, men ein treng dagen og isane må vere sterke. Høver dårleg som fottur.

RAMSDALSHEIA som utgangspunkt

nordover:

Turen til Blånipa er velkjend og treng vel ingen presentasjon.
XV Trollstova - Langevatn - Storesvingen.
Frå Trollstova mot nord til dalen under Alnakken, gå denne vestover til Langevatn, Vend då austover, hald god høgd i lia. Fint renn ned til Storesvingen. 
Lett rundtur på "skuledag".

XVI Trollstova - Langevatn - Langedal.
Som XV til Langevatn som du fylgjer til vestenden der du tek dalen til venstre over Grønliheia ned på Litlevatn og støls-vegen ned til Langedal. 
Truleg for lang for "skuledag".

XVII Trollstova - Endestadnipa - retur.
Som XVI til vestenden av Langevatn der du no tek av til høgre. Du kan og gå opp ei skår før undarennet mot Langevatn, men der er bratt. Frå toppen av nipa godt utsyn. Murrestar etter hytte ca. 2 x 2 i søre delen av toppen. Retur same veg, eller nedgang som XV eller XVI.