Side 7

Mål for ekskursjonar.

Florø har mykje som egner seg som mål for ekskursjonar, både frå distrikta i kommunen og frå skulane i sentrum, og vi tek først føre oss slike som er innretta på kunnskapar og kontakt med nærings- og arbeidsliv.

Startside

Naturskog - kulturskog.

Plantar og dyr.
- bartre
- lauvtre
- busker og urter
- dyr
- fuglar

Fuglar sett i Flora.
 (1912 - 1976)

Litt frå soga.

Mål for ekskursjonar

Kinn.

Svanøy.

Rundt Hovden.

Skogen kjem av seg sjølv.

Nærings- og arbeidsliv

Stader det kan vere verdt å stanse opp ved.

Badeplassar

Nokre dagsturar til skulebruk

Ekskursjon Valvika.

Program for ekskursjon.

Natursti i Valvik.

Orientering i Valvik

 



Av historisk interesse:
  • Dei gamle trehusa, buer og småhus ved hamna (t.d. Solheimsbua og Trovikgården).
  • I krigstida 12-1400 tyskarar i byen: Kanonstillingar, bunkersar og brakker er fjerna, men ein finn restar av bunkersar på Storåsen.
  • I Havreneset står restar av ein kanon.
  • Grunnmuren til ein fangeleir for russiske krigsfangar i Havreneset (v/Ungdomsskulen)
  • Vaskekaret deira er no fontene i parken ved kyrkja.
  • Skogen i og kring Florø. Om verdien av skogplanting (rikt utval av treslag) og grøntareal i ein by.
  • Steinalderbuplass i Brandsøy.
  • Furesundet. Gjestgjevarstad frå 1640. (Nemnt i Egilssoga ca.900).
  • Furesundet. Sjøhus frå vårsildefisket midt på 1800 talet.
  • Kystmuseet på Brendøya.
  • Buer og rester av fiskemottak. Det var rike sildeforekomstar utanfor Florø. I 1950 åra var Florø av dei aller største mottakarstasjonane for vintersild på kysten. Men iblant vart silda bort i lange periodar og skapte eit ujamt grunnlag for byen.

 

 

Stader som egner seg for botanikk ekskursjonar:
Særleg frodig i Soldal området og på Solheim. Elles ikkje så stort utval i planter.

Stader som egner seg for å studere livet i fjøra: Brendøya.

 

Stader som høver for bading:








Foto: Olav Solheim

Storevatnet (aust).

Badeplassen nord for Prestholmen.
Prata
(aust for Kanalen).
Lendingen
(nord for Havikbotn)

 

Turar:

Litleåsen (oversyn over Florø og nord- og vestover i kommunen).

Storåsen: Lysløype til skitur, egen turveg, med "troll" langs vegen. Interessant for store og små, samtidig som den "korter" dei tyngste bakkane for ungane. Fine utsiktspunkt med bord og stolar, ta gjerne med ettermiddagskaffien! Vegen er gruslagd og fint å gå for store og små. Du kan også ta turen utanom vegen på fint skogsterreng og stier. Der kan du oppdage mange fine utsiktsplassar og "hemmelege" stader.

Brandsøyåsen: Svært god og fri utsikt over heile kommunen. Går opp frå Botnaholten, Nybø eller Solheim. Kan gå opp frå Krokane eller Havikbotn (bratt). Litt eldre elevar kan gå frå Nybø – over toppen av åsen – og ned i Brandsøya.

Rundt vatna: Litlevatn og Storevatn. Vakker natur og frodig skog.

Skogsveien bak Storåsen: Røverhilleren er her ein velegna rasteplass.

Brandsøya: Frodig og lun stad. Planteskule. Badeplassar.