|
Side 6 |
Litt om soga. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Plantar og dyr. Fuglar sett i Flora. Stader det kan vere verdt å stanse opp ved.
|
Kva tid det tok til å busetje seg folk her i
Flora er uråd å seie, men samlarar og veidarar søkte nok til området
her då isen vel var borte. Ved Brandsøysundet er det nyleg funne
buplassar som er ca. 6000 år gamle. På Stakeneset nordvest for Sandvik
er det merke etter eit steinbrot der det har vorte brote fram materiale
til steinøkser.
|
Furesund er nemnd i Egilsoga (ca. 870), det var der
mennene til Harald Hårfagre tok eit skip som høyrde Toralf Kveldulfsson til.
Ein har tenkt seg at Bru (Svanøy) har vore hovdingsete og at kanskje det var
der Arinbjørn Herse i Fjordene budde. (Eirik Blodøks var fostra hos han og kanskje Erikstad har namna frå han). På 1100-talet er nemnd ein Kolbein Torljotson frå Batalden, han var med i flokken til Sigurd Slembe. Som kyststroket elles kom vel Flora tidleg i kontakt med kristendommen.
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kor stort folketalet var i det noverande Flora
i gamal tid er uråd å vite, men det har neppe høyrt til dei tettast
folka områda i landet. I 1665 har ein rekna ut at det var ca. 1000
menneske her, mest i austre delen av kommunen. På omlag same tid vart
gjestgjevarstadene oppretta, dei skulle vere skysskifte for dei danske
embetsmennene som reiste langs kysten, og elles vere handelsplassar for
folket i bygdene her og for tilreisande fiskarar. Slike handelsplassar var
Furesund (frå ca.1630), Hellevik, Eikefjord og Kinnasund. I Hellevik og
Furesund er det fleire gamle bygningar frå gjestgjevartida, men vel neppe
frå den eldste tida.
I Furesund overnatta Kristian den 6. med fylgjet sitt på Noregsferda si i 1733.
|
Folketalet vaks sterkt i tida etter 1814. Eit rikt sildefiske tok til då og denne sildeperioden varde fram til ca. 1870. Ei rekkje sildebuer vart bygde då, over 300 i heile kommunen, mest i Rognaldsvåg/Skorpa området. Ein kan enno mange stader sjå grunnmurane etter saltebuene (Æsøysund, Rognaldsvåg og Batalden). Byen Florø vart vedteken grunnlagd i 1860 for å vera sentrum for det store sildefisket, men fisket slutta straks etter at byen var grunnlagd, slik at voksteren ikkje vert den ein hadde tenkt seg. Ein laut skaffe seg anna næringsgrunnlag, m. a. hadde byen ikring 1900 ein etter den tid stor og tidhøveleg fiskeflåte. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| No kjem vi inn i ei tid som ligg nær opp til vår. Frå den siste tidbolken kan det være verdt å ta for seg krigsåra 1940-45. Kyststroket her med mange fiskarar og sjøfolk hadde mykje folk ute under krigen, til sjøs og i styrkene i Storbritannia. Kontakten over Nordsjøen var til sine tider livleg. Tyskarane hadde festningsanlegg på Florelandet der ein enno kan finne bunkrar o. a. merke (m.a. ein kanon) etter den tida. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Det kan vere interessant å sjå korleis
folketalet i Flora har vore fram gjennom tida. Frå før 1970 gjeld tala
Kinn prestegjeld (svarar ikkje heilt til noverande Flora). Her er også
utrekna kor stor del av folket i fylket som bur i Flora.
Tala er avrunde til nærast heile hundre. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||