![]() |
||||
|
Rode - ei gamal inndeling av bygdene. Om presten Claus Finde og skulen og lærarane. Normalplan for folkeskulen i 1918. Ikkje gymnastikk, men leik i friminutta. Borna hadde det same utstyret som vi hadde som born. Elevane fortel frå Bibelhistoria og Norgeshistoria.
|
Ei
historie frå skulen.
- Du har mang ei historie å fortelje, både ting du har opplevd sjølv i skulen og ting du har hørt av andre. Skal vi få høre litt av det du har å fortelje? - Ja, historier frå skulen, om skulen, det finn en nå alltid. Somme er morosame og andre kan være skremmande. Og dei motiverer slett ikkje ungane for skulen. Det var vel det som hadde hendt med han Elias: - Eg kom som lærarvikar til ein todelt skule her ute ved havet. Ungane var komne inn i skulestova og hadde funne seg plass ved kvar sin pult, og læraren på kateteret. Eit gammaldags kateter. - Eg såg utover småklassen og der dukka ein kar under pulteplata, og gøymde seg. Når eg gøymde blikket andre vegar, så kom fyren opp att. Men så snart eg såg mot han igjen, så dukka han. - Så vart det friminutt. Skuleplassen var ikkje inngjerd der. Han låg i utmarka. Eit par hestar hadde trekt seg ned til skulen. Du veit ungar og dyr. Straks var ungane samla kringom hestane, friminuttet tok slutt, og ungane storma inn att i skulen. |
- Alle utan han Elias. Eg såg ut og der stod han Elias og strauk så vakkert over hesten. "Du må komma inn att no, Elias!" ropte eg. Då la han på sprang ut mot utmarka, og hestane fylgde med. Eg var ute fleire gonger og såg etter Elias, og vinka på han, men både han og hestane hadde fjerna seg frå skulen, kvar gong eg såg etter dei. - Det store matfriminuttet varde den gongen ein heil time. Då gjekk både ungar og læraren heim, kvar til seg, og åt middag. Elias for ruslande heim att, langt oppunder ås sida. Då eg kom tilbake til skulen, stod Elias der, men mor hans stod der og. Og Elias helt mora traust i skjørtet. "Han kom heim han ja," lo ho. Så fortalde eg korleis det hadde gått i formiddagstimane. "Ja," sa ho. "Dette er vår eiga skuld dette. Vi har vore så leie med å skremme han med skulen, og læraren, for å få han til å være snill gut." Det er så gale. - Eg fekk tak i handa hands og vi rusla inn att. Han dukka aldri meir under pulteplata.
|
||
|
|
||||
|
- Den gamle skulen hadde av og til brukt harde midlar. I omgangsskulen sine dagar høyrde nok meister Erik med til det faste inventaret. Og i heimane hekk bjørkeriset i ei krå, i stova. "Den som elskar sitt barn, tuktar det årle og silde." Etter skulelovane seinare, hadde skulemeistaren lov til å tukte ungane, etter visse reglar. Somme lærarar kunne vel gå over streken, når sinne tok dei. Det vart mykje nytta, og blir vel nytta, mange slags straffe metodar enda. - Den tida far gjekk i skulen så hadde dei ein lærar som brukte vedskia til opptuktelse: Sivert var ein spilloppmakar, og han kom ofte i skammekråa. |
- Ein dag stillte læraren han opp ved sida av omnen med ei vedskive i kvar hand . Med disse på strak arm stod syndaren der, og kom etter kvart til å tykkje så synd i seg sjølv. Og så trøtt vart han og. Sist på så tok han til å gråte. "Krossfest meg, og gjere narr av vår Herre," fekk han sagt. Då lo heile klassen og læraren med. Syndaren gjekk glad og letta til pulten sin. Då som nå, kunne lett atmosfæren i skulestova bli tung, trykkande og trøttande, for eit lite menneskebarn. Ein liten episode som denne, reinska brått opp i atmosfæren, som friske vindpust riv bort og reinska lufta i skodde. | |||
|
|
||||
|
- Det same hende vel i den skulen der denne historia er frå: Det var i den første skulen eg kom til å undervise, då eg fekk høyre henne: Der var det to friskusar som skulle ha tukt, og tuktens ris det vanta. Det var inga bjørkebusk for hand. Då fekk gutane ordre om å fare til skogs å finne ei bjørkebuske. Karane tok seg god tid og leita vel. Dei fann ei dugeleg stor bjørk, som dei så vidt klarte å dra med seg. Kom nå fram til skulen så fekk dei jo døra slengd, men fekk ikkje bjørka inn døra (mellom skarp då). Den gongen letna lufta med eit, med ein lott då. Læraren hadde vett til å smile han og. Uveret var over. Det vart ikkje bruk for bjørka til tukt. Ho vart opphøgd og tørka til ved i omnen. - Trua på harde straffemetodar hekk saman med trua på autoritet. Den er nok ikkje borte ennå: "Den som elskar sitt barn tuktar det årle og silde." Tett etter at eg var vorten fast lærar, kom eg i prat med ein gamal kar, av den riktig gamle skulen.
|
- Praten kom inn på respekt og disiplin. Hans filosofi var: "Respekt
for far, er å væra redd far. Respekt må ein ha for Gud og, og ein må
væra redde Gud." "Skjelv for Herren," siterte han.
"Den same respekten må borna ha for læraren og," sa han. Han
var nok ikkje aleine om denne filosofien. En er vel nå komen litt bort
i frå han, denne skræmsle metoden.
- Somme tider kan ein lure på om dette, at den vaksne skal forme barnesinnet, som ein seier, - er så vellukka? Særleg når ein oppdagar så mykje fint i barnet. Eg vart litt forundra, når ein eldre lærar som hadde slutta i skulen for helsa si skuld, spurde om eg klarte denne lukta av ungar? Eg hadde nemleg aldri merka noko spesiell lukt av ungar. Endå eg meinte eg hadde normal luktesans. Men det hadde han, og den mislikte han, den lukta. - Eg har tvert om, ofte gleda meg over å sjå og føle kor mykje fint det fins i barnesinnet: Av ærlegdom, medkjensle og omsyn til medmenneske, for den gamle gode kameraten til den gamle mannen og kvinna. Berre vi vaksne har tid og tolmod til leite fram til kjelda i barnesinnet så.
|
|||
|
|
||||
|
- Ein dag borna tok fram blekk og penn og skulle skrive, oppdaga jentene, at det i staden for blekk, var petroleum på blekkhusa. Vi hadde oljelampe i skulen, den gongen. "Det er gutane som har gjort det," meinte jentene. Men kven? Det var stilt mellom gutane, ikkje ein lyd. "Ja," sa eg. "Eg og, mistenkjer gutane. Eg går og ut i frå at dette har ikkje vore gjort med vond vilje. Ei prette, for å få erte jentene. Men dykk skjønar vel alle at dette er ei lita morosam, men ei grov prette. Jentene får skjemt bøkene sine og blekkhusa. Eg vonar at de gutane som har gjort dette, de gjer det godt att no?" Så vart det friminutt og alle for ut for å leike. Ei lita stund går døra opp og inn kjem to gutar med tårer på kinna. "Det var eg som gjorde det," sa den første. "Og eg var med," sa den andre. "Og nå ber vi omforlatelse," sa den første. "Det er fint det gutar. Be jentene omforlatelse og de!" "Det har vi gjort det," sa dei. "Gå så og tøm ut oljen og vask blekkhusa, så skal eg ha nytt blekk på." Og så sa eg: "Hugs nå gutar at i dag har de synt at de er verkeleg store gutar som kan be omforlatelse."
|
- Eg minnast og ei jente, som hadde falle for freistinga å finne seg ein bunt blyantar i skuleskapet. Ein av kameratane hadde funne blyantane strødd på veg. Ho hadde vore uheldig og mista heile greia. Men vegen var ein annan enn den som førte heim til jenta. Men den vegen dei fant blyantane på, var ein veg, som ein gut måtte gå. Og difor fall naturleg blikket på han, då eg spurte om nokon hadde kjennskap til dette. Ingen visste noko. - I friminuttet kom ei jente inn i skulestova. Eg stod og budde meg til neste time. "Det er eg som har gjort det," gråt ho. "Så kjem du og fortel det no då." "Ja, fordi eg klarte ikkje å tenkje på at Truls skulle bli mistenkt. Når han er uskyldige." Eg kunne ikkje anna en stryke henne over håret og seie: "Dette er fint det, Brita." - Ved skulen avløyste eg den 72 år gamle læraren, som det siste året hadde vore veldig tunghørt. Dette fekk eg straks merke. Kalle var ein meister i å fortelje. Men han skreik det ut av seg. Så ei av dei yngste jentene i klassen måtte seie: "Han er ikkje tunghørt han. Du treng ikkje skrike så." Dette skreik ho mest, ho og. Slik hadde dei vent seg til å tale høgt. Eg berre ynskje at dette måtte vare. Diverre, dei oppdaga nok snart at den nye læraren ikkje var tunghørt.
|
|||
|
|
||||
|
Elevane fortel frå Bibelhistoria og Norgeshistoria. - Gamlelæraren var ein frisk kar, med god kontakt med ungane og ein meister i å fortelje. Han sprang som ein hjort over grindene, og leika saman med ungane. Ungane var meister i å fortelje. Første bibelsoge timen var verkeleg ei interessant oppleving. Ein av småkarane fortalde om syndefallet: "Og ormen låg og krylla seg graset," sa han. Vi såg ormen for oss. Ein gong han fortalde om Kain og Abel, for fantasien heilt av med han. "Så tok han Kain ein store råtekjepp, han fant på markene, og deisa til han Abel, så han datt daude ned."
|
- Eg hadde rådd borna til å lese Snorre`s Kongesaga. Ein dag hadde Olav fordjupa seg i forteljinga om Håkon Jarl og trælen Kark, i svinebole på Rimull. Han fortalde slik at det gjekk i alle fall kaldt ned etter min rygg. Han fortalde om Kark, då han tok kniven ur slira og drap herren sin. Då var det mest nifst å høyre på. - Nå hadde eg høyrt bibelsoge levande fortalt før også. Slik som Bjarne, når han fortalde om den forfengelege sonen til David. "Han David hadde ein slik forfengeleg son, som heitte Absalom," sa han. "Han stod kvar morgon ved speile og knytte slipset. Han ville være så ryse fin." Bjarne hadde nok fått tak i Absalom, han fekk framstilt han så jordnytte som det var råd, samstundes som han fniste litt til.
|
|||
|
|
||||