Side 1 2 3 4

Torader  

Bonde på Løkkebøen.

Utedo og parafinlampe.

Potetkaker og sirup.

Ørret.

Skulen.

Konfirmasjon.

Garden min er 
33 mål .......

Hesten var viktig på garden.

Mange slags reiskapar.

Fjellslått.

Gjødsel og tørka mold.

Kunstgjødsel.

Geiter og ysteri.

Stølsdrift.

Arbeid på garden.

Gjødsel og tørka mold.

- Korleis var det med gjødslinga av garden her tidlegare, eg tenkjer på før kunstgjødselen kom då?

- Det var dårleg med gjødsel. Det var det som var vanskeleg med gardsdrifta i dei dager. Når vi skulle dyrke noko nytt så hadde vi for lite gjødsel. Då hadde alle moldtak og moldhus, vi tørka mold om sommaren og hadde inn i et sånn skur. Vi skulle ha til å strø under grisar, for eksempel. Då kunne du samle en god del gjødsel vis du hadde denne torva opp under grisar. Så hadde vi dei i gjødselkummen og så kom landet nedi dette her og komposterte seg. På den måten fekk vi meir mengde å få utover markene, når molda var komme i lag med. Men det var no ein skrale gjødsel på ein måte. Som han sa, utskiftningsformannen, når vi ville ha moldhus og moldtak her, under skiftingane: "Eg forstår ikkje vitsen med den molda. De køyrer den inn og de køyrer den ut igjen," sa han. "Har de prøvd med land?"

- Det var vanskeleg med denne gjødsla altså. Men eg hugsar når vi dyrka her på garden, kor ei kisteveite, tvers over heile eigedomen her, ho er vel ei par hundre meter lang. Det er 60 ganger 60 cm opning i henne. Eg veit henne, ho er murte på store heller, murvangar og svære heller oppå, og jord overfylt. Like opp under bakken her, der var ei stor kjempeur og den ura var kalkulert til 5000 hestelass.

- Det må eg fortelje at det er eit arbeid som er skjult, ingen som har anelse om, som kjem og ser det her. Dei ser det er fint borti bakkane, men dei skulle ha sett kor det såg ut. Under ura var ei myr, ho var to meter djupe. Denne myra der tok eg ein heil dekar, spadde opp, veita opp i utkanten.

 

- Tok steinen i uren og fylte nedi, disse veitene. Når vi hadde fylt den veita, tok vi ein ny ein på sidene, tok halvparten av dei to meters djupne molda og kjørte opp i bakken der vi hadde teke vekk ur. Resten av molden tok vi opp på steinen, på den veita som var ferdige. Såleis held vi på til vi hadde dekka eit heit dekar. 

- Då hadde eg heve opp ein heil dekar med myr, i to meters djupne. Tenk for eit arbeid! Det har eg gjort aleine. Det har vore på mine hender, to meter djupt og et dekar vidt. Det er fylt med en og en halv meter steinlag under heile målet, heile dekaren, med stein. Det ligg noko kolosalt med steinmasse.

- Oppi denne bakken som ura låg er det fylt med mold. Der planta vi frukttrær og greidde opp, og trudde vi skulle gjere det så og så godt med frukttre planting. Vi planta 80 fruktrær her oppe i denne hagen, ei tid. Det var vell i , så jo i fram føre i 1940.

- Detta her så jo så svært ut med fruktdyrking. Her var stifta hagebrukslag og saker og ting. Vi hadde sprøyteutstyr og sprøyte og stellte desse greiene her. Vi fekk fyrste premie på ein utstilling på Sefteholm-eple. Så langt gjekk det.

- Men så fekk dei ein sjukdom på frukttrea her i bygdene, som dei kalla for grå monella. I den hagen som detta var komne, hadde dei bier. Så begynte biene å sverme rundt, og vi fekk smitten utøver heile bygda her. Denne grå monellaen får vi ikkje vekk. Vi fekk den tilråding at vi kan bare hogge ned alle frukttrea, brenne dei opp og vente i seks år før dei planta nye. Det blei ikkje gjort!

 

Kunstgjødsel.

- Kunstgjødsel er no mykje brukt no. Du har jo fortalt meg at du har brukt opp til 1000 kilo på beite ditt, her i nærheten, om våren. Kan du fortelje litt om korleis det var da du begynte å bruke kunstgjødsel?

- Ja det beite mitt der ute det var nå ei daude myr, utover der. Det som var ikkje myr på sida, det var fullvokst med krattskog og stygge furu. Det har eg hogge vekk alt sammen.

- Eg gjødsla detta arealet med naturgjødsel først, så mykje at eg fekk hevd i det. Deretter begynte eg med kunstgjødsel for å vedlikehalde det. Det er metoden å få det til i villmarka: Du må ha naturgjødsel først på og så begynnar du med kunstgjødsel til vedlikehaldet. Eg brukte då et tusen kilo for året, med kunstgjødsel på detta arealet. Men det var eit år, då brukte eg tretusen kilo. For å få et føresprong. Då kom beite seg voldsomt føre. Så no har eg eit godt beite til kyrne, her ute.

- Kor mange mål det er? Det veit eg ikkje.

- Kan du fortelje om då dykk fast begynte å bruke kunstgjødsel her på garden?

- Ja, det hugsar eg, for det var turkesommaren 1933. Det var fyrste gongen vi fekk kunstgjødsel på garden her. Det var ikkje berre vi, det var no alle omkring her i Sogn og Fjordane. Du veit det var staten som yta tilskot til kjøp av kunstgjødsel. Vi var tildelt då en kvote med kalkemonsaltpeter, som vi skulle ha ut øver for å få håa til å vekse.

 

 

- Det året var vi voldsomt heldige, for når vi hadde fått i hus dissa tørka bustene som stod her, og hatt utøver gjødselen, så begynte det med flovær. Det regnde kvar einaste dag, sånn toreflo. Her begynte bøen å grønkast og det voks opp så svært. Vi fekk då nesten en svær avling til slutt. Så fekk vi godvær og, og fekk det inn tørt.

- Det var ikkje silo i dei dager, alt var turka på markene. Vi for vår del var begynte med noko silo her: Vi tok håa i silo og høyet tørka vi. Då sa dei andre naboane det til han far min det at han var ikkje klok som tok å øydela foret på denne måten, og hivde det oppi ein silo. Detta var heilt galskap! Dei likte no mykje betre tonnehova.

- Men kunstgjødsel i dag, det er jo utenkjeleg: Jordbruk uten kunstgjødsel. Korleis ser du på det med bruk av kunstgjødsel?

- Kunstgjødsel er komme for å bli. For viss du ikkje brukar kunstgjødsel kommer du ingen veg. Kunstgjødsel har gjort til det at du har fått gjødsla opp og dyrka opp store vidder. Dermed har du fått en stor besetning med husdyr. Disse husdyra dei skaffar mykje gjødsel, naturgjødsel. Nå har dei laga svære gjødselkommar slik at dei samlar både land og møkja. Dei har fått seg gjødningsannlegg: Dei blandar dette med vatn og sprøytar det utover markene. Det er dei no som har komet så langt at dei har slutta å kjøpe kunstgjødsel, dei greier seg godt med gjødningsanlegget og den husdyrgjødsel dei har. Det var ein veldig god start. Der ser du kva kunstgjødsel har ført til. Vis dei ikkje nå har hatt kunstgjødsel så hadde dei ikkje komet så langt. Nå har dei komet så langt at dei har fått så og så mykje husdyr, og då får dei så og så mykje husdyr gjødsel. Dei greier seg.

Geiter og ysteri.

- Kva slags husdyr var det hadde tidlegare på garden?

- Da eg var gutunge då var det no kyr vi hadde her. Da hadde dei 3-4 kyr, dei hadde ikkje meir, og så 8-10 sauer. Men så i 1930 åra da vart det ei byge her med at dei skulle gå over til geitehold. Då vart vi med på det, og vi hadde 60 mjølkegeiter og ei kyr. Så at vi skulle ha litt kyramjølk til huset. Vi hadde då ein 8-10 sauer.

- Men seinare vart det slutt på desse geitene og vi gjekk over til kyrahold igjen.

- Hadde dykk ysteri her?

- Det hadde vi og, vi ysta heime her. Men det var ikkje rare prisen vi fekk for geitosten i dei dager. Dei fekk kr.1.50 for kiloen for geitosten. Det var ikkje rare greiene dei fekk for sin vare i 1930-årene. Vi veit kva tider det var då.

- Etter kvart har det utvikla seg sånn at dykk seler mykje av det dykk avlar på garden, eller dykk produserer på garden, rettare sagt. Korleis var det den gangen?

 

  - Ja, dei var nøydd å selje litt for å få seg pengar. Du måtte ha pengar til å betale dine skattar og avgifter med. Somme hadde lån i bankar, og dei måtte betale renter og avdrag. For dei var det voldsomt tungt.

- Du veit, til vanleg her hos oss, hadde vi ikkje noko skuld og gjeld. Du veit far min var vell i grunn heldig stilt, han som var landpostbod og statslønna. Han greidde seg vell betre enn andre, i dei dagar.

- Kva var det dykk selde?

- Nei, vi selde no då det sauekjøtet som vi ikkje skulle ha til huset. Vi tok nå av nokre skrottar til huset og det vi ikkje brukte heime, det selde vi til Vestlandske Salslag.

- Eg hugsar når vi pakka skrottane i kassar og sende dei til Bergen. Det var somme med storfe, det var ikkje brukt heime noko ta det. Dei slaktedyra, oksar og gamle kyr, som var utrangerte, dei vart sende levande til Bergen slaktehus. Det var Vestlandske Salslag som dreiv det i Bergen då.

Eg hugsar godt det, vi reiste til Bergen. Eg var ikkje meir enn 8 år gammal. Då hadde far min med ein 3 store oksar

Stølsdrift.

- Nå er du ein av dei få her i kommunen som driver stølsdrift på vanleg tradisjonelt måte. Du kan kanskje fortelje litt om det?

- Det er no sant, vi er på støla så halv annen månad kvart år. Vi reiser opp i juli månad, noko sånt, og kjem nedatt i september. Det er ikkje berre vi, det er ein til her, naboen utafor har støl på same plassen her som vi. Så vi er to som driver støl.

- Du veit det beite, som vi no har her ute, som eg snakka om her tidlegare, det får nå fred når vi er oppe på støla med budskapen. Der oppe er rikeleg med mat. Medan så vekse det opp att heime på beite. Når vi kjem nedatt om hausten då er det fint med beite der ute på kulturbeite. Det er fordel å ligge på støla ei tid med kyrne så beite kan få tid å vekse til att der, her heime.


Bjarne på stølen.

 

 

- Kor mange mjølkekyr har dykk på sommaren?

- Nei, vi har 7-8 mjølkekyr. Det meste vi har var 10-11. Vi hadde elleve ein gong, det er det meste vi har hatt her.

- Bar de mjølka ned til bygda?

- Ja, det gjorde vi til å begynne med. Du skjønar vi kunne ikkje reise på stølen når mjølka var for mykje, for da greidde vi ikkje bære det heim. Så venta vi då til ho minka av. Den gjeld-perioden, som vi seier.

- Men så viste det seg då, når vi kom opp på stølen, så var det så godt med mat oppå der, då voks mjølka igjen. Vi hadde ein strie tørn, ofte, dei første fjorten dagane, både eg og kona mi, og få mjølka heim. Eg hadde 36 kilo på ryggen og ho hadde 30 i børene heim. Så måtte vi være her nede til klokka åtte om morgonen og levere mjølka på ruta.

- Stølsvegen, kva kan du sei om den? Slik som den var.

- Den var no steinete og du kunne ikkje køyre der. Vi hadde forresten to plassar vi gjekk, ein sånn snarveg og den vanlege ruta.

Arbeid på garden.

- I våre dager så høyrer du ofte om arbeidsdeling på gardane, dei har kvar sin oppgåve gjerne. Men korleis var det på den tid du voks opp? Spesielt i onnene. Var alle med på onne arbeide?

- Alle var med. Det var ikkje noko unntak der. I sær når det var godvær då tørka dei høyet på markene og då vart det alltid rikeleg med arbeid. Du veit høyet skulle brøyast, snuast om med middag og rake i hop om kvelden. Det skulle lessast i høyvogna og trakkast. Så måtte det være folk i høystola og ta unna. Då var alle, heile familien i aktivitet.

- Likevell så var det vell slik at mennene hadde sine ting, kvinnene sine og barna sine ting å gjere?

- Ja, det var no greitt det, når det gjaldt å slå så var det no karane som hadde den. Dei slo med langorva til å begynne med, før dei fekk slåmaskin. Det var hesteslåmaskin dei brukte då ut på slutten. Det var no eit voldsomt stort framskritt når dei fekk heste slåmaskiner. Elles var det å slå med langorva og stuttorv, der som det ikkje var råd til å bruke langorven. Og det var no karane sin jobb. Men eg såg mange plassar at det var kvinnfolk som slo med stuttorv, og jau var det visst kvinnfolk som slo med langorv og.

- Kvinnene, kva var det først og fremst dei hadde å gjere?

- Ja, dei hadde nå husdyrstellet. Det var nå visst, det var deira jobb. Så hadde dei matlaginga, klevask, reparasjon på kleda, strikking, spinning og veving. Somme sette opp svære vever som dei vov. Desse vevane brukte dei til heimebruk: Laga bukse, trøye og liknande.

- Ungane, kva var det dei måtte gjere?

- Ungane dei måtte vere med å ta forfallent arbeide, same kva det var for noko. Det var ikkje noko forskjell på verken jenter eller gutar.

- Syns du at dei måtte arbeide mykje?

- Ja, dei arbeide så hardt mange gonger at dei greidde ikkje meir.

-Så fritidsproblem det var eit ord som ikkje eksisterte i din oppvekst?

- Det eksisterte ikkje, eg høyrde aldri snakk om slike ting.

- Kjenner du til om barn måtte reise bort til andre for å arbeide, for eksempel gjeting og onnearbeid?

 

- Ja, det kjenner eg til. For du veit var i somme familiar at økonomien var på bunnen. Det var gjerne ein barneflokk på ti. Då kan vi tenkje oss korleis situasjonen var.

- Så straks vi var lese for presten, måtte dei reise ut ein plass å tene til livets opphold.

- Veit du korleis lønna kunne være for slikt arbeid?

- Ja, det veit eg no ikkje. Det var vell berre at dei måtte arbeide for maten. Kanskje dei fekk nokon kle eller noko sånt. Kanskje eit par sko, det var det heile.

- Elles så var det nå skrale lønningar i 30-åra. Det har eg no fortalt før om at vi måtte arbeide på dagværstilskot, eg tenkjer på sånn vegarbeid, gardsvegar fekk tilskot til. Vi fekk 1 krone og femti for dagen for åtte timars arbeidsdag.

- Dersom du tenkjer nå tilbake så var det vel noko arbeid du likte betre enn anna arbeid, og noko du rett og slett mislikte. Kan du fortelje litt om det?

- Slåtten likte eg å være med på. Men det var hardt syns eg og snu oppatt igjen, med middag, i steikande sol, det var hardt jobb. Og så trakke høyvogna, det mislikte eg.

- Eg syns det at når eg slo, hadde slåtten, så hadde eg nok. Men det hende det at eg måtte være med på det andre, selvfølgeleg. Det likte eg ikkje, det var litt for hardt.

- Korleis var arbeidstida for barna i din oppvekst?

- Ja, det var frå tidleg om morgonen til seine kvelden. Det var ikkje noko snakk om at en skulle legge seg då og då. Det var så lenge som eg var god til gapa og gå oppe.

- Det var lite tid til leik og fritidssyslar, som ein kallar det?

- Det var ikkje tale om nokon leiking då, i slåttarbeide, for då fekk en jammen santen holde oss heime å være med å hjelpe til så at en fekk avlinga i hus.

- Kven var det som lærde deg opp, og dei andre opp til dei ulike arbeidsoppgåvene som dei hadde på garden?

- Ja, du veit at det var nå faren som lærde oss, og mora og. Synte oss korleis vi skulle gjere det. Så det lærde vi no fort.


  Bjarne Løkebø avslutta
med ein slått som han kalla "Farmaliv".

Ordforklaringar.

Hatlelunda =hassellundar
Innsjeftevevane = tøy som var litt finare enn vadmål. Fintøy i den tida vi høyrer om her. Vart m.a. brukt til undertøy og ulltepper.
Kove = eit rom, kammers
Kanelbork = Vart brukt i risgrynsuppe, ved festlege høve. Heile borken vart brukt. Eit slikt borkestykke kunne vere ca. 5 cm langt. Såg ut som bork frå rognetre eller selje. (kanel)
Tønne med kjø = ei tønne med ørret
Oter =fiskereiskap
Vammel =vadmel
Portane = romma i en etasje omn, gjerne brukt til å tørke ved i.
Tonne = tørke
Landkunna =geografi

 

Skogga =rista
Skogglo = voldsom latter, slik at heile personen rister.
Apostlane =beina, bruke apostlane - bruke beina
Tinnlar =
ein del av ein slede. Heldt overdelen og underdelen, meieane saman
Vag =
reiskap til å køyre tømmer med om vinteren. Ein slags slede.
Vagkresten =
hakk i tømmerenden for at stokken skulle ligge fast på vaga.
Vagåsen =
Denne delen av ei vag der enden av tømmer som skulle køyrast, vart lagt oppå og festa.
Tverrgjørinen =
Ei innretning som hadde som oppgåve å halde lasset(høylass) på plass på sleden.Ein slags "grind" som vart lagt oppå lasset, og festa med tau til sleden (på tvers) slik at høyet vart liggande på plass.
Baura = kua gav frå seg voldsomme lydar. Ilske sinte lydar.
Gjeld perioden = den tida kyrne ikkje mjølka
Kisteveite =grøft som såg ut som ei kiste

   

Dato: 10. Og 11. Juni 1984 Intervjuar: Olav Solheim