![]() |
||||
|
Blendings- gardiner og flyangrep på Florø. Heimefront- styrkane og nazistane.
|
Skulegang.
- Korleis var det med skulegang? - Ja, dei hadde jo tatt skulehusa her på øya. Så der måtte dei gå rundt i forskjellige lokalar som var eigna til å brukast. Eg hugsar i skulen, der gjekk eg oppe i kjellaren i Ytri eigedomen, vi som var frå Kinn og i Havreneset. I Florø skulen der gjekk dei på forskjellige rom som var til overs, når tyskarane okkuperte skuleromma. - Men elles så gjekk jo skulen og undervisninga sin vanlege gang. - Var det aviser den gongen som dykk syns det gjekk an å lese? - Ja, avisa den gongen skreiv jo ganske fritt, så lenge som det gjekk. Men når det blei sensur her så gjekk avisene inn her, begge avisa. -Det var Firda Folkeblad og Fylkestidene? Kan det stemme? - Ja, det var Firda Folkeblad og Fylkestidene, som var tidlegare Nordre Bergenhus Amtstidene. Det var det Fylkestidene hette då ja.
|
- Var det råd å få andre aviser frå
Bergen og Oslo?
- Ja, vi fekk jo forskjellige aviser. Det er jo klart at då måtte vi lese mellom linjene, for å finne ut kva som var sant eller ikkje. Elles var det fullt av propaganda. Men vi fekk jo snart greie på måten dei skreiv på, så vi kunne lese mellom linjene. - Fekk dykk nokon gong tak i aviser og forskjellige slags skriv frå regjeringa i London? - Disse avisene her gjekk jo inn. Men det er jo klart at vi måtte jo få greie på forskjellige ting. Det var jo mange som hadde lurt unna apparatar, så vi hadde jo faste plassar vi fekk nyheitene frå. Klokka halv sju var det tomt på hjørnet her i Florø, og ein time etterpå var det fullt. Då diskuterte dei nyheitene frå London. - Men vi fekk og illegale aviser her, stensilerte aviser som gjekk på omgang. Der var det stoff i frå London, som var serverte, som vi hørte i nyheitene og elles ting som skjedde her i landet. Illegalt fekk vi greie på det, igjennom stensilerte aviser som vi fekk.
|
||
|
|
||||
| Farleg
å ha radioapparat.
- Det å ha radioapparat den gongen var vel nokså farlege greier? - Ja, det var farleg! Vis du blei tatt med eit radioapparat så blei du med ein gong fengsla og innsett og kom i fangeleir. Så det var ein heil del som brente seg på det.
|
- Her i Florø så var det vel en 25-30 personar
som blei tatt for forskjellige ting, som blei sendt i fangeleirar og
fengsla. Enten her i landet eller Tyskland. Mange av disse her kom ikkje
tilbake igjen.
- Elles var det noko som heitte Englandsfarten den gongen. Det var vel aktuelt her i Florø også?
|
|||
|
|
||||
| Englandsfarten.
- Ja, i høgste grad. Etter kapitulasjonen, vi kan seie eit år eller halv anna, så begynte dei å kjøre over her i frå England. I frå våren –41, så gjekk det mange båtar her i frå Florø og distriktet, over til England. Det var vel ein 4o-45 personar som for over på den måten. I alle forskjellige båtar og gavlar. Ja, dei til og med rodde over til Shetland. - Dei som då for over dei fekk då plass i hæren, marinen eller luftvåpenet. Alt etter som dei fekk utdanne seg. I "SIS" eller "See-cat", "intelligent servise", som det heitte, for slike som blei sende opp her som spionar for England. Dei låg her på forskjellige strategiske plassar langs kysten, med sendar og greier. På den måten melde deg båtar som passerte, og sende vidare melding til England, slik at flya kunne få posisjon til angrep.
|
- Kjenner du til om det var folk som låg
rundt om i nærheten her, med sendar?
- Ja, her i nærheten. Vi hadde våre på Staveneset og i Blåura på Husefest. På Staveneset veit eg at Dagfinn Ulriksen låg lenge. Han blei innpeila ein gong: Det var ein 2-3 tyskarar som var på jakt etter han og ein annan mann, som var ilag med han. Men han klarte å komme seg igjennom og blei henta av Shetlands Larsen. - På Husefest der var det ei trist hending. I slutten av krigen så kom dei overraskande over Atle Svardal. Han låg då i Pinskåra, over for Storevika. Han blei overraska og tok til våpen, men blei skoten der borte. Det var heilt i slutten av krigen.
|
|||
|
|
||||
| Fredsdagen
8.mai.
- Men så kom då fredsdagen, 8.mai 1945. Da var det vel liv og røre her i Florø, tenkjer eg? - Ja, det var ein stor dag! Etter fem lange år så opprandt endeleg frihetsdagen. Det var ein dag for dei som opplevde det, aldri kommer til å gløyme. - Personleg hadde eg opphold på Husefest, fredsdagen, eller dagen før. Då merka vi det at tyskarane løyste og skaut ut all ammunisjonen, i sine våpen her i Florø. Antiluftskyts og kanonane blei tømt for ammunisjon.
|
- Det der syns vi var så merkeleg å høyre,
på Husefest. Vi trudde kanskje det var ein treffning, men skytinga var
så uregelmessig, at då skjøna vi at det måtte være noko ekstra. Vi
tok telefonen bort til Florø og fekk greie på at freden var komen. Det
var forresten bikkja på Husefest som kom gøyande inn, og varskudde oss.
Når vi kom ut på tunet så høyrde vi alt dette her bråket frå Florø.
- Vi kom tilbake til Florø den 8.mai. Det var ein jubeldag, som alle vil huske, som var med på han. Alt som kunne krype og gå var ute i gatene. Flagga blei funne fram og hengt opp på stengene. Det var ei oppleving som vi aldri vil gløyme.
|
|||
|
|
||||
| 17.mai.
- 17.mai blei jo ein merkedag. Det var den første 17.mai i fritt Noreg, etter krigen. Eg hugsar godt Borgartoget klokka 16.00, som gjekk i Florø. Himmelens sluser dei var opne, regnet plaska ned, men det var ingen som la merke til det!
|
- Det var eit slikt strålande opptog, det har eg aldri sett. Regnet det gjorde ingen ting, dei var like strålande. Det var ungar, det var alt som kunne krype og gå, var med. Det var ein jubel utan like! Så regnværet var det ingen som merka. | |||
|
|
||||
| Heimefrontstyrkane
og nazistane.
- Ja, og så kom Heimefront styrkane? - Ja, dei dukka jo opp allereie fredsdagen. Dei hadde jo sine gjøremål. Bl.a. å avvæpne tyskarane som var her. Det gjekk roleg for seg. Litt seinare så overtok dei kommando stillingane på Storåsen og i Havreneset. Og det foregjekk på ein roleg måte. Tyskarane dei oppførte seg på ei verdig måte, vil eg seie. Dei stod vel med gråten i halsen, men dei oppførte seg verdige, så det gjekk stille å roleg for seg å avvæpne tyskarane. - Dei nazistane vi hadde, blei då i nærmaste tida tatt hand om, og internert foreløbig. Slik at dei fekk fortente straff eller tiltale. - Syns du det, at det var hat imot nazistane då freden kom? |
- Ja, nazistane hadde vi jo forarga oss over
heile tida. Det var jo forskjellige typar av dei. Det var jo dei som
heitte angivarar, dei var jo dei farlegaste. Men det var jo mange nazistar
som stod som medlemmar, for kanskje å oppnå forskjellige fordelar, som
kanskje ikkje gjorde noko nummer av at dei var nazistar. På ein slik lite
plass så kjente vi jo alle. Det gjekk jo i grunn stille og roleg, for vi
visste jo kven som var "stripete" eller ikkje. Vi kalla det for
"stripete" den gongen, dei som ikkje klart så ifrå om dei var
nazistar.
- Og så kom då samfunnet i normalt gjenge, etter kvart, utover våren og sommaren? - Ja, det gjorde jo det. Det kom jo litt etter litt, men det var jo ein hard tid vi hadde foran oss, heile landet. Det skulle igjenreisast alt som var øydelagt og det var mykje å ta igjen. Men eg vil seie det at dei første 10-15 åra, gjorde man eit stort arbeid her i landet med å få komme til hektene igjen, å få alt inn i normale formar.
|
|||
|
|
||||
| Lite
skader i Florø.
- Syns du det at folk var verkeleg entusiastiske for å få dette gjort, å få landet på fote igjen? - Ja, eg vil seie det at alle lag i folket dei gjekk inn for å få dette her i stand igjen så godt som mulig. Og dei gjorde ein veldig innsats i oppbygging. Vi kan jo for eksempel nemne oppbygginga av heile Finnmark, som var nedbrent. Det var eit storarbeid som man ikkje bør gløyme.
|
- Korleis merka dykk det her i Florø?
- Nei, her var no ikkje noko sånn særleg skade, i den forstand. Men sjølvsagt var det mange ting som var blitt forsømt, som måtte rettast på. Men stort sett så kom staden her glatt igjennom, i forhold til mange andre plassar.
|
|||
|
|
||||