|
|
||||
|
Frå skinnbåten og flåten til Sunnfjordbåten og Holmedalsjekta.
|
|
GAFFELSEGL. SEGLET ER FESTA TIL GAFFEL SOM KAN HEISAST MED TALJER OPP ETTER MASTA. BÅTEN HAR FOKK OG.
|
||
|
|
||||
|
RÅSEGL. | |||
|
|
||||
|
SPREISEGL. SPREIET SPILA SEGLET UT FRÅ MASTA OG OPP. DET GJEKK DIAGONALT TIL ØVSTE OG BAKERSTE HJØRNET PÅ SEGLET FOKKA ER KOMA TIL. (Seglet framom masta)
|
|||
|
|
||||
|
SEGLBÅT MED TOPPSEGL GAFFELSEGL FOKK OG KLYVER. | |||
|
SPELBÅT (TVERRSNITT)GJENNOM RULLEN GÅR 2 SPAKAR (RUNDE STOKKAR). TO KAR SPAKAR (DRIV RULLEN RUNDT) OG RULLAR NOTATAUET RUNDT OG DREG NOTA FRAM. BÅTEN ER FESTA TIL LAND MED EIT TAU. | |||
|
|
||||
|
Kyllaren: Trang vik eller våg. Spant: Vert og kalla band fordi det bind båten saman, saman med bekken (tverrbjelken). Rang: Ranga er fremste og bakerste spantet, ligg i begge skutane. Spanta, ranga, bekken m.m. vert kalla "innveden" i båten. Kjølbord: Bordet næraste kjølen, var forma ut av ein tjukk plank. Sud: Fuge i båt, der kanten av eine bordet ligg ut over det andre, slik som sudtak på hus. Ligg borda side ved side inn til spantet er båten kravellt. Jakt/jekt: Jekter er vel oppr. fleirtalsform for jakt. Elles vert det sagt jakt og jekt i eintal. Jakt er ei stor jakt, jekt ei mindre jakt. Ute med kysten var dei mindre enn inni fjordbygdene, som Holvikjakta i Gloppen, som førde 70-80 mål famneved på byturane. Farty med ei mast. Esing: Langs øvre kanten av øverste båtbordet ligg eit noko tjukt trestykke (smalt bord) frå rang til rang, det er esinga. Over og utanfor esinga ligg eit bord, kalla ripa. Styrelås: Styrelåset var festa til stamna litt nedanfor esinga. Den hadde to lykkjer. På roret var festa ei lykkje som fall inn i mellom dei to i låsen. Gjennom desse tre lykkjene stakk dei ein liten jarntein, lykkjelen, som låste roret til stamna. Notpente: Eit tau festa til nota med dregg eller ile i andre tauenden strekte ein ut nota. I båten hadde ein og pente av ei trestang med krok og pigg i eine enden til å strekkje ut segl med eller skuve f rå land eller dra båten til land. Likna vår båts-hake. Færing: Fire-åring (4 årar) Halsar: Fremste delen av båten frå sjøflata ned til kjølen. Halsen var velforma på sunn- fjordbåten, er det sagt. Fremste delen av seglet vart og kalla hals, t.d. på fokka. Beite: Var ofte sagt å krysse, dvs. sigle i sikksakk-kurs mot vinden. . . Side 4: . Side 5: Side 6: Side 7: . Trolade: Ein dreiebenk som dei dreia naglar på. Dei dreia først ei lang stang, troe. Kappa opp i høvelege nag lar etter kvart ein brukte. Ranga: Spantet (bandet) i begge endane i båten (skutane). Tilfaret: Det lause utstyret i båten: tilje, plittar o.l. Tilje: Treflakar lagde i slagrommet, seglrommet og styrerommet for å gå på. Trefjøler lagde tvert på ein åke. Plittane: Lagde i begge skutane, gjorde same tenesta som tiljene. Lotet: Der nederste del av stamnen møtest med kjølen kalla lotet - i bakskuten. Råsegl: Første form for segl, utspila på ei rund stang oppe, råa, kunne heisast opp etter masta, eitt skaut i kvart hjørne var festa til klampar på kvar side bak i båten. Hambora : Opprinneleg hol for å dra eit tau gjennom for å heise segl. Seinare ein jarnring kring der ein feste vant, stag og trinser eller taljer for tau til heising av segl. Her feste for utstyret, hamen - kledning til båtriggen. Råsegl rådande i viking-tida og lenge etter. Då gaffelsegla kom til, vart masta lengd med ein mastetopp over hambora. Samansett ord ham-bora. Vant: Tau frå hambora til begge båtsidene. Dei støtter av masta. Stag er tau f rå hambora til stamnen framme, og for å støtte masta. Skaut: Tau fest i nederste og bakerste hjørnet av seglet. Det var ein klamp på kvar side til å sette skautet fast i, men slik at ein kunne få det laust i ein fart. Bidevind: Vind på skrå framafrå inn mot seglet. Vind bakfrå hadde dei på låringen. Auskjeret: Oftast kalla ausfatet. Brukt til å ause sjøvatn ut or båten med. Hamlebandet: Frå først av band av vidje, seinare av tau, gjekk rundt åra og festa i keipen. Femkeiping. Båt med 5 par årar og fem par keipar. Vengebåt: Båt med kahytt eller dekk over bakskuten. Teikning: Dag Kittang, Didrik Kittang Foto av motorbåten Leif: D. Kittang
|
||||