|
Side 1 2
To viktige arkivsamlingar frå Ausevika.
|
||||
|
Dette heftet om helleristningane i Ausevik, høver først og fremst for elevar i barneskulen. Ausevikfeltet er, saman med Vingenfeltet i Bremanger, blant dei største og mest interessante i sitt slag i Norden. Kjennskap til, og kunnskap om helleristningane i Ausevik, bør difor vere ein viktig del av stoffet i lokalhistorie, Dersom heftet blir brukt i samband med ein tur (ekskursjon) til Ausevik, vil dette sjølvsagt vere det beste. Les og om mannen som oppdaga Ausevikfeltet, Olav Grønevik. FLORA PEDAGOGISKE SERVICESENTRAL, januar 1979.
|
||||
|
|
||||
|
Skogåndene offer store dyr solguden hjort Skogen var tom for storfugl. Hjort og villsvin hadde rømt til andre trakter. Kvifor var skogåndene så vreide og brølte slik i trekronene? Hadde dei ikkje gitt dei store nok gåver? Dei eldste mennene i stammen hadde nyleg lagt ned dei finaste flintsakene sine til offer i ei myr. Dei hadde grave eit hol med hakkene, flekt never av bjørkene og lagt i botnen. Ovanpå neveren la dei mange fine flintsaker i ring. Så dekte dei det heile med never og grov igjen holet, medan dei dansa omkring og song. Men dei store, slanke dyra med vakre horn hadde ikkje vist seg. Dyregravene stod like tomme. Heller ikkje kunne dei sjå merker som viste at villsvin hadde rota i jorda, eller funne merker etter tennene deira i barken på trea. Somme tider myldra det av dei, men no var alt vilt borte, jegerane hadde også sendt baner til solguden, som sigla i båten sin over himmelen kvar dag. På eit fjell som vende mot solrenninga, hadde dei hogd inn ein hjort med steinøksane. Dei hadde også laga livslinja, som viste kvar dei måtte treffe dyret med pilene om det skulle falle. Dei hadde pryda teikninga med siksakband og underlege strekar. |
Nokre av strekane likna lynet som slær ned og drep, andre minte meir om feller og dyregraver. soloppgangen helleristningane Så hadde dei lege og venta på soloppgangen. Kvinnene fekk ikkje vere med på dette. Det var plikter som dei eldste mennene skulle utføre. Austhimmelen var raud. Åsane i vest glødde alt av dei første strålane som eldguden sende. Endeleg steig den første lyse kanten av solbåten opp mellom trea på den næraste åsen. Med det raude blikket for eldguden over helleristningane på fjellet. Mennene stod heilt stille. Så byrja dei å danse og svinge med våpna, og pilene
"skyteskive" hagla mot steinhjorten.
Vi skyt deg i hjarta Men
verken offeret i myra eller teikningane på fjellet hadde kunna blidgjere
åndene.
|
|||
|
1. Kva vart lagt i myra til offer? |
||||
|
|
||||
|
||||
|
|
||||
|
I Sogn og Fjordane er det to helleristningsfelt: Vingen i Bremanger og Ausevik i Flora, Vingenfeltet er eit av dei største helleristningsfelt som er kjent i Norden. Her finst mellom 1500 og 2000 figurar av ymse slag som er samla i større eller mindre grupper på ei strandstrekning ca. 3 km lang i ein fjordarm aust for Frøysjøen. Dei fleste figurane er laga på til dels bratte berg. Mesteparten av bileta er av hjort, Til Vingen kan du koma berre med båt. Helleristningsfeltet i Ausevik er eit av dei største i Noreg. Her er ein mengde figurar og figurrestar, og ein stor del av desse er hjort. Staden er rekna for å vere eit av dei fornminna ein har mest att for å sjå. Tidlegare kunne ein kome til Ausevik i båt, men no (januar 1979) er det ferdig bilveg heilt fram til Ausevikgarden. |
||||
|
|
||||
|
|
Steinaldermannen forma hjorten i berget. Han trudde at figurane ville gi lykke i jakta. For han va det livsviktig med god jakt. Jakt var ein del av livberginga. I våre dagar er hjortejakt ein hobby. Del som skal på hjortejakt, må først gjennomgå ei skyteprøve. Dessutan må ein ha løyve av vilt- nemnda i kommunen. (Viltnemnda har 5 medlemmer) . For å sikre at det ikkje blir skote for mange dyr, set viltnemnda ei grense for kor mange hjortar som kan fellast kvart år. For 1978 vart det i Flora Kommune gitt løyve til å skyte 186 dyr. Då året var omme, viste det seg at det var skote 133 hjortar. Til samanlikning kan nemnast at for 5 år sidan var det gitt 50 løyve. Talet på løyve og felte dyr har auka år for år. Dei milde vintrane og elles gode vilkår, har gjort at det blir meir og meir hjort. Hjorten er komen til stader der han før ikkje fanst, t.d. på øyar utanfor Florø. Dessutan ser folk oftare og oftare hjort nær heimane sine. | |||
|
|
||||
|
Nokre fakta om hjorten:
Dersom du vil vite meir om hjorten kan du sjå litt på sidene til Norsk Hjortesenter på Svanøy. Eller du kan sjå på desse sidene om hjort av Lars Joranger.
|
|
|||